Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Ingjerd Shou blei vald til visepresident i Europarådets parlamentarikarforsamling. Foto: Stortinget.

Norsk visepresident i Europarådets parlamentarikarforsamling

Leiar for Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE), Ingjerd Schou (H) blei vald til visepresident ved opninga av forsamlingas første delsesjon i 2022.

Stortingets delegasjon PACE vil dermed ha ein representant i Byrået i PACE gjennom heile 2022.

Byrået er det sentrale organet i PACE (som består av 47 medlemsland og 324 parlamentarikarar). Byrået har blant anna ansvar for organiseringa av arbeidet i PACE, og er samansatt av PACEs president, 20 visepresidentar, komiteleiarar og leiarane for dei politiske gruppene.

Under sesjonens første dag blei Ingjerd Schou også oppnemnd som rapportør for vurdering av den russiske delegasjonens sine fullmakter i PACE. Alle medlemslandas delegasjonar må få sine fullmakter godkjent ved starten av eit nytt år, og då er det også høve for medlemmar å stille spørsmål ved andre medlemslands fullmakter. Russlands fullmakter blei utforda av medlemmar av den ukrainske delegasjonen og av den litauiske delegasjonen.

Ingjerd Schou blei tildelt oppgåva i kraft at ho er medlem av PACEs Komité for Reglar og Prosedyre. Som rapportør vil Schou utarbeide ein rapport med drøfting av spørsmålet, og fremme ein resolusjon, som komiteen vil stemme over. Resultatet blir publisert på PACEs nettsider. 

Stortingets delegasjon til PACE er denne gangen representert ved to stortingsrepresentantar, delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H) og varamedlem Lise Selnes (A).

Sist oppdatert: 25.01.2022 19:26
: