Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om lov om endringar i lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 47 (1994-1995)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 53 (1994-95)
  • Dato: 09.05.1995
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

1. Innledning

       Til Odelstinget.

       Departementet gjer framlegg om endringar i § 32 i grunnskolelova. Endringane gjeld samansetjinga av samarbeidsutvalet og elevane si stilling i forhold til samarbeidsutvalet. Denne aktuelle paragrafen vart sist endra i samband med tilpassinga av særlovgjevinga til ny kommunelov, jf. Ot.prp. nr. 59 og Innst.O.nr.135 (1992-1993).

       Departementet har fått einskilde reaksjonar på at elevane ikkje skal vere ordinære medlemer av samarbeidsutvalet og gjer difor framlegg om at elevane, som tidlegare, skal få møte i samarbeidsutvalet med fulle rettar. Fleirtalet av høyringsinstansane støttar dette framlegget.

       Samarbeidsutvalet vil etter dette ha to representantar for lærarane, ein representant for andre tilsette, to representantar for foreldrerådet, to representantar for elevrådet og rektor som representant for kommunen. I tillegg nemner kommunen opp ein representant. Det ligg framleis den avgrensinga i ordninga at elevane ikkje i noko høve bør vere til stades dersom samarbeidsutvalet handsamar saker der det er teieplikt etter forvaltningslova.

       Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar. Dersom ein kommune vel eit anna styre, skal foreldra ha minst to representantar. Dette vil vere eit styre etter kommunelova § 11, og dei andre representantane vert oppnemnde av kommunen. I dette høvet vil det vere eit samarbeidsutval ved sida av driftsstyret ved den einskilde skolen, og samarbeidsutvalet vil ikkje ha styringsoppgåver. Når det gjeld rektor sin habilitet som kommunen sin representant og samstundes sekretær i utvalet, er det grunnskolelova sine reglar som gjeld. Når det gjeld lærarane sine representantar i utvalet, skal desse peikast ut av eit samla lærarkollegium, ikkje av organisasjonane.

       Framlegget vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

2. Komiteen sin tilråding

       Komiteen sluttar seg til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endringar i lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen.

I.

       I lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen blir det gjort følgjande endringar:

§ 32. Samarbeidsutvalet m.m.

§ 32 nr. 1 skal lyde:

       Ved kvar skole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for lærarane, ein representant for andre tilsette, to representantar for foreldrerådet, to representantar for elevrådet, og rektor som representant for kommunen. I tillegg nemner kommunen opp ein representant til utvalet. Rektor er sekretær for samarbeidsutvalet.

§ 32 nr. 4 skal lyde:

       Dersom samarbeidsutvalet handsamar saker under teieplikt etter forvaltningslova, skal elevrepresentantane fråtre.

II.

       Lova tek til å gjelde straks.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 9. mai 1995.

Jon Lilletun, Siri Frost Sterri,

leiar og ordførar. sekretær.