2. Merknader frå komiteen

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, og frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, støttar forslaget frå Regjeringa om å gjera lova av 13. juni 1975 nr. 46 om regulering av ervervsmessig husdyrhald meir effektiv ved at det vert gjeve høve til bruk av tvangsmidlar overfor verksemder som driv i strid med lova.

       Fleirtalet meiner at tvangsmidlar må kunne brukast overfor alle som driv i strid med gjeldande regelverk. Fleirtalet er samd i at pålegg skal kunne gjennomførast for den ansvarlege sin rekning, dersom pålegg ikkje vert utført til fastsett tid, eller at regelbrotet er av ein slik art at det bør handlast raskt. Fleirtalet støttar forslaget om at dersom verksemder gong på gong bryt regelverket vert det gjeve høve til å trekkje konsesjon attende.

       Komiteen sitt medlem frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, vil gå imot dei forslag til endringar i lova som er lagt fram.

       Dette medlem vil hevde at det ikkje er behov for eigne lovar som skal verna utøvarane i ei særskilt yrkesgruppe. Framstegspartiet vil leggje dei same lovar til grunn ved produksjon av matvarar som konkurranseutsett verksemd.

       Dette medlem meiner ei rasjonell og effektiv produksjon til forbrukarane sin fordel best kan utviklast utan avgrensing av konsesjonar. Slik kan aktive bønder livnære seg av eigen verksemd og ikkje av statlege subsidiar.

       Dette medlem vil fremme følgjande forslag:

       « Lov av 13. juni 1975 nr. 46 om regulering av ervervsmessig husdyrhold - opphevast frå 1. januar 1997. »