Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Møte i den førebuande fullmaktskomiteen

Den førebuande fullmaktskomiteen hadde sitt fyrste møte torsdag 19. september. Dette er fyrste runden i prosessen i Stortinget med å godkjenna stortingsvalet.

Den førebuande fullmaktskomiteen samla til fyrste møte 19. september.

Den førebuande fullmaktskomiteen utgår frå det avgåande stortinget og skal gjera ei mellombels prøving av fullmaktene til representantar og vararepresentantar i det nyvalde stortinget. Dei går gjennom alle rapportar om valet frå fylkesvalstyra og Riksvalstyret og skal gjera greie for alle klagar og feil frå valet som kan ha noko å seia for samansetnaden av det nye stortinget. Komiteen kan henta inn alle opplysningar som trengst for dette.

Leiar i den førebuande fullmaktskomiteen er Bendiks H. Arnesen (A).

Sjå liste over medlemer i den førebuande fullmaktskomiteen.

Endeleg fullmaktskomité

Den førebuande fullmaktskomiteen leverer ei førebels innstilling om val- og fullmaktsspørsmål til Stortingets administrasjon innan 30. september. Då sluttar komiteen å fungera. Det nyvalde stortinget trer saman 1. oktober og vel ein endeleg fullmaktskomité. Det er denne komiteen som handsamar innstillinga frå den førebuande komiteen.

Omval og underkjende fullmakter

Om det er avdekt store feil og regelbrot i valet, kan det føra til omval. Dette hende sist i Buskerud og Troms i 1981.

På 1800-talet kunne fullmaktskomiteen spela ei rolle i motsetnaden mellom Stortinget og den svenske kongemakta. I 1824 fekk den kongevenlege Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne underkjent fullmakta si. Stortinget meinte han var inhabil av di han hadde motteke eit økonomisk tilskot beinveges frå kong Karl Johan.

Les meir om «kongens protegé».

Stortinget godkjenner seg sjølv

Innstillinga frå den endelege fullmaktskomiteen skal handsamast i Stortinget 7. oktober. Såleis er det det nyvalde stortinget som endeleg godkjenner sine eigne fullmakter og valet av nytt storting, men det skjer etter eit førearbeid frå det førre stortinget.

Inntil fullmaktene er endeleg godkjende, har medlemene i Stortinget berre mellombels sete og røyst.

Sist oppdatert: 19.09.2013 12:50
: