På denne bakgrunn fremmes følgende
forslag:
Norges Riges Grundlov skal på nynorsk lyde:
Grunnlov for Kongeriket Noreg,
gjeven i riksforsamlinga på Eidsvoll den 17. mai 1814, slik
ho lyder etter seinare endringar, seinast grunnlovsvedtak av 21.
mai 2012.
Kongeriket Noregs grunnlov
A. Om statsforma
§ 1
Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg
rike. Regjeringsforma er avgrensa og arveleg monarkisk.
§ 2
Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske
arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten
og menneskerettane.
B. Om den utøvande makta,
om kongen og den kongelege familien og om religionen
§ 3
Den utøvande makta er hos kongen, eller hos dronninga dersom
ho har fått krona etter reglane i § 6, § 7 eller § 48 i denne grunnlova.
Når den utøvande makta såleis er hos dronninga, har ho alle rettar
og plikter som kongen har etter denne grunnlova og lovene i landet.
§ 4
Kongen skal alltid vedkjenne seg den evangelisk-lutherske religionen.
§ 5
Kongens person er heilag; han kan ikkje lastast eller skuldast
for noko. Ansvaret ligg på rådet hans.
§ 6
Arvefølgja er lineal. Berre barn av ei dronning eller ein konge,
eller av nokon som sjølv har arverett, kan arve, og barnet må vere
født i lovleg ekteskap. Den nærare lina går føre den fjernare og
den eldre i lina føre den yngre.
Den ufødde har òg arverett, og tek sin plass i arvefølgja så
snart ho eller han kjem til verda.
Arverett har likevel berre dei som ættar frå foreldra til den
sist regjerande dronninga eller kongen.
Når ei prinsesse eller ein prins med arverett til Noregs krone
blir fødd, skal namnet og fødselstidspunktet gjerast kjent for Stortinget
og førast inn i protokollen der.
For dei som er fødde før 1971, gjeld likevel § 6 slik han vart
vedteken den 18. november 1905. For dei som er fødde før 1990, gjeld
likevel at mann går føre kvinne.
§ 7
Finst det ingen prinsesser eller prinsar med arverett, kan kongen
gjere framlegg om etterfølgjar for Stortinget, som kan avgjere valet
dersom framlegget frå kongen ikkje blir stødd.
§ 8
Myndig alder for kongen blir fastsett i lov.
Så snart kongen har nådd den lovfeste alderen, lyser han seg
myndig.
§ 9
Så snart kongen, som myndig, tek til med regjeringa, gjer han
denne eiden for Stortinget: «Eg lovar og sver at eg vil regjere
Kongeriket Noreg i samsvar med konstitusjonen og lovene, så sant
hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande!»
Er det ikkje samla noko storting på den tida, blir eiden gjeven
skriftleg i statsrådet, og kongen tek han høgtidleg opp att på fyrste
storting.
§ 10
(Oppheva ved grunnlovsvedtak 14. mars 1908.)
§ 11
Kongen skal bu i riket og kan ikkje utan samtykke frå Stortinget
vere utanfor riket meir enn seks månader om gongen utan at han personleg
misser retten til krona.
Kongen må ikkje ta imot ei anna krone eller regjering utan samtykke
frå Stortinget, og til det krevst to tredjedelar av røystene.
§ 12
Kongen vel sjølv eit råd av røysteføre norske borgarar. I dette
rådet skal det vere ein statsminister og minst sju andre medlemmer.
Kongen fordeler gjeremåla mellom medlemmene av statsrådet slik
han meiner det er tenleg. Til å ta sete i statsrådet ved sida av
dei faste medlemmene kan kongen i særlege høve kalle inn andre norske borgarar,
men ingen medlemmer av Stortinget.
Ektefolk, foreldre og born eller to sysken må ikkje ha sete i
statsrådet samstundes.
§ 13
For den tida kongen reiser i riket, kan han overlate styringa
av riket til statsrådet. Dette skal føre regjeringa i kongens namn
og på hans vegner. Det skal ubryteleg følgje så vel føresegnene
i denne grunnlova som dei særskilde instruksane som kongen gjev
i samsvar med dei.
Sakene blir avgjorde med røysting. Står røystene likt, har statsministeren
eller, om han er borte, den fyrste av statsrådane som er til stades,
to røyster.
Statsrådet skal gje melding til kongen om dei sakene som blir
avgjorde på denne måten.
§ 14
Kongen kan utnemne statssekretærar til å hjelpe medlemmene av
statsrådet med gjeremåla deira utanfor statsrådet. Kvar statssekretær
handlar på vegner av den medlemmen av statsrådet som ho eller han
er knytt til, så langt denne medlemmen fastset.
§ 15
Kvar medlem av statsrådet har plikt til å levere avskilssøknad
etter at Stortinget har gjort vedtak om mistillit til denne statsråden
åleine eller til heile statsrådet.
Kongen skal gje avskil etter ein slik søknad.
Når Stortinget har gjort vedtak om mistillit, kan statsrådet
berre utføre dei gjeremåla som trengst for forsvarleg embetsutøving.
§ 16
Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske
kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske
folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om
kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn
skal bli stødde på lik line.
§ 17
Kongen kan gje og oppheve provisoriske lover om handel, toll,
næringsvegar og offentleg forvaltning og regulering. Dei må ikkje
stri mot konstitusjonen eller dei lovene Stortinget har gjeve. Dei
gjeld til neste storting.
§ 18
Kongen lèt i regelen krevje inn dei skattane og avgiftene som
Stortinget fastset.
§ 19
Kongen ser til at eigedomane og regala til staten blir nytta
og forvalta slik Stortinget har fastsett, og på den måten som er
nyttigast for samfunnet.
§ 20
Kongen har i statsrådet rett til å gje forbrytarar nåde etter
at dom er fallen. Forbrytaren kan velje å ta imot kongens nåde eller
ta den idømde straffa.
I saker som Stortinget reiser for Riksretten, kan det ikkje gjevast
annan nåde enn fritak frå idømd dødsstraff, om ikkje Stortinget
har gjeve samtykke til noko anna.
§ 21
Kongen vel og utnemner alle sivile og militære embetsmenn etter
å ha høyrt statsrådet. Før innsetjinga skal dei sverje eller, om
dei ved lov er fritekne frå å gjere eid, høgtidleg love lydnad og
truskap til konstitusjonen og kongen. Embetsmenn som ikkje er norske
borgarar, kan i lov få fritak frå denne plikta. Dei kongelege prinsessene
og prinsane kan ikkje ha sivile embete.
§ 22
Statsministeren, dei andre medlemmene av statsrådet og statssekretærane
kan, utan dom, få avskil av kongen etter at han har høyrt kva statsrådet
meiner om det. Det same gjeld for dei embetsmennene som er tilsette
ved statsrådskontora eller i utanrikstenesta, sivile overøvrigheitspersonar,
sjefar for regiment og andre militære korps, kommandantar på festningar og
høgstbefalande på krigsskip. Om embetsmenn som såleis er avsette,
skal få pensjon, blir avgjort av det neste stortinget. I mellomtida
får dei to tredjedelar av løna dei hadde før.
Andre embetsmenn kan berre suspenderast av kongen og skal då
straks stemnast for domstolane. Dei kan ikkje avsetjast utan etter
dom eller overflyttast mot sin vilje.
Alle embetsmenn kan gjevast avskil utan dom når dei har nådd
ei aldersgrense fastsett i lov. Det kan fastsetjast i lov at visse
embetsmenn, men ikkje dommarar, kan utnemnast på åremål.
§ 23
Kongen kan gje ordenar til kven han vil, til påskjøning for framifrå
forteneste, som må kunngjerast offentleg. Kongen kan ikkje tildele
annan rang og tittel enn den eit embete fører med seg. Ordenen fritek
ingen for dei plikter og bører som er sams for statsborgarane, og
gjev heller ikkje førerett til statlege embete. Embetsmenn som får
avskil i nåde, får ha den tittelen og rangen dei hadde i embetet.
Dette gjeld ikkje medlemmene av statsrådet eller statssekretærane.
Ingen må heretter få arvelege særrettar, personlege eller blanda.
§ 24
Kongen vel og avset etter eige skjøn hoffstaten sin og hoffbetjentane
sine.
§ 25
Kongen har høgste befalinga over forsvarsmakta til riket. Denne
makta må ikkje aukast eller minkast utan samtykke frå Stortinget.
Ho må ikkje overlatast i framande makters teneste, og ingen krigsfolk
frå framande makter, så nær som troppar til hjelp mot fiendsleg
overfall, må dragast inn i riket utan samtykke frå Stortinget.
Landvernet og andre troppar som ikkje kan reknast som linetroppar,
må aldri brukast utanfor riksgrensene utan samtykke frå Stortinget.
§ 26
Kongen har rett til å kalle saman troppar, byrje krig til forsvar
av landet og slutte fred, inngå og seie opp folkerettslege avtaler
og sende og ta imot sendemenn.
Traktatar om særleg viktige saker blir fyrst bindande når Stortinget
har gjeve samtykke til det. Det same gjeld alle traktatar som etter
konstitusjonen ikkje kan setjast i verk utan ei ny lov eller eit
nytt stortingsvedtak.
§ 27
Alle medlemmene av statsrådet skal møte i statsrådet når dei
ikkje har lovleg forfall. Inga avgjerd må takast i statsrådet når
ikkje over helvta av medlemmene er til stades.
§ 28
Tilrådingar om embetsutnemningar og andre viktige saker skal
målberast i statsrådet av den medlemmen som har det fagområdet dei
høyrer til. Ho eller han skal ekspedere sakene i samsvar med avgjerda
i statsrådet. Det kan gjerast unntak frå behandling i statsråd for
eigentlege militære kommandosaker i den mon kongen fastset.
§ 29
Hindrar lovleg forfall ein statsråd i å møte og målbere saker
som tilhøyrer hennar eller hans fagområde, skal sakene målberast
av ein annan statsråd, som kongen konstituerer til det.
Hindrar lovleg forfall så mange frå å møte at ikkje fleire enn
helvta av det fastsette talet på medlemmer er til stades, skal så
mange andre personar som naudsynt konstituerast til å ta sete i
statsrådet.
§ 30
I statsrådet blir det ført protokoll over alle saker som blir
behandla der. Dei diplomatiske sakene som statsrådet vedtek å halde
løynde, blir førte inn i ein særskild protokoll. Det same gjeld
dei militære kommandosakene som statsrådet vedtek å halde løynde.
Kvar den som sit i statsrådet, har plikt til å seie si meining
med frimod. Kongen har plikt til å høyre den, men kan ta avgjerd
etter eige omdømme.
Meiner nokon medlem av statsrådet at avgjerda til kongen strir
mot statsforma eller lovene i landet, har ho eller han plikt til
å ta kraftig til motmæle og skrive si meining i protokollen. Den
som ikkje har protestert såleis, blir rekna for å ha vore samd med kongen
og er ansvarleg for det, slik som det sidan blir fastsett, og Stortinget
kan setje vedkommande under tiltale for Riksretten.
§ 31
Alle avgjerder kongen ferdar ut, må kontrasignerast for å bli
gyldige. I militære kommandosaker skal avgjerdene kontrasignerast
av den som har målbore saka, men elles av statsministeren, og om
statsministeren ikkje var til stades i statsrådet, av den fyrste
av dei medlemmene som var det.
§ 32
Dei avgjerdene regjeringa tek når kongen ikkje er til stades,
blir utferda i kongens namn og underskrivne av statsrådet.
§ 33
(Oppheva ved grunnlovsvedtak 12. august 1908.)
§ 34
Kongen gjev føresegner om titlar for dei som har arverett til
krona.
§ 35
Så snart tronarvingen har fylt 18 år, har ho eller han rett til
å ta sete i statsrådet, men utan røyst eller ansvar.
§ 36
Ei prinsesse eller ein prins med arverett til Noregs krone må
ikkje gifte seg utan løyve frå kongen. Ho eller han må heller ikkje
ta imot ei anna krone eller regjering utan samtykke frå kongen og
Stortinget. Samtykke frå Stortinget krev to tredjedelar av røystene.
Handlar ho eller han i strid med dette, misser vedkommande retten
til Noregs trone for seg så vel som for etterkommarane sine.
§ 37
Dei kongelege prinsessene og prinsane skal for sine personar
ikkje svare for andre enn kongen eller den han set til dommar over
dei.
§ 38
(Oppheva ved vedtak 18. november 1905.)
§ 39
Om kongen døyr og tronfølgjaren enno er umyndig, skal statsrådet
straks kalle inn Stortinget.
§ 40
Til dess Stortinget kjem saman og innrettar regjeringa for den
tida kongen er mindreårig, skal statsrådet stå for styringa av riket,
i samsvar med Grunnlova.
§ 41
Er kongen utanfor riket utan å vere i felt, eller er han så sjuk
at han ikkje kan ta seg av regjeringa, skal den næraste arvingen
til trona stå for regjeringa som mellombels utøvar av kongemakta,
men berre så framt ho eller han har nådd myndig alder for kongen. I
motsett fall er det statsrådet som står for styringa av riket.
§ 42
(Oppheva ved vedtak 18. november 1905.)
§ 43
Stortinget skal velje formyndarar til å stå for regjeringa for
den umyndige kongen.
§ 44
Den prinsessa eller prinsen som står for regjeringa i dei tilfella
som er nemnde i § 41, skal skriftleg gjere denne eiden for Stortinget:
«Eg lovar og sver at eg skal stå for regjeringa i samsvar med konstitusjonen
og lovene, så sant hjelpe meg Gud den allmektige og allvitande!»
Blir det ikkje halde storting på denne tida, skal eiden gjevast
skriftleg i statsrådet og sidan sendast til neste storting.
Den prinsessa eller prinsen som har gjort eiden, tek han ikkje
opp att seinare.
§ 45
Dei som mellombels har stått for statsstyringa etter §§ 40, 41,
43 eller 48, skal så snart ho er over, gjere rekneskap for henne
til kongen og Stortinget.
§ 46
Om ikkje statsrådet straks kallar saman Stortinget etter § 39,
har Høgsterett så snart det er gått fire veker, ei vilkårslaus plikt
til å syte for innkalling.
§ 47
Stortinget fastset korleis oppsedinga av den umyndige kongen
skal styrast dersom begge foreldra er døde og ingen av dei har late
etter seg ei skriftleg føresegn om det.
§ 48
Er kongsætta utdøydd og ingen tronfølgjar kåra, skal Stortinget
velje ny dronning eller konge. I mellomtida gjeld § 40 for den utøvande
makta.
C. Om borgarretten og den lovgjevande makta
§ 49
Folket utøver den lovgjevande makta gjennom Stortinget.
§ 50
Røysterett ved stortingsval har dei norske borgarane som har
fylt 18 år eller fyller 18 år i det året valtinget blir halde.
I kva mon norske borgarar som på valdagen er busette utanlands,
men elles stettar vilkåra ovanfor, skal ha røysterett, blir fastsett
i lov.
Reglar om røysterett for elles røysteføre personar som på valdagen
openbert lir av alvorleg psykisk svekking eller nedsett medvit,
kan fastsetjast i lov.
§ 51
Reglar om manntalsføringa og om innføringa av dei røysteføre
i manntalet blir fastsette i lov.
§ 52
(Oppheva ved grunnlovsvedtak 26. oktober 1954.)
§ 53
Røysteretten misser den som
a. blir dømd for strafflagde
handlingar, i samsvar med føresegner om dette i lov,
b. går i teneste for ei framand makt utan
samtykke frå regjeringa.
§ 54
Valtinga blir haldne fjerdekvart år. Dei skal vere avslutta seinast
i september.
§ 55
Valtinga skal styrast slik det blir fastsett i lov. Valstyret
avgjer tvistar om røysterett. Avgjerda kan klagast inn for Stortinget.
§ 56
(Oppheva ved grunnlovsvedtak 23. mars 1972.)
§ 57
Det skal veljast 169 stortingsrepresentantar.
Riket er inndelt i 19 valdistrikt.
150 av stortingsrepresentantane skal veljast som distriktsrepresentantar
og 19 som utjamningsrepresentantar.
Kvart valdistrikt skal ha 1 utjamningsmandat.
Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt,
blir utrekna på grunnlag av innbyggjartalet og flatevidda i distriktet
i høve til innbyggjartalet og flatevidda i heile riket. I denne
utrekninga gjev kvar innbyggjar 1 poeng og kvar kvadratkilometer
1,8 poeng. Utrekninga skal gjerast kvart åttande år.
Nærare føresegner om korleis riket skal delast i valdistrikt,
og korleis stortingsmandata skal delast mellom valdistrikta, blir
fastsette i lov.
§ 58
Valtinga blir haldne særskilt for kvar kommune. På valtinga blir
det røysta direkte på stortingsrepresentantar med vararepresentantar
for heile valdistriktet.
§ 59
Valet av distriktsrepresentantar er eit høvestalsval, og mandata
blir delte mellom partia etter reglane nedanfor.
Røystetalet for kvart parti i kvart valdistrikt skal delast med
1,4; 3; 5; 7 og så bortetter. Det fyrste mandatet går til det partiet
som får den største kvotienten, det neste mandatet går til det partiet
som får den nest største kvotienten, og så bortetter til alle mandata
er utdelte.
Listesamband er ulovleg.
Med sikte på best mogleg samsvar mellom røystetal og representasjon
blir utjamningsmandata delte mellom dei partia som er med i utjamninga,
på grunnlag av høvet mellom røystetala deira i heile riket. Kor
mange stortingsmandat kvart parti skal ha i alt, finn ein ved å
nytte reglane for tildeling av distriktsmandat tilsvarande for heile
riket for dei partia som er med i utjamninga. Så får kvart parti
tildelt så mange utjamningsmandat attåt distriktsmandata det alt
har fått, at det til saman utgjer så mange stortingsmandat som partiet
skal ha i alt. Har eit parti alt ved utdelinga av distriktsmandata
fått fleire mandat enn det skulle hatt etter framgangsmåten ovanfor,
skal utjamningsmandata delast berre mellom dei andre partia, såleis
at ein ser bort frå det røystetalet og dei distriktsmandata som
det fyrstnemnde partiet har fått.
Ingen parti kan få utjamningsmandat utan å ha fått minst 4 prosent
av det samla røystetalet for heile riket.
Nærare føresegner om korleis utjamningsmandata til partia skal
delast mellom valdistrikta, blir fastsette i lov.
§ 60
Om og korleis dei røysteføre kan røyste utan å møte personleg
på valtinga, blir fastsett i lov.
§ 61
Ingen kan veljast til representant utan å ha røysterett.
§ 62
Tenestemenn som er tilsette ved statsrådskontora, bortsett frå
statssekretærar og politiske rådgjevarar, kan ikkje veljast til
representantar. Det same gjeld medlemmene av Høgsterett og tenestemenn
som er tilsette i utanrikstenesta.
Medlemmer av statsrådet kan ikkje møte på Stortinget som representantar
så lenge dei har sete i statsrådet. Heller ikkje statssekretærane
kan møte som representantar så lenge dei er i embetet, og dei politiske
rådgjevarane ved statsrådskontora kan ikkje møte på Stortinget så
lenge dei har stillingane sine.
§ 63
Den som blir vald til representant, har plikt til å ta imot valet,
om vedkommande ikkje
a) er vald utanfor
det valdistriktet der ho eller han har røysterett,
b) har møtt som representant på alle storting
etter førre val,
d) er medlem av eit politisk parti og
vald på ei valliste som ikkje går ut frå dette partiet.
Frist og framgangsmåte for å gjere retten til å nekte val gjeldande
blir fastsett i lov.
Like eins skal det fastsetjast i lov når og korleis ein som er
vald til representant for to eller fleire valdistrikt, skal gje
fråsegn om kva val ho eller han vil ta imot.
§ 64
Dei valde representantane får tildelt fullmakter. Stortinget
avgjer om fullmaktene er lovlege.
§ 65
Alle representantar og innkalla vararepresentantar får frå statskassa
lovfastsett godtgjersle for kostnader til reiser til og frå Stortinget
og frå Stortinget til heimen og attende under feriar på minst 14
dagar.
Dessutan får dei lovfastsett godtgjersle for deltaking på Stortinget.
§ 66
På reisa til og frå Stortinget og medan dei er der, er representantane
fritekne frå pågriping, om dei ikkje blir gripne i offentlege brotsverk.
For meiningar ytra i forsamlingane til Stortinget kan dei ikkje dragast
til ansvar utanfor desse forsamlingane. Alle har plikt til å rette
seg etter den ordenen som er vedteken av Stortinget.
§ 67
Representantane som er valde på den ovannemnde måten, utgjer
Kongeriket Noregs storting.
§ 68
Stortinget kjem i regelen saman i hovudstaden den fyrste kvardagen
i oktober kvart år, om ikkje kongen på grunn av usedvanlege omstende,
så som fiendsleg åtak eller smittsam sjukdom, vel ein annan by i
riket. Ei slik avgjerd må gjerast kjend i tide.
§ 69
Når Stortinget ikkje er samla, kan kongen kalle det saman dersom
han meiner det trengst.
§ 70
(Oppheva ved grunnlovsvedtak 29. mai 1990.)
§ 71
Dei valde representantane er medlemmer av Stortinget i fire år
på rad.
§ 72
(Oppheva ved grunnlovsvedtak 29. mai 1990.)
§ 73
Stortinget utnemner ein president, fem visepresidentar og to
sekretærar. Storting kan berre haldast dersom minst helvta av medlemmene
er til stades. Grunnlovsframlegg kan berre behandlast dersom minst
to tredjedelar av medlemmene er til stades.
§ 74
Så snart Stortinget har konstituert seg, opnar kongen eller den
han set til det, forhandlingane med ei tale om tilstanden i riket
og dei emna han særleg vil gjere Stortinget merksam på. Inga drøfting
må skje med kongen til stades.
Når forhandlingane i Stortinget er opna, har statsministeren
og statsrådane rett til å møte i Stortinget og til liks med medlemmene
der ta del i forhandlingane når dei blir haldne for opne dører,
men utan å røyste. I saker som blir behandla for stengde dører, gjeld
dette berre når Stortinget gjev løyve til det.
§ 75
Det høyrer Stortinget til
a) å gje og oppheve
lover; å fastsetje skattar, avgifter, toll og andre offentlege bører,
som likevel ikkje gjeld etter 31. desember året etter om dei ikkje
blir uttrykkeleg fornya av eit nytt storting,
b) å ta opp lån på rikets kreditt,
c) å føre oppsyn med pengestellet i riket,
d) å løyve dei pengesummane som trengst
til statsutgiftene,
e) å fastsetje kor mykje kongen skal få
utbetalt til hoffstaten sin kvart år, og å fastsetje apanasjen til den
kongelege familien, som ikkje kan vere i faste eigedommar,
f) å få seg førelagt protokollane frå
statsrådet og alle offentlege meldingar og papir,
g) å få melding om dei folkerettslege
avtalene som kongen har gjort med framande makter for staten,
h) å kunne gje kven som helst påbod om
å møte for seg i statssaker, så nær som kongen og den kongelege
familien; likevel kan dei kongelege prinsessene og prinsane kallast
inn dersom dei har embete,
i) å revidere lister over mellombels løner
og pensjonar og gjere dei endringane som Stortinget meiner trengst,
k) å utnemne fem revisorar som skal sjå
gjennom statsrekneskapane kvart år og kunngjere utdrag av dei på
prent; revisorane skal difor få rekneskapane innan seks månader
etter utgangen av det året som Stortinget har gjeve løyvingar for;
og å gje føresegner om ordninga av desisjonsmakta overfor rekneskapstenestemennene
til staten,
l) å utnemne ein som ikkje er medlem av
Stortinget, som etter nærare føresegner fastsette i lov skal føre
kontroll med den offentlege forvaltninga og alle som er i offentleg
teneste, for å hindre at det blir gjort urett mot den einskilde
borgaren,
m) å gje innfødsrett.
§ 76
Alle lovframlegg skal fyrst gjerast på Stortinget, anten av ein
stortingsrepresentant eller av regjeringa ved ein statsråd.
Etter at framlegget er vedteke der, skal Stortinget ta det opp
til ny vurdering og anten godta eller forkaste det. Blir det forkasta,
skal framlegget med merknader frå Stortinget takast opp til vurdering endå
ein gong av Stortinget, som anten legg framlegget bort eller vedtek
det med dei nemnde merknadene.
Mellom kvar slik behandling må det gå minst tre dagar.
§ 77
Når Stortinget har gjort same lovvedtaket to gonger på rad, går
det til kongen med oppmoding om sanksjon.
§ 78
Godtek kongen lovvedtaket, skriv han under, og dermed blir det
til lov.
Godtek han det ikkje, sender han det attende til Stortinget med
dei orda at han for tida ikkje meiner det er tenleg å sanksjonere
det. I så fall kan ikkje det stortinget som då er samla, leggje
dette vedtaket fram for kongen att.
§ 79
Når to storting med eitt val og minst to storting imellom har
gjort same lovvedtaket uendra utan at Stortinget i mellomtida har
gjort avvikande endeleg lovvedtak, og det då blir lagt fram for
kongen med dei orda at Hans Majestet ikkje vil nekte å sanksjonere
eit lovvedtak som Stortinget etter ei grundig vurdering held for
gagnleg, så blir det til lov endå om kongen ikkje sanksjonerer det
før Stortinget skilst.
§ 80
Stortinget blir verande samla så lenge det sjølv meiner det trengst,
og avsluttar forhandlingane når gjeremåla er fullførte.
I samsvar med reglar i Stortingets forretningsorden kan forhandlingane
takast opp att, men dei blir avslutta seinast siste kvardagen i
september.
Innan den tid kunngjer kongen for Stortinget avgjerda si om dei
lovvedtaka som ikkje alt er avgjorde (jf. §§ 77–79), anten med å
stadfeste eller forkaste dei. Dei han ikkje uttrykkeleg godkjenner, blir
rekna som forkasta av han.
§ 81
Alle lover (så nær som dei etter § 79) blir utferda i namnet
til kongen, under Noregs rikssegl og med desse orda: «Vi N.N. gjer
kunnig at Oss er førelagt vedtak frå Stortinget dagsett som lyder
slik: (her kjem vedtaket). Vi godkjenner og stadfester dette vedtaket
som lov, under Vår hand og riksseglet.»
§ 82
Regjeringa skal gje Stortinget alle dei opplysningane som trengst
for behandlinga av dei sakene ho legg fram. Ingen medlemmer av statsrådet
må leggje fram urette eller villeiande opplysningar for Stortinget
eller eit stortingsorgan.
§ 83
Stortinget kan hente inn utgreiing frå Høgsterett om juridiske
emne.
§ 84
Stortinget blir halde for opne dører, og forhandlingane blir
kunngjorde på prent, så nær som i dei tilfella noko anna blir vedteke
med røystefleirtal.
§ 85
Den som lyder eit påbod som har som føremål å skiple fridommen
og tryggleiken til Stortinget, gjer seg skuldig i svik mot fedrelandet.
D. Om den dømmande makta
§ 86
Riksretten dømmer i fyrste og siste instans i dei sakene som
Stortinget reiser mot medlemmer av statsrådet, Høgsterett eller
Stortinget for eit strafflagt eller anna rettsstridig tilhøve når
dei har brote sine konstitusjonelle plikter.
Dei nærare reglane om påtale som Stortinget reiser etter denne
paragrafen, blir fastsette i lov. Det kan likevel ikkje setjast
kortare foreldingsfrist enn 15 år for høvet til å gjere ansvar gjeldande
ved tiltale for Riksretten.
Dommarar i Riksretten er 6 medlemmer valde av Stortinget og dei
5 etter embetsalder eldste fast utnemnde medlemmene av Høgsterett,
mellom dei leiaren av Høgsterett. Stortinget vel medlemmene og varamedlemmer
for 6 år. Ein medlem av statsrådet eller Stortinget kan ikkje veljast
til medlem av Riksretten. I Riksretten har leiaren av Høgsterett
forsetet.
Dei som har teke sete i Riksretten som valde av Stortinget, blir
sitjande sjølv om tida dei er valde for, går ut før Riksretten har
avslutta saka. Like eins blir høgsterettsdommarar sitjande i Riksretten
sjølv om dei går av som medlemmer av Høgsterett.
§ 87
Dei nærare reglane om samansetjinga av Riksretten og om saksbehandlinga
blir fastsette i lov.
§ 88
Høgsterett dømmer i siste instans. Grenser for høvet til å få
Høgsteretts avgjerd kan fastsetjast i lov.
Høgsterett skal vere samansett av ein leiar og minst fire andre
medlemmer.
§ 89
(Oppheva ved grunnlovsvedtak 14. desember 1920.)
§ 90
Høgsterettsdommar kan ikkje i noko tilfelle ankast.
§ 91
Ingen kan utnemnast til høgsterettsdommar før ho eller han er
30 år gammal.
E. Allmenne føresegner
§ 92
Til embete i staten kan det berre utnemnast norske borgarar som
talar Noregs språk og
a) anten er fødde
i riket av foreldre som då var norske statsborgarar,
b) eller er fødde i utlandet av norske
foreldre som då ikkje var statsborgarar i noko anna land,
c) eller har opphalde seg i riket i 10
år,
d) eller får innfødsrett av Stortinget.
Andre kan likevel utnemnast til lærarar ved universitetet og
dei lærde skulane, til lækjarar og til konsular på framande stader.
§ 93
For å sikre internasjonal fred og tryggleik eller fremje internasjonal
rettsorden og samarbeid kan Stortinget med tre fjerdedels fleirtal
gje samtykke til at ein internasjonal samskipnad som Noreg er tilslutta
eller sluttar seg til, på eit sakleg avgrensa område får råderett
som elles ligg hjå dei statlege styresmaktene etter denne grunnlova,
men likevel ikkje rett til å endre denne grunnlova. Når Stortinget
skal gje sitt samtykke, skal minst to tredjedelar av medlemmene
vere til stades, som ved behandling av grunnlovsframlegg.
Føresegnene i denne paragrafen gjeld ikkje deltaking i ein internasjonal
samskipnad der avgjerdene berre har reint folkerettsleg verknad
for Noreg.
§ 94
Ei ny allmenn sivillovbok og straffelovbok skal gjevast ut på
det fyrste eller, om dette ikkje er mogleg, på det andre ordentlege
stortinget. Til dess står dei nogjeldande lovene i landet ved lag,
om dei ikkje strir mot denne grunnlova eller mot dei provisoriske lovene
som måtte bli gjevne i mellomtida.
Likeins skal dei noverande faste skattane stå ved lag til neste
storting.
§ 95
Ingen dispensasjonar, protektorium, moratorium eller oppreisningar
må gjevast etter at den nye allmenne lova har teke til å gjelde.
§ 96
Ingen kan dømmast utan etter lov eller straffast utan etter dom.
Pinefullt forhøyr må ikkje skje.
§ 97
Inga lov må gjevast tilbakeverkande kraft.
§ 98
Det må ikkje leggjast avgifter til statskassa på sportlar som
blir betalte til dei som gjer teneste for retten.
§ 99
Ingen må fengslast utan i dei tilfella og på den måten som lovene
fastset. Den som utan rett har arrestert nokon eller halde nokon
ulovleg fengsla, står til ansvar for vedkommande.
Regjeringa har ikkje rett til å nytte militær makt mot innbyggjarane
utan etter lov, med mindre ei forsamling skiplar den offentlege
roa og ikkje skilst åt så snart den sivile styresmakta tre gonger
har lese høgt og tydeleg for forsamlinga dei lovføresegnene som
gjeld opprør.
§ 100
Ytringsfridom skal det vere.
Ingen kan haldast rettsleg ansvarleg for å ha motteke eller komme
med opplysningar, idear eller bodskapar om det ikkje lèt seg forsvare
halde opp imot den grunngjevinga ytringsfridommen har i sanningssøking,
demokrati og den frie meiningsdanninga til individet. Det rettslege
ansvaret skal vere fastsett i lov.
Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva
anna emne som helst. Det kan berre setjast slike klårt definerte
grenser for denne retten der særleg tungtvegande omsyn gjer det
forsvarleg halde opp imot grunngjevingane for ytringsfridommen.
Førehandssensur og andre førebyggjande åtgjerder kan ikkje nyttast
om det ikkje trengst for å verne born og unge mot skadeleg påverknad
frå levande bilete. Brevsensur kan ikkje setjast i verk anna enn
i anstaltar.
Alle har rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane
og til å følgje forhandlingane i rettsmøte og folkevalde organ.
Det kan i lov setjast grenser for denne retten av omsyn til personvern
og av andre tungtvegande grunnar.
Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope
og opplyst offentleg ordskifte.
§ 101
Heretter skal ingen få nye og varige særrettar som legg band
på næringsfridommen.
§ 102
Det må ikkje utførast husransakingar, så nær som i kriminelle
tilfelle.
§ 103
Ingen som heretter går konkurs, får fristad.
§ 104
Ingen kan bli frådømd sin faste eigedom eller heile eiga si på
grunn av eit brotsverk.
§ 105
Krev omsyn til samfunnet at nokon må gje frå seg fast eller rørleg
eigedom til offentleg bruk, skal ho eller han få fullt vederlag
av statskassa.
§ 106
Kjøpesummar og inntekter av det benefiserte godset til presteskapet
skal berre nyttast til gagn for presteskapet og til å fremje opplysinga.
Eigedommane til milde stiftingar skal berre nyttast til deira eige
gagn.
§ 107
Odels- og åsetesretten må ikkje opphevast. Dei nærare vilkåra
for korleis han skal stå ved lag til størst mogleg nytte for staten
og gagn for landallmugen, blir fastsett av det fyrste eller andre
stortinget.
§ 108
Heretter kan det ikkje skipast grevskap, baroni, stamhus eller
fideikommiss.
§ 109
Alle statsborgarane har i regelen den same skyldnaden til å verne
fedrelandet ei viss tid, utan omsyn til fødsel eller formue.
Korleis denne grunnsetninga skal gjennomførast, og kva unnatak
ho skal ha, blir fastsett i lov.
§ 110
Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at kvart
arbeidsført menneske kan leve av arbeidet sitt.
Nærare føresegner om medråderetten til dei tilsette på arbeidsplassen
blir fastsette i lov.
§ 110 a
Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske
folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.
§ 110 b
Alle har rett til eit helsesamt miljø og ein natur der produksjonsevna
og mangfaldet blir haldne ved lag. Naturressursane skal forvaltast
ut frå ein langsiktig og allsidig synsmåte for å tryggje denne retten
for kommande slekter.
Borgarane har rett til kunnskap om korleis det står til med naturmiljøet,
og om verknadene av planlagde og iverksette inngrep i naturen, slik
at dei kan tryggje den retten dei har etter førre leddet.
Dei statlege styresmaktene gjev nærare føresegner for å gjennomføre
desse grunnsetningane.
§ 110 c
Dei statlege styresmaktene skal respektere og tryggje menneskerettane.
Nærare føresegner om gjennomføringa av traktatar om dette blir
fastsette i lov.
§ 111
Forma og fargane på det norske flagget blir fastsette i lov.
§ 112
Viser røynsla at nokon del av denne grunnlova for Kongeriket
Noreg bør endrast, skal framlegget om endring leggjast fram på det
fyrste, andre eller tredje stortinget etter eit nytt val og kunngjerast
på prent. Men det er fyrst det fyrste, andre eller tredje stortinget
etter neste val som avgjer om endringa skal gjerast eller ikkje.
Ei slik endring må likevel ikkje stri mot prinsippa i denne grunnlova,
men berre gjelde modifikasjonar i einskilde føresegner som ikkje endrar
ånda i denne konstitusjonen, og to tredjedelar av Stortinget må
vere samde i ei slik endring.
Ei grunnlovsføresegn som er vedteken på denne måten, skal underskrivast
av Stortingets president og sekretær og sendast til kongen til kunngjering
på prent som gjeldande føresegn i Kongeriket Noregs grunnlov.
Alternativ 2
Tittelen på Grunnlova skal lyde:
Noregs rikes grunnlov
Alternativ 3
§ 6 tredje ledd skal lyde:
Arverett har likevel berre dei som er fødde i rett nedstigande
line frå den sist regjerande dronninga eller kongen eller hennar
eller hans sysken, og dei som sjølve er hennar eller hans sysken.
Alternativ 4
§ 9 fyrste ledd skal lyde:
Så snart kongen, som myndig, tek til med regjeringa, gjer han
denne eiden for Stortinget: «Jeg lover og sværger, at ville regjere
Kongeriget Norge i Overensstemmelse med dets Konstitution og Love;
saasandt hjælpe mig Gud den Almægtige og Alvidende!»
Alternativ 5
§ 14 andre punktum skal lyde:
Kvar statssekretær handlar på vegner av den medlemmen av statsrådet
som han er knytt til, så langt denne medlemmen fastset.
Alternativ 6
§ 17 skal lyde:
§ 17
Kongen kan gje og oppheve provisoriske anordningar om handel,
toll, næringsvegar og offentleg forvaltning og regulering. Dei må
ikkje stri mot konstitusjonen eller dei lovene Stortinget har gjeve
i samsvar med §§ 76, 77, 78 og 79. Dei gjeld provisorisk til neste
storting.
Alternativ 7
§ 21 fjerde punktum skal lyde:
Dei kongelege prinsane kan ikkje ha sivile embete.
Alternativ 8
§ 22 fyrste ledd andre punktum skal lyde:
Det same gjeld for embetsmennene som er tilsette ved statsrådskontora
eller i diplomatiet eller konsulatstellet, sivile overøvrigheitspersonar,
sjefar for regiment og andre militære korps, kommandantar på festningar
og høgstbefalande på krigsskip.
Alternativ 9
§ 25 fyrste ledd fyrste punktum skal lyde:
Kongen har høgste befalinga over land- og sjømakta til riket.
Alternativ 10
§ 28 andre punktum skal lyde:
Han skal ekspedere sakene i samsvar med avgjerda i statsrådet.
Alternativ 11
§ 29 fyrste ledd skal lyde:
Hindrar lovleg forfall ein statsråd frå å møte og målbere saker
som høyrer til hans fagområde, skal dei målberast av ein annan statsråd,
som kongen konstituerer til det.
Alternativ 12
§ 29 andre ledd skal lyde:
Hindrar lovleg forfall så mange frå å møte at ikkje fleire enn
helvta av det fastsette talet på medlemmer er til stades, skal så
mange andre kvinner eller menn som naudsynt konstituerast til å
ta sete i statsrådet.
Alternativ 13
§ 30 tredje ledd fyrste punktum skal lyde:
Meiner nokon medlem av statsrådet at avgjerda til kongen strir
mot statsforma eller lovene i landet, har han plikt til å ta kraftig
til motmæle og skrive si meining i protokollen.
Alternativ 14
§ 41 fyrste punktum skal lyde:
Er kongen utanfor riket utan å vere i felt, eller er han så sjuk
at han ikkje kan ta seg av regjeringa, skal den næraste arvingen
til trona stå for regjeringa som mellombels utøvar av kongemakta,
så framt han har nådd myndig alder for kongen.
Alternativ 15
§ 44 fyrste ledd skal lyde:
Den prinsessa eller prinsen som står for regjeringa i dei tilfella
som er nemnde i § 41, skal skriftleg gjere denne eiden for Stortinget:
«Jeg lover og sværger at ville forestaa Regjeringen i Overensstemmelse med
Konstitutionen og Lovene, saa sandt hjælpe mig Gud den Almægtige
og Alvidende!»
Alternativ 16
§ 45 skal lyde:
§ 45
Så snart statsstyringa deira er over, skal dei gjere rekneskap
for henne til kongen og Stortinget.
Alternativ 17
§ 49 skal lyde:
§ 49
Folket utøver den lovgjevande makta ved Stortinget.
Alternativ 18
§ 50 fyrste ledd skal lyde:
Røysterett ved stortingsval har dei norske borgarane, kvinner
og menn, som har fylt 18 år eller fyller 18 år i det året valtinget
blir halde.
Alternativ 19
§ 59 andre ledd fyrste punktum skal lyde:
Røystetalet for kvart parti i kvart valdistrikt skal delast med
1,4; 3; 5; 7 og så bortetter til det er delt så mange gonger som
talet på mandat vedkommande parti kan ventast å få.
Alternativ 20
§ 62 fyrste ledd andre punktum skal lyde:
Det same gjeld medlemmene av Høgsterett og tenestemenn som er
tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet.
Alternativ 21
§ 63 fyrste ledd bokstav a skal lyde:
Alternativ 22
§ 63 tredje ledd skal lyde:
Like eins skal det fastsetjast i lov når og korleis ein som er
vald til representant for to eller fleire valdistrikt, skal gje
fråsegn om kva val han vil ta imot.
Alternativ 23
§ 66 fyrste punktum skal lyde:
På reisa til og frå Stortinget og medan dei er der, er representantane
fritekne frå personleg hefting, om dei ikkje blir gripne i offentlege
brotsverk.
Alternativ 24
§ 71 skal lyde:
§ 71
Medlemmene av Stortinget er valde for fire år på rad.
Alternativ 25
§ 75 h skal lyde:
Alternativ 26
§ 81 andre punktum skal lyde:
Di har Vi godkjent og stadfest, slik Vi med dette godkjenner
og stadfester dette vedtaket som lov, under Vår hand og riksseglet.»
Alternativ 27
§ 91 skal lyde:
§ 91
Ingen kan utnemnast til medlem av Høgsterett før han er 30 år
gammal.
Alternativ 28
§ 92, innleiinga til punktoppstillinga i fyrste ledd skal lyde:
Til embete i staten kan det berre utnemnast norske borgarar,
kvinner eller menn, som talar språket i landet og
Alternativ 29
§ 94 skal lyde:
§ 94
Ei ny allmenn sivillovbok og straffelovbok skal gjevast ut på
det fyrste eller, om dette ikkje er mogleg, på det andre ordentlege
stortinget. Til dess står dei nogjeldande lovene i landet ved lag,
om dei ikkje strir mot denne grunnlova eller mot dei provisoriske lovene
som måtte bli gjevne i mellomtida.
Alternativ 30
§ 94 fyrste ledd skal lyde:
Ei ny allmenn sivillovbok og straffelovbok skal gjevast ut på
det fyrste eller, om dette ikkje er mogleg, på det andre ordentlege
stortinget. Til dess står dei nogjeldande lovene i landet ved lag,
om dei ikkje strir mot denne grunnlova eller mot dei provisoriske anordningane
som måtte bli gjevne i mellomtida.
Alternativ 31
§ 96 andre punktum skal lyde:
Det må ikkje nyttast tortur under forhøyr.
Alternativ 32
§ 104 skal lyde:
§ 104
Jord og bulut kan ikkje i noko tilfelle forbrytast.
Alternativ 33
§ 105 skal lyde:
§ 105
Krev omsyn til samfunnet at nokon må gje frå seg sin faste eller
rørlege eigedom til offentleg bruk, skal han få fullt vederlag av
statskassa.