Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortingets Brussel-kontor på plass i Europaparlamentet

Måndag denne veka tok Per S. Nestande i bruk Stortingets nye kontor i Europaparlamentet.

Per S. Nestande, Stortingets mann i Europaparlamentet.

Nestande har fått kontor i same etasje som utsendingane frå dei nasjonale parlamenta i EU-landa. 26 av 27 EU-land har ein eller fleire medarbeidarar frå sine nasjonalforsamlingar i Brussel. Kroatia som blir medlem av EU 1. juli i år, flytta inn same dag som Stortinget.

– Eg har blitt tatt godt imot både av administrasjonen i Europaparlamentet og utsendingane frå parlamenta i EU-landa. Informasjonsinnhenting og kontakt blir lettare når eg nå er i kontorfellesskap med kollegaer frå EU-landa, seier Nestande.

Europaparlamentet har sagt dei vil behandle Stortingets medarbeidar likt som EU-landa sine utsendingar. Han vil bli invitert på dei same møta og har mellom anna tilgang til Europaparlamentets intranett.

– Sjølv om Europaparlamentet på mange måtar er ein svært open institusjon, vil det nå vere lettare å følgje med på aktivitet og saker. Eg håpar det betyr at fleire på Stortinget kontaktar meg for å få informasjon, seier Nestande.

Det var under møtet mellom stortingspresident Dag Terje Andersen og president i Europaparlament, Martin Schulz, i desember i fjor at Schulz kom med tilbodet om eit kontor for Stortinget i Europaparlamentet. Han sa da at samarbeidet mellom Stortinget og Europaparlamentet er godt, men at han håpa kontoret ville bidra til å styrke samarbeidet ytterlegare.

Sist oppdatert: 19.02.2013 12:12
: