8. Granskingskommisjonar sitt vern mot mortifikasjonssøksmål

       Departementet gjer framlegg om at granskingskommisjonar blir verna mot mortifikasjonssøksmål. Mortifikasjon tyder at ei uttale blir kjend død og makteslaus, jf. straffelova § 253 nr.1.

       Etter gjeldande reglar skal kravet om mortifikasjon avvisast mellom anna der uttala det gjeld kjem fram i ein dom eller rettsleg avgjerd, eller når uttala er kome fram i ei avgjerd frå Sivilombodsmannen. Granskingskommisjonar har i dag ikkje vern mot mortifikasjonssøksmål. Medlemene vil derimot ofte sleppa straff dersom ei ærekrenking er sett fram i ein samanhang der vedkommande har vore nødt til å uttala seg. Det kan i slike tilfelle heller ikkje krevast vederlag.

       Departementet meiner det er ein viss fare for at dei mest kvalifiserte ikkje vil delta i granskingskommisjonar av frykt for at det seinare blir reist mortifikasjonssøksmål på grunn av utsegn kommisjonen har kome med. Eit resultat kan òg vera at medlemene kvier seg for å seia kva dei meiner i rapporten. Desse omsyna må vegast opp mot omsynet til dei som kjenner seg krenka av utsegna i rapporten. Det vil framleis vera mogeleg å ramma ei utsegn frå ein granskingskommisjon med straff, og er vilkåra for straff oppfylt, vil heller ikkje retten til å få utsegna mortifisert vera stengt.

       Vernet for dommarar og Sivilombodsmannen er i dag utan avgrensingar. Søksmål mot uttale som er sett fram av eit vitne under forklaring i rettsmøte m.v. kan derimot ikkje avvisast dersom retten finn at den fornærma bør få sanninga om uttala prøvd, eller at uttala ligg utanfor den aktuelle saka. Departementet meiner det er naturleg at dei same reglane som gjeld Sivilombodsmannen òg skal gjelde for granskingskommisjonar og at ein ikkje legg nokre avgrensingar i vernet mot mortifikasjonssøksmål.

       Dei aller fleste høyringsinstansar stør departementet sitt framlegg. Norsk Redaktørforening har gjort framlegg om at heile mortifikasjonsinstituttet vert fjerna. LO går imot framlegget fordi det ikkje gjev godt nok vern for dei som vert krenka av utsegn frå kommisjonen.

       Departementet viser til at føremålet med ein granskingskommisjon talar for at kommisjonen må vera fri til å koma med den kritikk den meiner er naudsynt. Det vil framleis vera høve til å ramma ei utsegn frå granskingskommisjonen med straff og i så fall òg med mortifikasjon. Omsynet til dei krenka er dermed tilstrekkeleg ivareteke.

       Departementet føreslår at dei kommisjonane som skal vernast vert nemnde direkte i straffelova. Regelen vil omfatta alle kommisjonar som har til oppgåve å granska faktiske tilhøve med sikte på å avdekkja lovbrot eller kritikkverdige tilhøve. Organ som har ein mer blanda karakter, som dels skal føra tilsyn og dels driva med gransking, vil berre vera verna når dei gjennomfører gransking. Regelen gjeld organ som er oppnemnde av Kongen, Stortinget, eit departement eller fylkesmann. Andre organ kan vernast etter særleg vedtak av Kongen. Vernet kan berre gjevast til kontrollorgan som er oppnemnt av det offentlege.

       Regjeringsadvokaten tek i si uttale opp spørsmålet om vernet mot mortifikasjonssøksmål også bør omfatta dei som gjev opplysningar til kommisjonen. Departementet er einig i at også vitne bør vernast når den kommisjonen dei forklarer seg for er verna og på same vilkår som vitne i rettssaker m.v. Departementet går ikkje inn for at mortifikasjonsvernet skal omfatta den offentlege instansen som har bede om at kommisjonen sin rapport vert offentleggjort.

       Pressa er ikkje verna mot mortifikasjonssøksmål. Norsk Journalistlag og Norsk Presseforbund har teke opp spørsmålet om ikkje mortifikasjonsvernet for granskingskommisjonar òg bør omfatta pressa sitt referat av rapportane. Departementet meiner at dette spørsmålet best kan takast opp ved eit høve der ein ser på heile injurielovgjevinga.

       Fleire høyringsinstansar kommenterer regelen om at eit mortifikasjonskrav ikkje kan avvisast når det vert sett fram krav om straff, med mindre straffekravet vert avvist eller forkasta. Departementet viser til at dersom ein skulle endra regelen om mortifikasjonssøksmål i tilknytning til ei straffesak, vil dette vera ei så omfattande endring at den ikkje er aktuell i denne omgangen.

Komiteen sine merknader

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, syner til at granskingskommisjonar i dag ikkje har vern mot mortifikasjonssøksmål. Fleirtalet meiner det er viktig at granskingskommisjonar må vere fri til å kome med den kritikk dei meiner er naudsynt. Det kan vere ein fare for at manglande vern mot mortifikasjonssøksmål gjer at dei mest kvalifiserte ikkje vil delta i granskinskommisjonar i frykt for eit seinare søksmål på grunn av utsegn kommisjonen har kome med. Fleirtalet er samd med departementet og fleirtalet av høyringsinstansane som ønskjer eit lovvern mot mortifikasjonssøksmål for granskingskommisjonar.

       Fleirtalet legg vekt på at eit slikt vern skal gjelde organ oppnemnde av Kongen, Stortinget, eit departement eller fylkesmannen. Fleirtalet meiner også andre organ kan få vern etter særskild vedtak av Kongen, men at vernet berre kan gjelde kontrollorgan som er oppnemnt av det offentlege. Fleirtalet har merka seg at lovframlegget nevner dette særskild.

       Fleirtalet vil vise til at mortifikasjonsvernet ikkje gjeld den offentlege instansen som har bede om at rapporten frå kommisjonen vert offentleg. Fleirtalet meiner oppdragsgjevar har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere sanninga i rapporten, og at eventuelle usanne rykte vert stoppa.

       Fleirtalet har merka seg spørsmålet frå Norsk Journalistlag og Norsk Presseforbund om ikkje mortifikasjonsvernet for granskingskommisjonar òg bør omfatte pressa sitt referat av rapportane. Fleirtalet er samd med departementet, og meiner at dette spørsmålet best kan takast opp ved ein generell gjennomgang av injurielovgjevinga.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet er imot den foreslåtte lovendringen som har som hensikt å sikre granskningskommisjoner vern mot mortifikasjonssøksmål. Dette medlem er enig i at slike kommisjoner må være fri til å komme med den kritikken de mener er nødvendig, men kritikken må være basert på opplysninger som er sannferdige. Muligheten for å gå til mortifikasjonssøksmål bidrar til å tvinge granskningskommisjoner til å foreta et mer solid arbeid enn det som kan risikeres dersom denne muligheten fjernes, og vil dermed også bidra til å gi granskningskommisjonene større autoritet. Selvsagt må oppdragsgiveren ha et selvstendig ansvar for å vurdere sannheten i en rapport og eventuelt stanse usanne rykter, men det bør ikke frita granskningskommisjonene fra et selvstendig ansvar for å være sannferdige.

       Dette medlem vil etter dette stemme imot forslaget til endring av straffeloven § 253.