1. Innledning

       Til Odelstinget.

       Stortingsrepresentantene Jan Simonsen og Tor Nymo har den 14. juni 1994 sett fram følgjande forslag:

« Vedtak til lov

om endring i lov av 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (tvistemålsloven).

I.

       I lov av 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (tvistemålsloven) gjøres følgende endring:

§ 407 nytt andre ledd skal lyde:

       Gjenopptakelse kan også besluttes når særlige forhold gjør det tvilsomt om dommen er riktig og tungtveiende hensyn tilsier at dommen blir prøvet på nytt.

II.

       Denne lov trer i kraft straks. »

       I grunngjevinga for forslaget vert det m.a. vist til at reglane om gjenopptaking i tvistemålslova og straffeprosesslova er relativt like. På eitt punkt er det likevel ein viktig skilnad. For straffesaker er det gjeve ein regel som gjer det mogleg å vedta gjenopptaking dersom særlege tilhøve reiser tvil om dommen er rett, og tungtveiande omsyn talar for at skuldspørsmålet blir prøvt på ny. I tvistemålslova finn ein ingen slik tryggleiksventil.

       I dag tyder alt på at regelverket gjer det i praksis nestan umogleg å få gjenoppteke sivile saker, og forslagsstillarane føreslår difor ei endring som gjev likskap mellom straffesaker og sivile saker.