Innstilling frå utanrikskomiteen om lov om gjennomføring av Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 19 (1993-1994)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 25 (1993-94)
  • Dato: 02.02.1994
  • Utgiver: utanrikskomiteen

1. Samandrag

       Proposisjonen inneheld framlegg til ny lov om korleis ein skal gjennomføre konvensjonen av 13. januar 1993 om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei (Konvensjonen om forbod mot kjemiske våpen).

       Bakgrunnen for proposisjonen er at somme delar av konvensjonen gjer det nødvendig å endre norsk rett. Dette gjeld gjennomføring av det inspeksjonssystemet som konvensjonen set opp, og dessutan pliktene til å forby alle handlingar som er i strid med konvensjonen samt pliktene til å setje i verk dei tiltaka som er nødvendige for å nå måla i konvensjonen, heiter det i proposisjonen.

       Konvensjonen vart underskriven i Paris den 13. januar 1993. Spørsmålet om samtykke til ratifikasjon av konvensjonen er lagt fram for Stortinget som eiga sak, jf. St.prp. nr. 77 (1992-1993), der den engelske konvensjonsteksten med protokollar og vedlegg, med norsk omsetjing, følgjer som trykte vedlegg. Stortinget gav samtykke til ratifikasjon den 9. juni 1993, i samsvar med tilrådinga frå utanriks- og konstitusjonskomiteen ( Innst.S.nr.186 (1992-1993)). Konvensjonen trer i kraft 180 dagar etter at 65 land har ratifisert. Konvensjonen er til no underskriven av 154 land, og av desse har 4 land ratifisert, mellom anna Sverige.

       Det blir i proposisjonen vist til at dersom ein gjev forbod eller påbod som representerer inngrep i rettsområdet til private og ikkje berre får verknad for staten og statleg eigedom, krevst det lovheimel. Det er derfor gjort framlegg om at det i § 1 i lova skal gjevast eit generelt forbod mot den typen handlingar som konvensjonen forbyr.

       Konvensjonen sine verifikasjonsreglar er omfattande, og for første gong vil ei nedrustingsavtale innebere at ein heil industri, både militær og sivil, jamnleg skal kontrollerast.

       Det skal opprettast ein eigen organisasjon som skal arbeide for at formålet med konvensjonen blir oppfylt, m.a. ved å setje i verk inspeksjonar. Elles blir det teke med ei særskild føresegn om immunitet, jf. lov av 19. juni 1947 nr. 5 om immunitet og privilegier for internasjonale organisasjoner m.v.

       Det blir i proposisjonen vist til at spørsmålet om å fremja ei eiga lov om gjennomføring av konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei, har vore lagt fram for Justisdepartementet, Finansdepartementet og Forsvarsdepartementet som har rådd til at det blir fremja eit slikt forslag.

       Det heiter i proposisjonen at det er truleg at lovutkastet vil få svært avgrensa administrative og økonomiske konsekvensar.

       Proposisjonen inneheld vidare meir detaljerte kommentarar til dei einskilde føresegnene i lovutkastet.

Komitémerknader

       Komiteen registrerer at Stortinget den 9. juni gav samtykke til ratifikasjon av konvensjonen om forbud mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt ødeleggelse av disse.

       Komiteen er innforstått med at deler av konvensjonen gjør det nødvendig å endre norsk lov.

       Komiteen ser positivt på at man får et internasjonalt forpliktende regelverk på dette området, og mener det er viktig at Norge så raskt som mulig endrer sitt lovverk slik at vi kan følge opp konvensjonen.

       Komiteen anbefaler det framsatte utkast til lov om gjennomføring av konvensjonen om forbud mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt ødeleggelse av disse.


2. Komiteens tilråring

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere følgjande

vedtak til lov
om gjennomføring av Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei.

§ 1.

       Det er forbode å utvikle, produsere, skaffe, lagre, overføre m.m. kjemiske våpen i strid med Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei av 13. januar 1993.

       Kongen får fullmakt til å gje nærmare reglar for å oppfylle Noregs plikter etter konvensjonen, medrekna føresegner om øydelegging av kjemiske våpen og produksjonsmiddel m.m.

§ 2.

       Dei personane som etter Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei skal ha immunitet og privilegium, får utan hinder av norsk lov immunitet og privilegium i samsvar med føresegnene i denne konvensjonen.

       Kongen kan gje nærmare reglar for korleis føresegnene om immunitet og privilegium skal gjennomførast.

§ 3.

       Det kan setjast i verk inspeksjonar av område, installasjonar og andre innreiingar som staten ikkje sjølv eig eller har råderett over, i samsvar med føresegnene i Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei.

       Kongen eller den han gjev fullmakt til det, kan leggje på grunneigaren eller andre rettshavarar slike plikter som trengst for at ein inspeksjon skal kunne gjennomførast.

§ 4.

       Denne lova gjeld også for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda.

§ 5.

       Den som bryt denne lova eller føresegner som er gjevne med heimel i lova, vert straffa med bøter eller fengsel i opptil fem år. Aktlause handlingar vert straffa med bøter eller fengsel i opptil to år. Medverknad vert straffa på same måten.

§ 6.

       Lova trer i kraft på det tidspunktet som Konvensjonen om forbod mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt øydelegging av dei trer i kraft.

Oslo, i utanrikskomiteen, den 2. februar 1994.

Haakon Blankenborg, Brit Hoel, Anne Enger Lahnstein,
leiar. ordførar. sekretær.