Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Nordisk råd med internasjonale gjester. Foto: Lars Dareberg/norden.org

Nordisk råd i Sverige

Nordisk beredskap, krigen i Ukraina, situasjonen på Gaza og grenseoverskridande kriminalitet stod høgt på agendaen under Nordisk råds 77. sesjon.

87 parlamentarikarane i Nordisk råd møtte nordiske statsministrar og regjeringsjefar i plenum i Sveriges riksdag i Stockholm 27.–30. oktober.

Gjennomgangstonen for alle debattane var korleis dei nordiske regjeringane, og Norden for øvrig, kan samarbeide betre for å styrke kampen mot den aukande kriminaliteten, støtte til Ukraina og bidra til at våpenkvila på Gaza vil halde.

Nordisk samarbeid

Helge André Njåstad. Foto: Magnus Fröderberg/norden.org

– Samarbeid for å bidra til ein best mogleg integrert og berekraftig region innan dei fleste delane av samfunnslivet er kjerna i arbeide i Nordisk råd. Dette er eit viktig bidrag til den Nordiske regionens stabilitet som vi innbyggarar har nytt godt av i mange tiår. Denne stabiliteten er også grunnen til at Norden stadig oftare blir omtala som ein viktig partnar i ei elles uroleg verd, seier Helge André Njåstad (FrP), delegasjonsleiar for Stortingets delegasjon til Nordisk råd.

Von der Leyen talte til Nordisk råd

EU-president Ursula von der Leyen, som var sesjonens internasjonale hovudgjestetaler, understreka også Norden som ei stabil kraft og trakk fram Nordens lange tradisjonar for demokrati og likestilling, samt openheit til dagens Europa.

Færøyane, Grønland og Åland fullverdige medlemmar

Parlamentarikarane i Nordisk råd fatta ei historisk beslutning då dei vedtok å la Færøyane, Grønland og Åland få fast plass i Presidiet, rådets øverste politiske leiing mellom plenumssesjonane. Dette betyr at desse no kan delta i samarbeidet på lik linje med Danmark, Norge, Sverige, Finland og Island.

Finland og Åland overtar formannskapet for 2026

Finland og Åland overtok formannskapet på sesjonens siste dag og presenterte sitt program for 2026. Programmet fokuserer på tryggleik og det nordiske samfunnets motstandskraft, men ein særleg vekt på utanriks, tryggleik- og forsvarspolitikk, samt nordisk sivil og militær beredskap. Helsetryggleik, transport og infrastruktur, kultur, utdanning og digital robustheit er også viktige komponentar i formannskapsprogrammet.  

Ny delegasjon

Storinget stilte denne gangen med ny delegasjon, der heile 17 av 20 medlemmar deltok på Nordisk råds sesjon for første gang.

– Det er eit stort system og sikkert ein bratt lærekurve for mange, seier Njåstad. Han ser det derfor som særleg positivt at delegasjonens medlemmar var så aktive som dei var.

– At det store fleirtalet av medlemmane deltok aktivt i debattar og diskusjonar vitnar om at dei raskt har forstått verdien av den politiske møteplassen som Nordisk råd er, avsluttar Njåstad.

Betre kvardag for nordiske borgarar

Politikarane i Nordisk råd jobbar blant anna for å gjere kvardagen betre for innbyggarane i Norden og finne felles løysningar på nordiske utfordringar. Nordisk råd arbeider også for å styrke Nordens rolle i verden.

Nordisk råd består av 87 medlemmar fra Danmark, Finland, Island, Sverige, Norge, Færøyene, Grønland og Åland.

Sjå også

Les meir om Stortingets delegasjon til Nordisk råd
Les meir om Nordisk råds sesjon 2025 (norden.org)
Les om vinnarne av Nordisk råds priser i 2025 (norden.org)

Sist oppdatert: 03.11.2025 11:05
: