Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Korrupsjonsanklager og Europarådets Parlamentarikarforsamling (PACE)

Les brevet frå dei nordiske og baltiske delegasjonane til Europarådets Parlamentarikarforsamling (PACE) om klager om korrupsjon.

Frå venstre: Tobias Bilström (Sverige), Ingjerd Schou (Norge), Algirdas Butkevicus (Litauen), Marianne Mikko (Estland), Michael Aastrup Jensen (Danmarrk) og Andris Bērziņš (Latvia). Foto: Stortinget.

Frå venstre: Tobias Bilström (Sverige), Ingjerd Schou (Norge), Algirdas Butkevicus (Litauen), Marianne Mikko (Estland), Michael Aastrup Jensen (Danmark) og Andris Bērziņš (Latvia). Foto: Stortinget.

Det har den seinare tida vore sett fram opp til fleire klager om korrupsjon blant medlemmer og tidlegare medlemmer av Europarådets Parlamentarikarforsamling (PACE). Dette har fått nordiske og baltiske delegasjonar til å gå saman om eit brev til forsamlingas øvste organ Byrået.

I brevet tar dei til orde for at Byrået snarast må sette i verk ei uavhengig gransking av klagene om korrupsjon. Dei presiserer at ei gransking må skje i full openheit. Dei ønskjer også ein gjennomgang av organisasjonens etiske retningslinjer og medlemmenes etterleving av desse.

Delegasjonane legg vekt på at som del av Europarådet, den fremste menneskerettsorganisasjonen i Europa, kan det ikkje være tvil om parlamentarikarforsamlingas integritet og nulltoleranse for korrupsjon. Parlamentarikarforsamlingas både styrke og grunnlag ligg i medlemmenes integritet og moral.

Delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H) signerte brevet på vegne av den norske delegasjonen.

Les brevet.

Stortingets delegasjon til Europarådets Parlamentarikarforsamling (PACE).

Sist oppdatert: 26.01.2017 12:36
: