Cosac samla leiarar og medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i dei 27 EU-land. Foto: Czech Senate.

Cosac samla leiarar og medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i dei 27 EU-land. Foto: Czech Senate.

Energi, media og demokrati i Praha

Nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Åsmund Aukrust (A), deltok 10. og 11. juli på eit møte i Praha for leiarar av europakomiteane i nasjonale parlament i Europa. 

Debatten på det såkalla Cosac-møtet omfatta prioriteringane til det tsjekkiske EU-formannskapet det kommande halvåret og utfordringar knytt til media og demokrati.

Tsjekkiske prioriteringar

Både president i det tsjekkiske senatet og den tsjekkiske utanriksministeren deltok på møtet. Utanriksministeren sa mottoet for formannskapet er «Rethink, rebuild, rebuild». Den russiske invasjonen i Ukraina endra den geopolitiske situasjonen totalt og dermed også prioriteringane til Tsjekkia. Handtering av effektane av krigen, energisikkerheit og forsvar er dermed løfta opp som tre av prioriteringane. I tillegg er det viktig å styrke europeisk økonomi og motstandskrafta i demokratiske institusjonar.

I debatten var det også mange som tok opp energisikkerheit og energiprisar og samstundes uttrykte mange støtte til Ukraina. Ein parlamentarikar frå det ukrainske parlamentet sa det er behov for meir våpenstøtte til landet og ytterlegare sanksjonar mot Russland. Det var også mange som sa seg glade for at Moldova og Ukraina har fått status som kandidatland til EU. Fleire deltakarar frå Vest-Balkan la samstundes vekt på at EU også må sikre framgang og håp i forhandlingane om EU-medlemskap også for dei.

– Ikkje overraskande er kollegaer frå heile Europa opptatt av energiprisar og energisikkerheit seier Åsmund Aukrust. Eg er glad for at også den sosiale dimensjonen vart trekt fram av Tsjekkia.

Media og demokrati

Visepresident i Europakommisjonen Věra Jourová la vekt på at motstandsdyktige institusjonar er viktige. Krigen i Ukraina der journalistar risikerer livet for å vise sanninga, har demonstrert kor viktig media er. EU vil gjennomføre tiltak for å verne journalistar og hindre spreiing av disinformasjon. Visepresident i Europaparlamentet, Otmar Karas, la mellom anna vekt på behovet for å følge opp framlegga frå EUs framtidskonferanse og tok til orde for ein ny traktatkonferanse. Han sa også parlament og parlamentarikarar har eit spesielt ansvar for å sikre demokrati og grunnleggjande verdiar.

– I mitt innlegg la eg vekt på at uavhengig journalistikk er viktig. Sosiale media kan vere ein kanal for å fremje og bli inspirert til vald og terror slik vi også har sett i Noreg. Det er viktig å finne ein balanse mellom ytringsfridom og tiltak mot hatefulle ytringar og falske nyheiter, seier Åsmund Aukrust.

Cosac samlar leiarar og medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i dei 27 EU-land to gonger kvart halvår. I Praha var det også deltaking frå Europaparlamentet, kandidatland og fleire observatørland inkludert Noreg. Neste Cosac-møte er i november i Praha.


Sist oppdatert: 12.07.2022 15:01