Svein Roald Hansen. Foto: Stortinget.

Svein Roald Hansen. Foto: Stortinget.

Sosiale rettar og Vest-Balkan i Sofia

Leiar i Stortingets EFTA- og EØS-delegasjon, Svein Roald Hansen (A), deltok i veke 25 på eit møte i Sofia for medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i Europa. 

Debatten på det såkalla COSAC-møtet omfatta mellom anna resultata under det bulgarske EU-formannskapet, situasjonen på Vest-Balkan og korleis den sosiale dimensjonen til EU kan styrkast.

Både president i det bulgarske parlamentet, den bulgarske presidenten og den bulgarske statsministeren deltok på møtet. Presidenten la mellom anna vekt på at det var oppnådd viktige resultat det siste halvåret knytt til sikkerheits- og forsvarssamarbeidet i EU.

Sikre legitimitet for EU-samarbeidet

Visepresident i Europaparlamentet, Mairead McGuinnes, la vekt på at nasjonale parlament og Europaparlamentet har ei sentral rolle i å sikre legitimitet for EU-samarbeidet. Jamvel om migrasjon ikkje sto på dagsordenen, var det mange som var opptatt av dette i sine innlegg.

Europakommisjonen har teke fleire initiativ til å styrke den sosiale dimensjonen av EU-samarbeidet gjennom etablering av ei såkalla sosial søyle.

– Det er positivt at EU nå ynskjer å styrke den sosiale dimensjonen mellom anna gjennom betre handheving av eksisterande reglar. Samstundes må dette skje med respekt for nasjonale arbeidslivsmodellar, sa Hansen i eit innlegg under møtet.

Makedonia

For Bulgaria har det vore viktig å styrke samarbeidet med landa på Vest-Balkan. Mellom anna var landet vertsskap for eit Balkan-toppmøte i mai. Fleire trakk fram at det er positivt at Hellas og Makedonia nå har signert ein avtale som kan løyse namnestriden for Makedonia. Dette kan opne vegen for makedonsk EU-medlemskap.

– Stabilitet og demokratisk utviklinga på Vest-Balkan er viktig for heile Europa. Derfor har Noreg lengje støtta Noreg reformarbeidet i regionen både bilateralt og gjennom EØS-midla, sa Hansen i debatten, og viste til at Noreg i har dobla den bilaterale støtta i år.

COSAC samlar medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i dei 28 EU-landa, med deltaking også frå Europaparlamentet og to land som er kandidatar for EU-medlemskap. På møtet deltok Noreg saman sju andre land som observatør. Neste COSAC-møte er i juli i Wien.

Stortingets EFTA- og EØS-delegasjon


Sist oppdatert: 19.06.2018 12:32