Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Leiar for Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE), Ingjerd Schou (H). Foto: Council of Europe.

Leiar for Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE), Ingjerd Schou (H). Foto: Council of Europe.

Russland kan ikkje lenger være medlem av Europarådet

Ved ein ekstraordinær sesjon i Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) 14. og 15. mars 2022 vedtok PACE at Russland ikkje lenger kan være medlem av Europarådet, og vedtok samstundes å be Ministerkomiteen (regjeringsleddet) om å be Russland trekke seg som medlem.

Vedtaket blei fatta under ein ekstraordinær sesjon som følgje av Russlands invasjon av Ukraina, og kom etter at regjeringssida ved ministerkomiteen ba om PACE si meining i spørsmålet om ekskludering av Russland frå Europarådet.

– Dette var ei historisk hending i ei kritisk tid for organisasjonen. Aldri før har det blitt vedtatt at eit medlemsland ikkje lenger kan forbli medlem av organisasjonen, seier Ingjerd Schou (H) som var rapportør på saka og ansvarleg for utarbeiding av bakgrunnsrapport og den vedtatte uttalinga.

– Bakgrunnen for denne krigen, og slik den har utvikla seg utgjer eit alvorleg og fundamentalt brot på folkeretten og på Europarådets statuttar. Det blei meir og meir klart for alle som deltok på sesjonen at det var umogleg å ikkje gå til det steg å be Russland om å trekke seg. Eit medlemsland som går til militært angrep på eit anna medlemsland har ingen plass i Europarådet, slår Schou fast.

– Det har vært eit intenst og omfattande arbeid. Eg er veldig glad for at eit rekordhøgt antal medlemmar deltok på sesjonen og at vedtaket blei fatta einstemmig. Det gir vedtaket den tyngde eit slikt ekstraordinært vedtak er avhengig av. Eit samla Europaråd er eit sterkare Europaråd, og det er av stor betyding at Europa står saman om alle tiltak for å stoppe Russlands angrep på Ukraina, seier Schou.

Like før debattens slutt og uttalinga blei lagt fram til avstemming, blei det klart at Russland, i brev til Europarådets generalsekretær hadde informert om at dei ville trekke seg frå Europarådet og frå den Europeiske menneskerettskonvensjonen. Dette fekk imidlertid ingen betyding for prosessen i parlamentarikarforsamlinga, som gjennomførte avstemming som planlagt.

– Dette var eit forsøk på å kontroller historiefortellinga. Men historien vil vise at det var parlamentarikarforsamlinga som først gjorde det klart at Russland ikkje lenger har ein plass i Europarådet, forklarar Ingjerd Schou.

Russland kan ikkje lenger være medlem av Europarådet (pace.coe.int)

Frå Stortingets PACE-delegasjon deltok delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H) og varamedlem Linda Hofstad Helleland (H) i Strasbourg. Lise Christoffersen (A), Lise Selnes (A) og Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) deltok digitalt.

Europarådet og parlamentarikerforsamlinga

Europarådet blei oppretta i 1949 og har inntil vidare 47 medlemsland. Europarådet har til formål å arbeide for styrking av menneskerettane, demokrati og rettsstaten i medlemslanda. Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmar (og 324 varamedlemmar).

Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spelar ei sentral rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ein rekke områder, og overvaker i kva grad medlemslanda respekterer sine forpliktingar som medlem.

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikerforsamling

Sist oppdatert: 16.03.2022 11:59
: