Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Mistanke om korrupsjonsliknande aktivitet i PACE

Ein rapport publisert 22. april slår fast at Europarådets parlamentarikarforsamling har organisatoriske svakheiter som gjer organisasjonen sårbar for korrupsjon, og konkluderer med at det er grunn til sterk mistanke om at korrupsjonsliknande aktivitet har funnet stad.

Den uavhengige granskingskommisjonens rapport.

Rapporten understreker også alvorleg mangel openheit (transparens). Dette gjeld særleg forhold rundt prosessar som knyttar seg til utnemning av rapportørar og andre tillitsverv i organisasjonen. Den understreker vidare behovet for fortsatt utbetring av organisasjonens etiske retningslinjer, og ikkje minst medlemmenes respekt for desse.

Aserbajdsjan

Utgangspunktet for at rapporten kom i stand, var anklagar om korrupsjon knytta til valobservasjon og rapportering på menneskerettar og demokrati i Aserbajdsjan.

Kommisjonen har ikkje hatt høve til å rettsleg etterforske dei tilfella av korrupsjonsliknande aktivitet som er nemnt i rapporten, men oppmodar nasjonale styresmakter til å forfølgje dei tilfella som nemnes i rapporten på korrekt vis.

I tillegg er alle nasjonale parlamentspresidentar i Europarådets medlemsland bedt om å grundig gå gjennom rapporten for å vurdere behov for oppfølging nasjonalt, også utover det reint rettslege aspektet. Alle Europarådets parlamentspresidentar får ein kopi av rapporten.

– Svært alvorleg

– Det som framgår av rapporten er svært alvorleg, og det er viktig at vi no ikkje tenker at arbeidet er over. Tvert i mot, det er nå det viktige arbeidet startar, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou.

Rapporten blei diskutert på sesjonens første dag, mandag 23. april. I likheit med Schou, la også fleire andre som deltok i debatten vekt på at reglar for nominasjon og utnemning til verv og posisjonar måtte gjennomgåas både nasjonalt og i parlamentarikarforsamlinga.

Det omfattande granskingsarbeidet har gått føre seg over ein periode på nær ti månader. Kommisjonen har bestått av Sir Nicolas Bratza (tidlegare president i menneskerettsdomstolen i Strasbourg, frå Storbritannia), Jean-Louis Bruguière (tidlegare dommar med erfaring frå anti-terrorsaker, frå Frankrike) og Elisabeth Fura (tidlegare dommar i menneskerettsdomstolen i Strasbourg, frå Sverige).

Den norske delegasjonen har, saman med sine nordiske og baltiske kollegaer, vært ein sterk pådrivar for at påstandane måtte granskas og at granskingsarbeidet måtte være forankra i eit sterkt mandat med uavhengigheit frå forsamlinga som eit grunnleggande prinsipp. Fleire medlemmer av Stortingets delegasjon til PACE har også bidrege til rapporten gjennom samtalar med den eksterne granskingskommisjonen.

Sist oppdatert: 24.04.2018 12:30
: