Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Høring: Representantforslag om å ikke bruke metanhemmere i norsk landbruk
Innspillsdato: 04.01.2026
Kjære Stortinget!
Stem mot Boaver, og vis at det er eit snev av funksjon igjen i det me har trudd var eit demokratisk system for å ivareta folk og fe innom Noregs grenser.
Frå kongens nyttårstale for 2026 blei det presentert levende bilder frå Noreg, akkompagnert av "Ja, vi elsker ". Det var ikkje eit einaste bilde frå høyblokka som statsministeren i sin nyttårstale mala fram som eit monument og symbol for Noreg. Bileta var derimot frå utkant-Norge, med hav, fjord, fjell og vidder. Det er der Noregs eigentlege verdier ligg, og det er det de villig viser fram når de vil promotere Noreg. Men sjølv om innpakninga er vakker, kan den ikkje rettferdiggjere at det under overflata skjer eit maktspel som kaster alt det som er viktig for oss rett på bålet. Ofra for eit fellesskap med andre land som er meir opptatt av profitt enn norske verdier. Me er ikkje dummare enn at me forstår at de er kjøpt og betalt, og dermed knebla på hender og føtter gjennom avtaler med dei som set på dei verkelige store pengene. Og dei er ikkje i Noreg.
Vis oss likevel at det enno er håp for demokratiet i Noreg! At de stemmer i mot Boaver og alt anna som truer norsk folkehelse, dyrehelse og vår frihet til å velge sjølv! Vis oss at de enno har eit snev av handlefrihet til å kunne velge det åpenbare, det naturlige. Vis oss at de er til å stola på og at de ikkje ofrer landets innbyggjarar for profitt.
Me lir allereie under store kjemiske angrep, gjennom mat, luft, legemidler og kosmetikk. Bovaer er berre eit nytt tilskot på lista for dykk, men eit symbolsk smertepunkt for oss. Me vil ikkje akseptere det meir, ikkje for oss, ikkje for borna våre, ikkje for dyra og ikkje for bøndene.
Matsikkerhet handler er ikkje lengre berre om å ha mat på bordet i krigstid, det handler meir og meir om å ha sikkerhet kvar dag for at maten me har tilgjengelig faktisk er bra for oss.
Kjære Stortinget! De som snakkar om matberedskap, om enn i betydning av å ha nokre pakkar knekkebrød på boden. Vis dykk verdig ansvaret å sikre den virkelige matberedskapen for landet vårt. Ver eit foregangsland, også her, og legg til rette for at me kan produsere rein og trygg mat! Å stemme nei til Bovaer kan gjerne vera startskotet!