Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Seminar om grunnlovsfesting av menneskerettar

Ein fullsett lagtingssal deltok måndag 11. mars på seminar om å grunnlovsfesta menneskerettar, med utgangspunkt i dei grunnlovsframlegga som er komne i kjølvatnet av arbeidet til menneskerettsutvalet under leiing av Inge Lønning.

Marit Nybakk i Eidsvollsgalleriet under pausen i seminaret.

– Eg har sett frå media at no skal menneskerettane inn i Grunnlova, opna stortingspresident Dag Terje Andersen med, men det er sjølvsagt ikkje slik. Menneskerettar er alt ein del av Grunnlova; det handlar ikkje om kor vidt menneskerettar skal vera med, men korleis dei skal synast og kva som skal liggja i dei lovene som veljarane får påverka og endra gjennom vanlege val og kva som skal ha eit sterkare vern gjennom dei reglane som gjeld for grunnlovsendringar.

Endå om ein kallar menneskerettar universelle og internasjonale, er det i den einskilde staten dei vert tekne vare på eller krenkte. Menneskerettane vert rekna som eit udeleleg heile der dei ulike delane er innbyrdes avhengige av kvarandre. Det kan difor synast paradoksalt om noko vert grunnlovsfesta og anna ikkje, men menneskerettane er utmeisla i så stor detalj at det ikkje heilt høver i stutthogne grunnlovsparagrafar med eit overordna preg. Sidan det i 2012 kom inn ein føremålsparagraf i § 2 som fortel at Grunnlova skal tryggja demokrati, rettsstat og menneskerettar, lyt det fylgja at menneskerettane er funne att i resten av Grunnlova, meinte Inge Lønning.

Rett til liv

Den mest grunnleggjande menneskeretten er retten til liv, hevda Lønning. Alle andre rettar får lite innhald når det ikkje fyrst er ein rett til liv. Marit Nybakk var ikkje usamd i at rett til liv er fundamentalt, men ho hadde innvendingar mot denne ordlegginga som det hadde kome reaksjonar på frå Norsk Kvinnesaksforening. Det er mogeleg å reisa spørsmål om abortlovgjevinga kjem i strid med dette grunnlovsframlegget.

Framlegg frå KrF om grunnlovsfesting av rett til liv frå unnfanging til naturleg død, gjev rom for at ein slik paragraf vel kan tolkast og takast inn i abortdebatten. Eit alternativt framlegg frå A, SV og V tek ut at mennesket har ein «iboende» rett til liv og set i staden «rett til liv fra fødselen». Dette er ikkje fullt dekkjande, medgav Nybakk, sidan ein bergar livet til tidlegfødde born, men desse tilfella treng ein ikkje plent ha inn i Grunnlova.

Fyrsteamanuensis og medlem av menneskerettsutvalet, Jan E. Helgesen, meinte at det frå utvalet si side aldri var meint å rokka ved retten til abort. Grunnlova skal ikkje leggja føringar for ein slik debatt. Sameleis kom det fram på seminaret at den europeiske menneskerettsdomstolen har slege fast at retten til liv i menneskerettane ikkje fortel noko om når livet byrjar, og at abortlovgjeving høyrer til kvar einskild stat å råda med.

Kan ein setja velferdsrettar inn i Grunnlova?

Ein annan ting det har vore usemje om, er om sosiale, økonomiske og kulturelle rettar har ein annan eller lågare status enn sivile og politiske rettar og difor ikkje treng same rettsvern, eller om menneskerettane er ei heilskapleg pakke der alt heng saman og må med.

Utvalsmedlem Carl I. Hagen ville halda på at nokre ting er meir sentrale enn andre. Tilhøvet mellom styrande og styrde, folks rettar i møte med staten i form av mellom anna ytringsfridom, organisasjonsfridom og forsamlingsfridom, er det som høyrer med i ei grunnlov.

Paragrafar som gjev staten plikt til å halda innbyggjarane med arbeid og velferdsgodar, tek på ein måte frå folk det personlege ansvaret for eige liv. Dessutan er grunnlovsfesting av sosiale rettar å kasta blår i augo på folk, av di det er intensjonar frå staten si side og ikkje ein paragraf som folket kan gå til domstolen med og til dømes krevja å få ein jobb. Hagen viste til kriseråka land i Europa der arbeidsløysa er høg og meinte slike paragrafar er nyttelause i ei slik stode.

Professor Eivind Smith sa òg at det som skal grunnlovsfestast må kunna handhevjast og at grunnlovsparagrafar skal vera alvorleg meint og ikkje berre honnørord til pynt.

Interesserte seminardeltakarar i lagtingssalen.

Interesserte seminardeltakarar i lagtingssalen.

Leiar for Nasjonal institusjon for menneskerettigheter, Kristin Høgdahl, meinte derimot at økonomiske, sosiale og kulturelle rettar må vera med for at det skal vera ein heilskapleg revisjon. Den internasjonale synsmåten er at menneskerettane er udelelege og gjensidig avhengige av kvarandre, slike rettar har dessutan eit rom i grunnlovstradisjonen vår der rett til utkome av eige arbeid og samiske urfolksrettar alt er med, og velferd er ein del av det verdigrunnlaget som bør reflekterast for å synleggjera kva slag samfunn det er me har.

Per-Kristian Foss tala òg for at det er velferdsrettar som i tråd med samfunnsutviklinga er vortne grunnleggjande utover dei som er nemnde i gjeldande grunnlov. I eit moderne velferdssamfunn må ein kunna forplikta seg på at folk skal ha ein tilfredsstillande levestandard.

Rettsleggjering

Den siste maktutgreiinga sette eit søkjeljos på at lovfesting av rettar fjernar saksfelt frå det politiske ordskiftet og tek frå demokratiet rådveldet til å prioritera. Grunnlovsfesting av menneskerettar er òg ei form for rettsleggjering og somme peikar på farar for at ein bind opp saksfelt som det er eit aktivt politisk ordskifte og strid om, som i særlege spørsmål som rett til abort og løyving av midlar til velferdsgodar eller som generell tendens.

Inge Lønning sa til dette at når Stortinget set noko inn i Grunnlova, er det nettopp eit demokratisk uttrykk for at ein med vilje bind opp lovgjevar. Per-Kristian Foss sa seg samd med Thorbjørn Jagland i at det trengst motmakt mot eit andletslaust byråkrati og statsapparat og at Stortinget kan gjeva rettsstellet denne rolla ved å slå fast folks rettar.

Til avslutning la Dag Terje Andersen vekt på at det må vera eit medvit om kva slag grunnlov me vil ha. Grunnlovsfesting av rettar dreier seg om å flytta makt frå politiske organ til rettsorgan; vil me gjera det, må me vera medvitne om at det er nettopp det me gjer.

Grunnlovsframlegga vert handsama i Stortinget etter komande val.

Sist oppdatert: 12.03.2013 16:00
: