Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

PACE støtter Kosovo

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) vedtok i sin vårsesjon at dei støttar Kosovo sin søknad om medlemskap i Europarådet.

Ingjerd Schie Schou.

Ingjerd Schie Schou. Foto: Stortinget.

Dette var blant dei meir sensitive spørsmåla som var oppe til debatt under PACEs vårsesjon, der Stortinget deltok med en delegasjon på sju representantar.

Sjølv om det i utgangspunktet var knytt spenning til avstemminga, viste resultatet ei overveldande støtte til medlemskap for Kosovo.

– Eg er glad for dette historiske vedtaket. Medlemskap for Kosovo vil bidra til styrking av menneskerettar, demokrati og rettsstat i Kosovo. No er det opp til Europarådets ministerkomité å endeleg avgjere om Kosovo blir vårt medlemsland nr. 47 eller ikkje, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schie Schou (H).

Gjenoppbygging av Ukraina og etablering av kompensasjonsmekanisme

I ein resolusjon som blei einstemmig vedtatt, viste PACE at det var stor støtta til gjenoppbygging av Ukraina, og forslaget om etablering av ein kompensasjonsmekanisme, finansiert av blant anna russiske midlar fryst i utlandet. Den føreslåtte resolusjonen blei vedtatt einstemmig.

Andreas Sjalg Unneland SV deltok i debatten. Foto: Stortinget.

– Det må koste dyrt å bryte internasjonal lov slik som Putins Russland har gjort – også finansielt, seier Andreas Sjalg Unneland (SV), som deltok i debatten.

Navalnyjs død og situasjonen for opposisjonskrefter i Russland og Belarus

I ein einstemmig vedtatt resolusjon slo PACE fast at Putins regime er ansvarleg for Navalnyjs død. Det kom også sterk kritikk mot regimets masseovervaking av samfunnet og den brutale undertrykkinga av fredelege demonstrasjonar.

I debatten om opposisjonskrefter i Russland og Belarus viste forsamlinga ei sterk fordømming av dei mange overgrepa som finn stad mot opposisjonskrefter og menneske som har uttalt seg negativt om krigen i Ukraina. Evgenia Kara-Murza, kona til fengsla regimekritikar Vladimir Kara-Murza, talte til forsamlinga om situasjonen for opposisjonelle og dissidentar i Russland.

– Det var sterkt å lytte til hennar tale om korleis enkeltmenneske og deira familiar og venner får sine liv øydelagt, bare fordi modige menneske vel å bruke sin grunnleggande rett til å ytre seg fritt, seier Ingjerd Schie Schou (H).

Rammekonvensjon for regulering av kunstig intelligens

Forsamlinga diskuterte også Europarådets utkast til rammekonvensjon om kunstig intelligens, menneskerettar, demokrati og rettsstat. Konvensjonen, som er open for land også utanfor Europarådets 46 medlemsland, blir den første internasjonale avtalen for regulering av bruken av kunstig intelligens basert på respekt for og vern av grunnleggande verdiar – menneskerettar, demokrati og rettsstat. Parlamentarikarforsamlinga diskuterte utkastet til konvensjonen og vedtok ei felles uttale med nokon kritiske tilbakemeldingar og konkrete forslag til endringar til gruppa som har i oppdrag å utforme konvensjonen.

Gaza og situasjonen i Midtausten

Det blei også gjennomført ein debatt om den humanitære katastrofen i Gaza og korleis hindre vidare eskalering av situasjonen. Dette var eit tema som naturleg engasjerte mange med 40 deltakarar i debatten. Representantar frå Israel og Palestina deltok via videolink, då dei ikkje kunne reise til sesjonen grunna stenging av luftrommet over Israel. Det blei ikkje vedtatt noko felles resolusjon på dette tema.

Stortingets delegasjon

Stortinget deltok med ein delegasjon på sju representantar: Ingjerd Schou (H), Lise Christoffersen (A), Morten Wold (FrP), Jone Blikra (A), Linda Hofstad Helleland (H), Lise Selnes (A) og Andreas Sjalg Unneland (SV).

Stortingets delegasjon til PACE

Sist oppdatert: 22.04.2024 09:45
: