Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Svein Roald Hansen på COSAC-møte i Haag. Foto: Stortinget.

– Velfungerande rettsstatar grunnleggjande for europeisk samarbeid

Medlem i utanriks- og forsvarskomiteen, Svein Roald Hansen (A), deltok denne veka på møte for medlemmer av europakomiteane i nasjonale parlament i Europa i Haag.

På dagsordenen for det såkalla COSAC-møtet sto mellom anna migrasjon, rolla til nasjonale parlament i arbeidet med europeisk lovgjeving og korleis dei kan bidra til å fremje rettsstatsprinsipp i Europa og resten av verda.

I tillegg til migrasjonssituasjonen kommenterte den nederlandske statsministeren Mark Rutte i si tale til møtet også tilhøvet til Russland og den økonomiske situasjonen i EU. Han la vekt på at det er viktig å vidareføre sanksjonane mot Russland, men sa at Ukraina også må ta ansvar for å gjennomføre nødvendige reformer.

– COSAC er ein viktig møteplass der eg møter kollegaer frå andre europeiske land. Det gjev eit godt innblikk i stemninga i dei ulike EU-landa for dei aktuelle sakene i Europa nå, seier Svein Roald Hansen.

Møtet viste respekt for ofra frå skytinga i Orlando med eit minutt stillheit. Visepresident i Europakommisjonen Frans Timmermans sa hendingane i Orlando er det siste av mange døme på at det er ein global trussel mot våre felles verdiar og livsform. Dette understrekar behovet for enda sterkare samarbeid mellom EU-landa og mellom EUs institusjonar i kampen mot terror og for liberale samfunnsverdiar.

Ein sesjon på konferansen drøfta migrasjonssituasjonen med søkelys på status for gjennomføringa av avtalen mellom EU og Tyrkia. Avtalen har ført til at færre flyktningar kjem til Hellas og at færre druknar i Egeerhavet. Det vart likevel vist til at behandlinga av asylsøknadar i Hellas tek for langt tid, og det er behov for meir innsyn i kva som skjer med dei som blir returnert til Tyrkia.

Mange viste til at menneskesmuglarane i Middelhavet må stoppast, og at nabolanda til Syria må få fleire ressursar til å hjelpe flyktningane der dei er. Mange tok også til orde for solidaritet med Hellas og Italia og for sikre at straumen av flyktningar frå Libya blir redusert. Samtidig må Europa må ta inn over seg at dagens situasjon kan komme til å vare lengje.

– Det er ulike oppfatningar av korleis Europa skal møte migrasjonsutfordringa. Dei fleste er samde om at europeisk samarbeid er nødvendig, men det er stor motstand for eit system for å fordele flyktningane mellom landa. Vi er heilt avhengige av samarbeid med Tyrkia, men vi må samstundes vere tydelege på at landet må respektere menneskerettar, demokrati og rettsstatsprinsipp, seier Hansen.

Konferansen drøfta også korleis nasjonale parlament kan bidra til å styrke rettsstatsprinsipp og menneskerettar i Europa og globalt. Pieter van Dijk, som tidlegare var med i Venezia-kommisjonen, sa nasjonale parlament jamleg bør drøfte situasjonen ikkje berre i andre land, men også i eige land.

Sophia in ’t Veld, som er medlem av Europaparlamentet, sa velfungerande rettsstatar er grunnleggjande for at EU skal fungere. Uavhengig av om det er basert på realitetar eller ikkje, skaper misstru til rettssystema i andre medlemsland alt i dag reelle problem for EU-samarbeidet, sa ho. Dette har effekt for både kampen mot terror, handtering av migrasjonskrisa og for korleis den indre marknaden fungerer.

COSAC samlar medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i EU-landa med deltaking også frå Europaparlamentet og land som er kandidatar for EU-medlemskap. På møtet var Noreg saman med Andorra, Georgia, Island og Sveits inviterte som observatørar. Slovakia tek over EU-formannskapet 1. juli og er dermed vertskap for det neste COSAC-møtet som finn stad i Bratislava i juli.

Sist oppdatert: 14.06.2016 14:12
: