3. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Haakon Blankenborg, leiaren Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, frå Høgre, Mette Korsrud, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, frå Framstegspartiet, Morten Høglund og Christopher Stens­aker, frå Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, frå Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise, og frå Senterpartiet, Åslaug Haga, har merka seg målsettinga for norsk svalbardpolitikk som er å ha ei heilskapleg forvaltning av norske interesser i polarområda. For å nå dette hovudmålet er det særleg viktig å samordne departementa sin politikk i polarområda, og leggja til rette for eit godt lokaldemokrati i Longyearbyen.

Komiteen ser positivt på at forskings- og utdanningsverksemda på Svalbard har auka monaleg dei seinaste åra, og at Svalbard er blitt sentral både for nasjonal og internasjonal forsking i Arktis. Komiteen har særleg merka seg at Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) jamt over har blitt høgt vurdert i Noregs forskingsråd sine internasjonale evalueringar av realfag i Noreg.

Komiteen har merka seg dei budsjettmessige utfordringane for 2004. Det gjeld i fyrste rekkje den nye helikopteravtala om leige av helikopterteneste med verknad frå 1. april 2004. Den nye kontrakta gjeld leige av eit Super Puma AS 332 helikopter og eit AS Dauph­in N2 helikopter. Begge helikoptra har avansert redningsutstyr og medverkar til ei styrking av tenestene på Svalbard. Den nye avtala inneber auka kostnader i forhold til dagens avtale. Komiteen har difor merka seg at Sysselmannen si transportteneste blir foreslått auka med 11 100 000 kroner til 59 550 000 kroner i 2004. Komiteen er kjent med at det kjem ytterlegare kostnader i 2005 som fylgje av heilårsverknad for den nye avtala.

Komiteen har merka seg oppgraderinga av fjernvarmenettet. Dei totale investeringane i fjernvarmenettet er rekna til å koste om lag 90 000 000 kroner. Det er for 2004 foreslått å vidareføre løyvinga på 7 100 000 kroner frå 2003, slik at lokalstyret blir i stand til å finansiere investeringane i fjernvarmenettet. Komiteen er kjent med at investeringane skal finansierast ved låneopptak.

Komiteen er merksam på rehabiliteringa og ombygginga av eigedommar på Svalbard. Eigedommane Svalbard kyrkje, samt tankanlegga på Bjørnøya og Hopen er planlagt rehabilitert og ombygd i 2003 og 2004. Eigedommane vil bli innlemma i Statsbygg si husleigeordning frå 1. januar 2004. Meirkostnadane som fylgje av arbeidet er rekna til å koste om lag 1 300 000 kroner.

Komiteen har merka seg hevinga av skatteprosenten frå 6 pst. til 8 pst. Komiteen er kjent med at denne satsen sist vart heva i 1998 frå 4 pst. til 6 pst. Komiteen vil påpeike at dette er ei justering, og ikkje eit signal om å heve skattenivået mot nivået på fastlandet. Komiteen vil påpeike at ein ikkje ynskjer å auke overføringane ut over dagens nivå på svalbardbudsjettet, sjå Innst. S. nr. 196 (1999-2000).

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til sitt alternative budsjett (jf. Budsjett-innst. S. I (2003-2004)) hvor Arbeiderpartiet gikk imot økningen av skatt på Svalbard fra 6 pst. til 8 pst.

Komiteen merkar seg at svalbardbudsjettet for 2004 er på 169 453 200 kroner. Dette er ein auke på 18 528 000 kroner i forhold til det salderte budsjettet for 2003.