Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Andre visepresident Nils T. Bjørke (Sp).
Det ungarske vertsskapet har mellom anna sett europeisk identitet og det framtidige EU på dagsorden.
− Eg ser konferansen som eit høve til å framheve at frie val og rettsstat er sentrale europeiske verdiar som også er prioriterte innanfor EØS-midla. Vidare er det viktig for meg å understreke at Europa må vidareføre støtta til Ukraina, seier Nils T. Bjørke.
Parlamentspresidentar i EU har sidan 1998 hatt ein årleg konferanse. Han blir arrangert i landet som hadde det roterande EU-formannskapet den førre hausten. Stortinget har delteke som observatør sidan 2017. I tillegg til EUs parlamentspresidentar og presidenten i Europaparlamentet, er også parlamentspresidentane i kandidatland inviterte til konferansen.