Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Handel, migrasjon og energi på agendaen i Bratislava

Medlem av utanriks- og forsvarskomiteen, Svein Roald Hansen (A), deltok denne veka på møte for medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i Europa i Bratislava. På det såkalla COSAC-møtet vart mellom anna rolla til nasjonale parlament, handelspoltikk, migrasjon og EUs energiunion drøfta.

Svein Roald Hansen deltok denne veka på møte for medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i Europa. Foto. Stortinget.

Svein Roald Hansen deltok denne veka på møte for medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i Europa. Foto. Stortinget.

Eit sentralt tema var handelspolitikk. Medan handelspolitikk tidlegare handla om reduserte tollsatsar, er det nå meste merksemd om å sikre at eksisterande standardar kan vidareførast. Debatten om handelsavtaler er også meir verdibasert enn tidlegare og det gjev ei auka rolle for nasjonale parlament. Før maktskiftet i USA er overstått, vil vi ikkje vite kva handelspolitikk Trump-administrasjonen vil føre sa EUs forhandlingsleiar for TTIP, Hiddo Houben.

– I mitt innlegg understreka eg at ei eventuell TTIP-avtale også vil ha konsekvensar for Noreg. Eg oppmoda derfor om at ein avtale ikkje må utformast på ein måte skaper nye hindringar i den indre marknaden vi er del av. Samstundes viste eg til at EØS-EFTA-landa også må ha ei rolle saman med EU-landa i dei kommande brexit-forhandlingane, seier Hansen.

Lett å gje Brussel skulda

Visepresident i Europakommisjonen, Frans Timmermans, var ein av hovudinnleiarane. Det er for lett å gje Brussel skulda for det vi er missnøgde med, men vi må alle ta ansvar for å bidra til å få gode felles europeiske løysingar der det er behov for det sa han. Vi er alle del av ein minoritet. Respekt for rettane til minoritetane og for demokrati, ytryingsfridom og rettsstatsprinsipp er grunnleggjande for samarbeidet i EU sa han. Han forsvarte samstundes at Kommisjonen ikkje har trekt framlegget til endring av utstasjoneringsdirektivet. Lik lønn for like arbeid på same stad er eit viktig prinsipp understreka han.

Mange understreka at rolla til nasjonale parlament må styrkast, men det var ulike syn på korleis dette kan skje i praksis. Den finske riksdagen sa det er opp til nasjonale parlamentet å ta styring med prosessar. Den kontinuerlege dialogen mellom parlament og regjering sikrar at den finske regjeringa har eit klart mandat når dei skal forhandle i Brussel.

Nyttig overblikk

– COSAC gir eit nyttig overblikk over den politiske debatten i Europa. Samstundes er det behov for meir konkrete framlegg til politiske løysingar på ein del av utfrodringane vi alle er samde om må taklast, seier Hansen.

COSAC samlar medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i EU-landa med deltaking også frå Europaparlamentet og land som er kandidatar for EU-medlemskap. På møtet deltok Noreg saman Andorra, Georgia, Monaco og Sveits som observatørar. Neste COSAC-møte er i januar på Malta.

Sist oppdatert: 15.11.2016 12:03
: