2. Nærare om lovframlegget

Til § 1

       Paragrafen fastset føremålet med lova. Utkastet §§ 2 og 3 inneheld føresegner med varig verknad. Elles har lova til føremål å regulere ymse overgangsspørsmål, mellom anna endringar i andre lover i samband med at forvaltningsbedrifta Televerket blir omdanna til aksjeselskap.

Til § 2

       Paragrafen fastset at det aksjeselskapet som Televerket blir omdanna til, er underlagt den allmenne aksjelovgivinga, medrekna særreglane for aksjeselskap der staten eig alle aksjar.

Til § 3

       Paragrafen lovfester at staten skal eige alle aksjar i aksjeselskapet. Føresegna inneber eit avvik frå utgangspunktet til aksjelova § 3-2 om at aksjar fritt kan omsetjast.

Til § 4

       I første ledd gjer ein framlegg om ei generell overføring av offentlege rettar, konsesjonar, løyve m.v. til aksjeselskapet utan nærare vedtak frå offentlege styresmakter.

       Framlegget har samanheng med at forvaltningsbedrifta Televerket sit med ei rad offentlege rettar i form av konsesjonar, løyve m.v. som skal overførast til aksjeselskapet i samband med omdanninga.

       Televerket eig eller har langvarige bruksrettar til svært mange faste eigedomar som likeeins må overførast til aksjeselskapet.

       Det vil vere svært ressurskrevjande både for Televerket og styresmaktene å gjennomføre individuelle overføringar for kvart einskilt rettsforhold, og å innhente særskilde løyve frå ulike styresmakter til overføring av konsesjonar, løyve m.v.

       I andre ledd er det på dette grunnlag gjort framlegg om ei føresegn om omregistrering av heimelsforhold til eigedelar, rettar m.v. i offentlege register i samband med omdanninga.

Til § 5

       I § 5 gjer departementet framlegg om ei føresegn som hindrar kreditorane og andre rettshavarar å motsetje seg at aksjeselskapet tek over som skyldnar for Televerkets (statens) avtaleskyldnader. Framlegget heng saman med at verksemda i forvaltningsbedrifta Televerket er basert på svært mange avtalar, som alle pålegg verksemda rettar og/eller skyldnader.

       Ved omdanninga av Televerket er alle dei avtalar der Televerket i dag er part, føresett overført til aksjeselskapet.

       Etter vanlege formuerettslege reglar vil dei rettar basert på avtale som forvaltningsbedrifta sit med, kunne overførast til aksjeselskapet utan at den andre parten kan gjere gjeldande innvendingar mot overføringa.

       Når det gjeld dei skyldnader Televerket har i medhald av avtalar, kan ikkje desse på same vis med frigjerande verknad for staten fritt overførast til aksjeselskapet.

       For å avklare ansvarsforholdet ved overføring av Televerkets skyldnader til aksjeselskapet og å avskjere eventuelle motsegner frå kreditorane etter alle dei avtaleskyldnadene som skal overførast, meiner departementet det bør fastsetjast ei slik føresegn som det her er gjort framlegg om. Føresegna vil gjera omdanningsarbeidet vesentleg enklare.

Til § 6

       For tenestemenn i Televerket vil omdanninga medføre at dei ikkje lenger er omfatta av tenestemannslova. Arbeidsmiljølova vil gjelde fullt ut for dei tilsette i aksjeselskapet.

       Det blir i lovutkastet § 6 gjort framlegg om at reglane om førerett til anna statsstilling og rett til venteløn ved oppseiing etter tenestemannslova § 13 blir ført vidare i eit avgrensa tidsrom frå omdanningstidspunktet.

       Departementet gjør framlegg om at rettane gis for ein periode på inntil 3 år i første omgang. I lys av utviklinga i aksjeselskapet vil ein seinare vurdere ei forlenging av overgangsperioden med 1-2 år.

Til § 7

       Det blir her overlate til Kongen å fastsetje tidspunkt for iverksetting av lova. Ein tek sikte på at tidspunktet vil falle saman med gjennomføringstidspunktet for omdanninga.

Til § 8

       Paragrafen fastset endringar i anna lovgiving som er ein konsekvens av at Televerket som forvaltningsbedrift opphøyrer og blir vidareført i aksjeselskaps form.

       Dette gjeld:

1. Lov 29. april 1899 om Eneret for Staten til Befordring af Meddelelse ved Hjælp af Telegraflinjer og lignende anlæg. (Telegrafloven)
       Framlegget her gjeld føresegna om teieplikt i telegraflova § 5. Det er naudsynt å fastsetje ei ny formulering av føresegna i samband med omdanninga til aksjeselskap.
       Endring i telegraflova § 6 nr. 2 trengst for å kunne bruke straffeføresegna i straffelova § 121 overfor tilsette i aksjeselskapet.
2. Lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål
       Tvistemålslova § 204 nr. 2 inneheld forbod mot at retten mottar forklaring som inneber brot på lovfastsett teieplikt som følgje av arbeid eller teneste for stat eller kommune.
       Etter ei omdanning av Televerket til aksjeselskap vil personar som utfører teneste eller arbeid for det nye aksjeselskapet ikkje vere omfatta av tvistemålslova § 204 nr. 2.
       Departementet meiner at dei same reglane for høvet til å ta imot vitneforklaringar framleis bør gjelde, og at desse bør gjelde generelt for personar som utfører teneste eller arbeid for nokon som driv offentleg telenett eller tilbyr offentlege teletenester (teleoperatør). Det vert derfor gjort framlegg om at tvistemålslova § 204 nr. 2 blir endra slik at desse personane blir omfatta av forbodet mot å motta vitneforklaring.
3. Lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker
       Endringsframlegget til straffeprosesslova § 118 første ledd første punktum svarer til endringa i tvistemålslova § 204 nr. 2 første punktum som er omtalt i pkt. 2 ovanfor.
       Straffeprosesslova § 211 første ledd gjeld retten til å ta beslag i m.a. telegram som fortsatt vil bli ei samfunnspålagt oppgave.
4. Lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting
       Det er gjort framlegg om å oppheve kringkastingslova § 6-1 tredje ledd som gir Kongen rett til å dra den nærare grensa mellom verksemda i Norsk rikskringkasting og i Televerket. Føresegna er overflødig, då kringkastingslova § 1-1 gir heimel til å avgjere grensa mellom kringkasting og telekommunikasjon.