Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Barneombod Anne Lindboe og stortingspresident Olemic Thommessen. Foto: Stortinget.

Seminar om dei Castbergske barnelovene

Borns rettar før og no var emnet for eit seminar i lagtingssalen då Stortinget feira at det er 100 år sidan Johan Castberg fekk gjennomslag for dei såkalla Castbergske barnelovene.

Stortingspresident Olemic Thommessen opna seminaret 24. november med å minna på at det var der i lagtingssalen at lovene som har vorte kalla dei Castbergske barnelovene vart vedtekne i 1915. Dette var ei stor sosialpolitisk reform som gav born fødde utanfor ekteskap arverett og rett til fars namn. Johan Castberg hadde kome med gjentekne framlegg om dette opp gjennom åra, og vann endeleg fram 10. april 1915.

Tyder dette at jobben er gjort éin gong for alle? Svaret er nei, meinte Olemic Thommessen. Spørsmål om einslege mindreårige asylsøkjarar, mobbing, omsorgssvikt og barnefattigdom syner at det beste for borna framleis kan takast betre vare på.

UNESCOs dokumentarvliste

Presidentskapet ville halda seminar om desse spørsmåla i ljos av historia frå Castberg si tid. Samstundes var dette eit høve til å visa fram nokre av dokumenta frå ordskifta om barnelovene som er samla i stortingsarkivet. Denne samlinga med mellom anna framlegga frå Castberg og ei rad innkomne protestar, underskriftslister, resolusjonar og anna er nominert til UNESCOs liste over dokumentarv.

Dei Castbergske barnelovene

Professor emerita Gro Hagemann fortalde at vedtaka i 1915 gjorde Noreg til eit føregangsland i barneretten. Born med foreldre som ikkje var gifte fekk same rettsstilling overfor far som mor. Far fekk same pliktene til økonomisk underhald for barnet i heile oppveksten, og kommunen skulle yta stønad til mødrer som vart ståande utan far. Barnet fekk òg rettar utover økonomisk støtte frå far – det fekk rett på fars namn og arv. For Johan Castberg var det viktig å ta vare på alle born, for det er dei som skal veksa opp og bringa samfunnet vidare.

Castberg var ein stor strateg i det politiske systemet. Han hadde arbeidd jamt i 27 år, frå landsarbeidarmøte i 1888, i eige parti Arbeidardemokratane, og i storting og regjering. Han var statsråd når proposisjonen skulle sendast og sat som leiar av stortingskomiteen når innstillinga skulle skrivast.

Hagemann peika på at det var dei juridiske sjølvstendige rettane til barnet som var særskilt for Noreg; understøtte til uektefødde born kom i andre land òg på same tida.

Borns beste i dag

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne. Foto: Stortinget.

Barneminister Solveig Horne (FrP) slo fast at dei Castbergske barnelovene verkeleg er noko me både bør feira og sjå i samanheng med det me jobbar med i dag. Medan det for 100 år sidan var rekna som stor skam å få barn utan å vera gift, er det i dag stor aksept for at born veks opp i mange ulike typar familiar. Jamt fleire fedrar utøver òg foreldreskap på lik line med mor, og regjeringa arbeider med eit framlegg om likestilt foreldreskap. Båe foreldra skal i utgangspunktet ha foreldreansvar, også ved samlivsbrot. Det beste for barnet skal vektleggjast, men me må sannkjenna at båe foreldre er likeverdige omsorgspersonar.

Barneombod Anne Lindboe som var ordstyrar for seminaret, ottast at framlegget til endringar i barnelova kunne ha eit for sterkt vaksenperspektiv, og at det flytter merksemda over frå borns beste til likestilling mellom foreldra. Til dette svara leiaren i barne- og familiekomiteen på Stortinget, Svein Harberg (H), at det ikkje var intensjonen å koma bort frå borns beste, men la vekt på at det òg er bra for barnet å ha eit godt forhold til båe foreldra. Trine Skei Grande (V) heldt fram at lovsystemet i dag kan kåra éin tapar og éin vinnar ved samlivsbrot, og trudde ikkje plent det er det beste for barnet heller støtt.

Trine Skei Grande og Svein Harberg. Foto: Stortinget.

Som leiar for det partiet som stod Arbeidardemokratane og Johan Castberg nærast, og som tok han inn i regjering, kjende Trine Skei Grande det som sin jobb å føra arven etter Johan Castberg vidare. Han snakka ikkje berre om born som eigne rettssubjekt, men tok frå born skuld for det foreldra hadde gjort. Skei Grande drog lina frå dette til asylborna i dag. Dei kan verta sende ut av landet når foreldra gjer strafflagde handlingar. Venstre er i eit mindretal på Stortinget som meiner at born heller skal vurderast sjølvstendig.

Styreleiar i paraplyorganisasjonen for norske barne- og ungdomsorganisasjonar LNU, Stian Seland, drog fram at pliktene våre etter Barnekonvensjonen er at born skal verta høyrde. «Participate» er ordet som er brukt i den originale teksten. Han minte på at det har vore gjennomført to forsøk med røysterett for 16-åringar, og meinte at å innføra dette ville vera ein god måte å sikra at born og unge får delta og verta høyrde. Såleis viser me at politikk ikkje utelukkande er noko for vaksne, det vedkjem òg dei unge.

Sist oppdatert: 25.11.2015 14:35
: