Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Høringsnotat fra Fair Play Bygg Norge

Høring: Statsbudsjettet 2026 (kapitler fordelt til justiskomiteen)
Notatdato: 02.11.2025

Høyringsnotat frå Fair Play Bygg Norge

Prop. 1 S (2025-2026) Statsbudsjettet 2026

Fair Play Bygg Norge er ein organisasjon som skal motverke arbeidslivskriminalitet med særleg fokus på byggjenæringa. Organisasjonen er eit to-part samarbeid mellom partane i arbeidslivet. Organisasjonen har 8 lokale avdelingar, i Østfold, Oslo og omegn, Agder, Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland.

Fair Play Bygg-avdelingane samlar inn informasjon om arbeidslivskriminalitet frå ulike kjelder, kvalitetssikrar og føyer til info frå vår kunnskap og sender deretter informasjonen som varsel til offentlege etatar, i hovudsak politiet, Skatteetaten og Arbeidstilsynet, somme gonger også til Finanstilsynet, Toll og NAV med fleir. I 2024 sendte avdelingane av Fair Play Bygg Norge inn 1023 slike varsel.

Organisasjonens avdelingar mottek tips om saker frå ei rekkje ulike kjelder. Både offentlege og private byggherrar/oppdragsgivarar, arbeidstakarar og arbeidsgivarar, organisasjonane i arbeidslivet og ikkje minst NGOar og ideell sektor. Bland desse er ROSA, Frelsesarmeens, Kirkens Bymisjon og Caritas.  Fair Play Bygg bidrar med vår kunnskap og varsel til rett etat. Ideell sektor utfører eit viktig arbeid med lågterskeltilbod til utsette grupper og har etter kvart bygd opp fagleg og juridisk kompetanse på feltet. Fair Play Bygg Norge ser det som viktig i arbeidet med arbeidslivskriminalitet at desse ideelle organisasjonane får fortsette og utviklast.

I mange av sakene vi sender inn er det openberre lovbrot. Dette er til dels alvorlege saker som bør handsamast hos politi i straffesporet. Fair Play Bygg Norge er urolege for at politiet i for liten grad har ressursar til å etterforske desse sakene. Blant anna har politiet ikkje hatt nok kapasitet til å delta med dedikerte ressursar i alle landet a-krimsenter. Dette kan føre til ytlegare nedprioritering av politiets innsats på feltet arbeidslivskriminalitet.

Lovbrota som Fair Play Bygg avdekkjer er blant anna:

  • Lønstjuveri (straffeloven §§395-396)
  • ID krenking (straffeloven §202)
  • Dokumentfalsk, falske opplysningar til offentleg register (straffeloven §382,383)
  • Organisert kriminalitet, nettverk av aktørar som samarbeider om a-krim (straffeloven § 79c)
  • Bedrageri mot NAV, finansinstitusjonar og byggherrar (straffeloven §§ 371,372 med fleir)
  • Skattesvik (straffeloven §§ 379,380)
  • Korrupsjon (straffeloven § 387)
  • Rekneskapssvindel (straffelov §§392,393)
  • Tvang, tvangsarbeid og menneskehandel (straffeloven §§251,252,257,258)
  • Tilrettelegging for kriminalitet (blant anna straffelov § 260)
  • Farleg arbeid som utsett arbeidstakarar for alvorleg risiko (arbeidsmiljøloven §4-1)

 Lista er ikkje uttømande.

Fair Play Bygg Norge erfarer at kombinasjon av falske rekneskap, falske opplysningar til offentlege etatar og bruk av stråmenn/ID-tjuveri er ein metode som er gir stort utbytte til kriminelle.

Metoden er omtalt i ei rekkje artiklar i Dagens Næringsliv, Byggeindustrien, Finansavisen og Romerikes Blad. Metoden er effektiv når ein kriminell bakmann overtek eit føretak med historie, sett inn ein stråmann, sender inn falske opplysningar til Brønnøysund som tilsynelatande viser god og sunn økonomi og brukar dette som grunnlag for søknader om kreditt på byggjevarer og andre varer, ofte lån til bil. Fiktive lønsopplysningar blir også sendt inn, noko som dannar grunnlag for bedrageri mot NAV og finansnæringa.

Det dreier seg om milliardverdiar som blir svindla ved bruk av denne metoden. Aktørane er godt organisert i nettverk. Fair Play Bygg har gjennom deling av konkret informasjon bidratt til å redusere omfanget av kriminaliteten.

Det er avgjerande at bakmannen har tilgang på stolne ID-ar eller ID-ar som han har skaffa seg ved kjøp eller bruk av press. Fair Play Bygg Norge meiner at straffeloven §202 Identitetskrenkelse er forelda og ikkje har tatt opp denne metoden for kamuflering av kriminalitet. ID-tjuveri vil setje den fornærma i svært vanskelege situasjonar og kan føre til både straffeansvar og personleg økonomisk ruin. Ofte er det flyktningar/asylsøkjarar, sårbare personar, familiemedlemmar av bakmann eller fattige arbeidsinnvandrarar frå EØS-området som blir råka av dette. Det er viktig at denne gruppa raskt får juridisk bistand.

Fair Play Bygg erfarer at fleire av dei sakene vi arbeider med også er knytt til organisert kriminelle som er etablert i narkotikakriminalitet, menneskehandel, prostitusjon og økonomisk kriminalitet. Byggjenæringa og eigedom er attraktive bransjar for kriminelle å kvitvaske utbytte. Utbyttet blir også vaska som løn i føretak kriminelle kontrollerer.

Ei rekkje profesjonelle tilretteleggjarar med roller som rekneskapsførarar/revisor, tilsette i finansnæringa eller eigedomsomsetning yter/sel sine tenester til kriminelle. Dette er ei forhaldsvis lita gruppe som er spesialisert på ulik registerkriminalitet. Ved målretta tiltak mot denne gruppa vil kriminelle aktørar få redusert kapasitet.

Fair Play Bygg Norge ser mange saker med grov utnytting av arbeidstakarar, kombinert lønstjuveri, press, ulike formar for tvang og vald samt ID-misbruk. Desse sakene som er i grenselandet mot menneskehandel. 

Fair Play Byggs tilfang av informasjon frå kjelder som har tatt arbeid for ulike trugsmålsaktørar i arbeidslivet, viser at det ikkje er klåre grenser mellom arbeidslivskriminalitet og andre formar for kriminalitet som bedrageri, økonomisk kriminalitet eller narkotikakriminalitet. 

Anbefalingar:

  1. Kapitel 470, post 72 Regjeringa har føreslått at  «Tilskudd til spesielle rettshjelptiltak» blir redusert med 20 millionar kroner. Fair Play Bygg meiner tilskotet bør oppretthaldast for å sikre juridisk bistand til fornærma i saker med ID-tjuveri og/eller arbeidslivskriminalitet.
  2. Kapitel 904. Fair Play Bygg Norge anbefaler at Brønnøysundregistrene blir tilført nok tilskot til å sikre god registerdata samt mandat til å avvise falske opplysningar, særskild rekneskapsopplysningar. Tiltaket vil kunne hindre at registeret blir brukt som verktøy for økonomisk kriminalitet.
  3. Kapitel 440. Fair Play Bygg anbefaler at politiet blir tilført tilstrekkeleg resursar for å kunne bemanne a-krimsentera og prioriterer a-krimarbeidet, særskild lønstjuveri, ID-tjuveri og kombinert bedrageri-økokrim og arbeidslivskrim, samt tiltak mot profesjonelle tilretteleggjarar.
  4. Kapitel 4618, post 86 Inndraging av kriminelt utbytte. Styrke politiets avdelingar for bedrageri og inndraging av kriminelt utbytte. Ambisjonen må vera at bør inndra ein langt større del av den kriminelle økonomien. Inndratt utbytte bør kunne øyremerkast til kriminalitetsførebyggjande arbeid.
  5. Kapitel 440, post 70. Tiltak mot menneskehandel. Tilskotet er ikkje indeksjustert, reelt er dette ein nedgang. Tilskotet til arbeid mot menneskehandel bør bli auka. Tilskot bør gå til organisasjonar med solid kompetanse på feltet. 

Lovarbeid:

  1. Straffeloven §202. Strafferamma utvidast og paragrafen blir sett i samanheng med tvangsarbeid/menneskehandel
  2. Ny paragraf om grov utnytting i arbeidslivet for å tette «tomrommet» mellom paragrafen om lønstjuveri og menneskehandel
  3. Lønstjuveriparagrafene §§395,396. Ein bør setje i gang eit lovarbeid for å sjå på om paragrafene bør endrast for å få fleire saker for retten.
  4. Forskrift om deling av taushetsbelagte opplysninger og behandling av personopplysninger m.m. i det tverretatlige samarbeidet mot arbeidslivskriminalitet §3 : «Organene nevnt i første punktum kan på samme vilkår dele slike opplysninger med Skatteetaten, Tolletaten, politiet og medarbeidere i Nasjonalt tverretatlig analyse- og etterretningssenter.» Teksten bør endrast til «bør» eller »skal»

Formålet i §1 bør bli utvida til også å gjelde økonomisk kriminalitet, eventuelt bør ein vurdere å lage ein eigen tilsvarande forskrift om økonomisk kriminalitet.

 

For spørsmål, ta kontakt med:

Lars Mamen, kontaktperson                                   Kjetil Staalesen, styreleiar

Lars.mamen@fairplaybyggoslo.no 

40608664                                                                                 

: