2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til at lovforslaget er ei oppfølging av EØS-avtala som fleirtalet i Stortinget har slutta seg til. Komiteen viser vidare til dei einskilde partia sine merknader om konsesjonsreglane i Innst.S.nr.248 (1991-1992), jf. St.prp. nr. 100 (1991-1992).

       Komiteen støttar at ein treng restriksjonar på kjøp av fritidseigedomar. Dette særleg ut frå å sikre at moglegheitene for innanlandsbuande til å skaffe seg fritidseigedom ikkje må verte svekka. Dette må ein sjå på bakgrunn av at å eige og bruke fritidseigedomar er ein del av norsk ferie- og fritidskultur.

       Komiteen konstaterer at EØS-avtala gjer det nødvendig å endre regelverket når det gjeld konsesjon. Komiteen meiner at det i denne situasjonen er praktisk å følgje konsesjonsreglane for utanlandsbuande slik Danmark, Finland og Sverige gjer. Komiteen er av den meining at det bør etablerast ein konsesjonsterskel som er så høg at ein fangar opp utanlandsbuande kjøp til fritidsføremål, og at ein dermed kan hindre kjøp av fritidseigedomar som ikkje er ynskjeleg.

       Komiteen støttar at konsesjonsplikta for utanlandsbuande vert knytt til føremålet med kjøpet, dette for å kunne hindra at heilårsbustader og mindre landbrukseigedomar vert kjøpte opp og nytta som fritidseigedomar.

       Komiteen vil vise til bupliktreglane i konsesjonslova sin § 6, og moglegheitene for å setja vilkår om buplikt for å hindre at landbrukseigedomar vert kjøpte og nytta til fritidsføremål.

       Komiteen er samd i at reglane ikkje vert avgrensa til EØS-landa, men at lova også gjeld for kjøparar frå andre land. Komiteen sluttar seg til at det offentlege ikkje skal ha forkjøpsrett i saker der konsesjonslova vert nytta for å kontrollere utanlandsbuande sine kjøp av fritidseigedomar.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner det er nødvendig å ha konsesjonslover som gjer det mogleg å setja vilkår ved konsesjon for dermed å ta i vare nasjonale interesser. Desse medlemene meiner det er uheldig å endre regelverket vi har i dag slik EØS-avtala krev. Desse medlemene meiner at sjølv med denne omlegginga kan ein få auka prispress på fritidseigedomar, press om auka utbygging og nedprioritering av miljø- og ressursomsyn. Desse medlemene viser ellers til merknadene frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i Innst.S.nr.248 (1991-1992).