Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Nestleiarane i utanriks- og forsvarskomiteen, Øyvind Halleraker (H) og Christian Tybring-Gjedde (FrP)

NATO og Midtausten i Brussel

Nestleiarane i utanriks- og forsvarskomiteen Øyvind Halleraker (H) og Christian Tybring-Gjedde (FrP) deltok 23. februar på eit møte mellom Europaparlamentets utanrikskomité og representantar frå utanrikskomiteane i nasjonale parlament i EU-landa. 

Tema for møtet var vegen mot NATO-toppmøtet i Warszawa og konfliktane i Midtausten og Nord-Afrika. På møtet deltok EUs høgrepresentant for utanrikssaker Federicia Mogherini, generalsekretær i NATO Jens Stoltenberg, president i det libanesiske parlamentet Nabih Berri og FNs spesialutsending for Libya Martin Kobler.

Både Mogherini og Stoltenberg la stor vekt på det tette samarbeidet mellom NATO og EU og sa at dette samarbeidet ville bli ytterlegare styrka ikkje minst pga. flyktningkrisa. Mogherini la vekta på at EU har bidrege aktivt til konkrete resultat internasjonalt ikkje minst i samband med atomavtalen med Iran. Samstundes sa ho at konflikten i Syria og den pågåande flyktningkrisa er svært krevjande, men at EU spelar ei viktig rolle ikkje minst gjennom sine humanitære innsats.

Stoltenberg brukte mykje tid på tilhøvet mellom NATO og EU. 90 prosent av EU-borgarane bur i NATO-land, sa han. NATO og EU har eit godt samarbeid. Dette er svært viktig når den internasjonale tryggingssituasjonen er meir ustabil enn på lengje. Han trakk fram norske røynsler frå tilhøvet til Russland og tok til orde for fortsatt dialog mellom NATO og Russland. Dialog er eit uttrykk for at vi er trygge på eiga rolle, sa han.

– Dei mange spørsmåla som Stoltenberg fekk i debatten, viser at det er stor interesse for utviklinga i NATO og tilhøvet mellom NATO og EU. Eg spurte Stoltenberg om NATOs engasjement i nordområda. Han la vekt på at Noreg her har ei nøkkelrolle i NATO, seier Halleraker.

Både FNs spesialutsending og den libanesiske parlamentspresidenten framheva at det er enorme utfordringar i både Midtausten og Nord-Afrika, og at det er uvisse om utviklinga. Berri gjorde greie for utfordringane i Libanon som følgje av det store talet på flyktningar landet har motteke frå Syria.

– Eg og mange andre ga Berri honnør for måten Libanon har handtert situasjonen på. Samstundes spurte eg kva som ville skje med flyktningane når krigen er over. Han sa dei ikkje kunne bli i Libanon, seier Tybring-Gjedde.

Sjå dagsorden for møtet og strømming av møtet her og her.

Sist oppdatert: 24.02.2016 16:37
: