Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Per-Kristian Foss vart vald til leiar av Riksrevisjonen og Roald Linaker vart vald til Stortingets ombodsmann for Forsvaret i møte i Stortinget 3. desember.

Tidlegare stortingsrepresentant Per-Kristian Foss er vald til ny leiar for Riksrevisjonen.
Delar av kontrollverksemda i Stortinget er overlaten til eksterne organ som er underlagde Stortinget og som rapporterer til Stortinget. Riksrevisjonen held oppsyn med pengebruken i staten og at statens midlar vert forvalta i tråd med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget. Stortingets ombodsmann for Forsvaret skal syta for at ingen vert urett handsama medan dei tenestegjer i Forsvaret.
I tillegg til desse har Stortinget òg kontrollorgana Sivilombodsmannen og EOS-utvalet.
Les meir om Stortingets eksterne kontrollorgan.
Stortinget vel fem riksrevisorar for fire år om gongen med verknad frå 1. januar etter eit stortingsval. Stortinget vel leiar og nestleiar for kollegiet. Leiaren av kollegiet er den daglege leiaren for Riksrevisjonen. Riksrevisor Jørgen Kosmo vert 1. januar 2014 avløyst av tidlegare stortingsrepresentant og statsråd frå Høgre, Per-Kristian Foss.
Til det neste riksrevisorkollegiet er desse valde: Per-Kristian Foss (leiar), Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (nestleiar), Beate Heieren Hundhammer, Gunn Karin Gjul og Arve Lønnum.
Stortinget har òg valt personlege varamedlemer til riksrevisorane.
Stortinget vel sju medlemer til Ombodsmannsnemnda for Forsvaret for fire år og har valt Roald Linaker til å ta over etter ombodsmann Kjell Arne Bratli frå 1. januar 2014.
Ombodsmannsnemnda for Forsvaret har fram til no òg vore ombodsmannsnemnd for sivile vernepliktige. Sidan ordninga med sivilteneste som alternativ til militær verneplikt vart avvikla i 2012, vart instruksen for ombodsmannsnemnda for sivile vernepliktige oppheva 3. desember 2013 og dette kontrollorganet er såleis òg avvikla.