Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Leiar for Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE), Ingjerd Schou. Foto: Stortinget.

Europarådsmøte i Sofia

Vern om Europas grunnleggande verdiar var på agendaen da Ingjerd Schou, leiar for Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE), deltok på møte i PACEs faste komité fredag 27. november.

Møtet fann stad i Sofia i samband med at Bulgaria nyleg har overtatt formannskapet i Europarådets ministerkomité. Bulgaria blei medlem av Europarådet i 1992 og har nå overtatt formannskapet for andre gang.

– Bulgaria overtar formannskapet i ein svært krevjande periode der terrortrussel, flyktningkrise og den vanskelige situasjonen i Aust-Ukraina - utfordrar europeisk samhald og verdigrunnlag, seier Ingjerd Schou.

Fleire av deltakarane i møtet la vekt på at nye tiltak for å handtere den krevjande situasjonen i dagens Europa ikkje måtte gå på akkord med grunnleggande verdiar. I kampen mot terror og i innsatsen for å handtere flyktningkrisa er det avgjerande å halde fast på menneskerettar, demokrati og rettsstatsprinsipp - blei det slått fast.

Schou tok ordet under orienteringa om det siste parlamentsvalet i Aserbajdsjan. PACE var ein av svært få internasjonale organisasjonar som observerte valet. Schou stilte spørsmål til rapportøren om kvifor ikkje  mangelen på ytringsfridom, forsamlingsfridom og lik tilgang til media var nemnd og tillagt større vekt i den første omtalen av valet som kom like etter sjølve valdagen.

PACE har følgt med på utviklinga i Aserbajdsjan sidan landet blei medlem 2001, særleg i forhold til demokrati og menneskerettar.

Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Europarådet vart oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har til hovudføremål å arbeide for å styrkje menneskerettane, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for nasjonalforsamlingane i medlemslanda, totalt 318 medlemmer. Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spelar ei viktig rolle i Europarådet. Ho vedtek resolusjonar og tilrådingar til parlamenta og regjeringane i medlemslanda på ei rekkje område og overvaker at dei nye medlemslanda oppfyller og respekterer forpliktingane sine som medlemmer.

Sist oppdatert: 30.11.2015 12:28
: