1. Innledning

       Til Odelstinget.

       I lov av 11. juni 1993 nr. 85 om endringer i særlovgivningen for kommuner og fylkeskommuner vart det gjort ei endring i lov av 22. juni 1962 nr. 8 om Stortingets ombudsmann for forvaltningen § 4 bokstav f. Før lovendringa hadde denne føresegna fylgjande ordlyd:

« § 4 Arbeidsområde
       Ombudsmannens arbeidsområde omfatter den offentlige forvaltning, og alle som virker i dens tjeneste. Hans arbeidsområde omfatter likevel ikke:
       ...
f) avgjørelser som etter bestemmelse i lov bare kan treffes av kommunestyre eller fylkestinget selv, med mindre avgjørelse er truffet av formannskapet etter lov av 12. november 1954 nr. 1 om styret i herreds- og bykommunene § 22 eller av fylkesutvalget etter lov av 16. juni 1961 nr. 1 om fylkeskommuner § 24. Avgjørelse som her nevnt kan Ombudsmannen likevel ta opp til undersøkelse av eget tiltak når han finner at hensynet til rettssikkerheten eller andre særlige grunner tilsier det. »

       Etter lovutkastet i Ot.prp. nr. 59 (1992-1993) gjeld forslaget om endring i § 4 bokstav f heile bokstaven, men berre føresegna i fyrste punktum sto på prent. Føresegna i andre punktum vart altså ikkje teken med, korkje i lovutkastet i proposisjonen eller i det seinare lovvedtaket. Førearbeida omtalar ikkje forslaget til endring i ombudsmannslova nærare, og omtala av lovutkastet del II i proposisjonen punkt 4.9.2 side 103-104 tyder på at bortfall av føresegna i andre punktum ikkje var tilsikta.

       Stortingets ombudsmann for forvaltningen har i brev 24. juni 1994 til Stortingets presidentskap teke opp dette lovvedtaket og bede « om at det blir overveiet å fremme forslag til lovendring slik at den tvil som her er oppstått om ombudsmannens kompetanse kan bringes av verden ». Stortingets presidentskap har i brev 21. september 1995 til Kommunal- og arbeidsdepartementet bede om at det vert teke initiativ til å rette opp feilen.

       Justisdepartementet kan etter samråd med Kommunal- og arbeidsdepartementet stadfeste at den aktuelle formuleringa i lovutkastet i Ot.prp. nr. 59 (1992-1993) grunna seg på ein inkurie, og gjer i samsvar med dei nemnde oppmodingane frå Ombudsmannen og Stortingets presidentskap framlegg om å rette opp teksten i ombudsmannslova § 4 bokstav f, slik at føresegna i tidlegare andre punktum på ny vert teken inn. I tillegg gjer departementet framlegg om ei reint språkleg oppretting av føresegna i fyrste punktum, ved at ordet « kommunestyre » vert endra til « kommunestyret ».