Grunnlovsframlegg frå Per Olaf Lundteigen og Helge Thorheim om endring i § 57 femte ledd (utanlandske borgarar skal ikkje reknast med ved mandatfordelinga til Stortinget)

Til Stortinget

Bakgrunn

Grunnlova § 57 seier at stortingsmandata si fordeling mellom dei ulike valdistrikta skal gjerast kvart åttande år. Fylka i Noreg er valdistrikta. Kommunal- og regionaldepartementet offentleggjorde 7. mai 2012 fordelinga som skal gjelda for stortingsvala i 2013 og 2017. Til grunn for denne fordelinga av stortingsmandat ligg innbyggjartalet i fylket og arealet av fylket. Neste endring blir gjeldande frå stortingsvalet i 2021.

Etter Grunnlova kan berre norske borgarar verta valde som stortingsrepresentantar, og berre norske borgarar kan røysta ved stortingsval. Men ved utrekninga av mandatfordelinga til Stortinget blir derimot òg utanlandske borgarar registrerte som busette i Noreg tekne med i utrekningsgrunnlaget. Talet på utanlandske borgarar og fordelinga av dei mellom valdistrikta påverkar slik mandatfordelinga mellom distrikta. Forslagsstillarane meiner det er prinsipielt galt at personar utan røysterett ved stortingsval påverkar mandatfordelinga mellom valdistrikta berre ved å vera busette i Noreg. Forslagsstillarane meiner dette er ein demokratisk uheldig inkonsekvens i Grunnlova som bør rettast opp uavhengig av synet på kva følgjer opprettinga vil ha for mandatfordelinga.

Forslagsstillarane meiner utrekningsgrunnlaget for mandatfordelinga til Stortinget må vera den same gruppa som har røysterett ved stortingsval.

Forslagsstillarane føreslår difor at paragraf 57 i Grunnlova vert endra slik at utanlandske borgarar ikkje skal reknast med ved mandatfordelinga til Stortinget.

Framlegg

På dette grunnlaget vert det fremja følgjande

framlegg:

§ 57 femte ledd skal lyda:

Talet på stortingsrepresentantar som skal veljast frå kvart valdistrikt, blir utrekna på grunnlag av høvet mellom talet på norske borgarar og flatevidda i distriktet på den eine sida og talet på norske borgarar og flatevidda i heile riket på den andre sida. I denne utrekninga gjev kvar borgar 1 poeng og kvar kvadratkilometer 1,8 poeng. Utrekninga skal gjerast kvart åttande år.

Det antall stortingsrepresentanter som skal velges fra hvert valgdistrikt, beregnes på grunnlag av forholdet mellom distriktets antall norske borgere og areal på den ene siden og hele rikets antall norske borgere og areal på den andre siden. I denne beregning gir hver borger 1 poeng og hver kvadratkilometer 1,8 poeng. Beregningen skal foretas hvert åttende år.

Vedlegg

Per Olaf Lundteigen

Helge Thorheim

Referert i Stortingets møte 30. september 2016.

«Forslaget blir under presidentens ansvar å bekjentgjøre ved trykken for å komme til avgjørelse på første, annet eller tredje storting etter neste valg.»

Olemic Thommessen

president

30. september 2016