Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stein Erik Lauvås deltok på Europaparlamentets møte om situasjonen til kvinnelige migrantar i Brussel. Foto: Stortinget.

Kvinnelige flyktningar og asylsøkarar

Det er absolutt naudsynt å drøfte dagens flyktningkrise i eit kjønnsperspektiv. Det sa parlamentspresident Martin Schulz da han opna eit møte i Europaparlamentets likestillingskomité 3. mars.

Stortinget var representert med Stein Erik Lauvås (A) frå kommunal- og forvaltningskomiteen.

Flyktningkrisa handlar om enkeltmenneske. Ein aukande del av flyktningane er kvinner og barn som vi veit er ekstra sårbare. Dette må vi ta på alvor. Denne gruppa har også spesielle behov i samband med integrering. Dagens situasjon er alvorleg. Dersom vi skal kunne handtere situasjonen må vi byggje vidare på EUs grunnprinsipp der alle følgjer opp bindande vedtak, sa Schulz i møtet.

Tidlegare president i Irland, Mary Robinson, var også opptatt av at kvinner og barn er ekstra sårbare i si innleiing. Alle flyktningar har grunnleggjande menneskerettar – også økonomiske flykningar sa ho. Den marokkansk-italienske menneskerettsaktivisten Nawal Soufi sa dagens situasjon er audmjukande. Vi må opne lovlege ruter og ikkje overlate flyktningane til mafia og menneskesmuglarar.

I tre delsesjonar drøfta deltakarane vald, helseproblem og integrasjon. Språk og fordommar er blant utfordringane i arbeidet med å sikre integrering vart det framheva.

– Det er stor semje om kva som er dei sentrale faktorane for å løyse dei store utfordingane knytt til dagens migrasjonskrise og integrasjon. Det paradoksale er at det likevel er så vanskeleg å komme derfrå til faktisk politisk og praktisk handling seier Lauvås.

I møtet som vart arrangert i samband med kvinnedagen 8. mars, deltok parlamentarikarar frå nasjonale parlament i 19 EU-land, 4 kandidatland og Noreg.

Program og bakgrunnsinformasjon om møtet er tilgjengeleg her.

Sist oppdatert: 03.03.2016 16:39
: