Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Forbundskanslar Angela Merkel talte til Europarådets parlamentarikarforsamling. Foto: Europarådet

Angela Merkel talte til Europarådets parlamentarikarforsamling

Regelstyrt internasjonalt samarbeid er grunnlaget for fredelege relasjonar mellom statar, sa forbundskanslar Merkel i sin tale til forsamlinga.

Dette gjeld for god handtering av både Covid-19 pandemien, og dei andre store utfordringane i verda i dag sa ho. Merkel understreka samstundes at Europarådet utgjer eit viktig bidrag til stabilitet i Europa, gjennom sin innsats for forpliktande samarbeid mellom statar basert på grunnleggande menneskerettar og demokratiske verdiar.

Stortinget deltok digitalt

Dette var andre gangen PACE gjennomførte sin sesjon i hybrid format, og Stortinget deltok også denne gangen digitalt med 7 delegatar.

Aktuelle debattar

Sjølv om Merkel, saman med presidenten for EU parlamentet David Sassoli sin tale , var to av høgdepunkta under sesjonen, var det fleire andre sentrale og dagsaktuelle debattar på sesjonens agenda.

Det blei blant anna gjennomført såkalla hastedebattar om den kritiske situasjonen til Aleksei Navalny, og demokratiets stilling i Tyrkia. I tillegg var det også debatt om Nagorno Karabakh og armenske krigsfangar etter at konflikten i Nagorno Karabakh blussa opp igjen i fjor haust. Vaksinepass og vaksinasjonskort i forbindelse med pandemien blei også satt på agendaen som aktuell debatt. Det gjorde også  den demokratiske utviklinga i Kviterussland etter valet i august 2020.

I tillegg til den formelle agendaen var det mange talarar som nytta høve til å kommentere Istanbulkonvensjonens status i medlemslanda, og det faktum at Tyrkia tidelegare i år valde å tre ut av konvensjonen. Representanten for det tyske formannskapet i Ministerkomiteen, Europaminister Michael Roth, var særleg tydeleg og appellerte til parlamentarikarane om å aktivt fremme konvensjonen i sine respektive heimland, og jobbe for at den blir styrka og ikkje svekka.

Eit anna tema som blei tatt opp av mange deltakarar var medlemsstatanes gjennomføring av dommar avgitt av den Europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). Talla viser at det er fleire og fleire medlemsland som i større grad vel å ikkje gjennomføre dommar avgitt av EMD.

Ingjerd Schou (H) deltok digitalt fra sitt kontor. Foto: Stortinget.

Ingjerd Schou (H) deltok digitalt fra sitt kontor. Foto: Stortinget.

Ingjerd Schou (H) og Jette Christensen (A) deltok begge i debatten om Aleksei Navalny. Medan Schou la vekt på den prekære situasjonen for Navalny og forholda han er fengsla under framheva Christensen at debatten var breiare enn bare Navalny si sak. Det var og ein debatt om fengsling av opposisjonspolitikarar generelt, ytringsfridom og rettsstatsprinsipp. Schou understreka at Navalny måtte bli sett fri og at grunnleggande menneskerettar som ytringsfridom og forsamlingsfrido måtte bli respektert også av Russland.

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling deltok med følgjande medlemmar: delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H), nestleiar Lise Christoffersen (A), Morten Wold (FrP), Espen Barth Eide (A), Emilie Enger Mehl (Sp), Jette Christoffersen (A), Kårstein Eidem Løvås (H).

Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Europarådet blei oppretta i 1949 og har i dag 47 medlemsland. Europarådet har til formål å arbeide for styrking av menneskerettane, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmer (og 324 varamedlemmer). Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spelar ei vesentleg rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ein rekke område, og overvaker i kva grad medlemslanda overheld sine forpliktingar som medlem.

Sist oppdatert: 26.04.2021 13:36
: