10. Opsjonar i arbeidsforhold - skatteplikt når opsjonen ikkje blir utnytta

10.1 Samandrag

       Det er i dag mange leiarar i næringslivet som har opsjonsavtalar på aksjer i den bedrifta dei arbeider i. Denne avlønningsforma bør ikkje gi skattemessige fordelar samanlikna med andre former for avlønning.

       Skattelova § 42 trettande ledd har ei eksplisitt regulering av skatteplikta for opsjonar som blir selt eller innløyst. Etter denne føresegna skal det svarast bruttoskatt på heile gevinsten ved innløysing og sal av opsjonen. Ein har ikkje ei slik eksplisitt regulering av skatteplikta i det tilfellet at arbeidstakaren ikkje sel eller innløyser opsjonen, men der opsjonen berre fell bort som unytta (av di dei underliggande aksjane ikkje har auka i verdi).

       Departementet arbeider med ei endring i skattelova § 42 trettande ledd slik at den meirverdi som ligg i opsjonen på tildelingstidspunktet skal skattleggjast som lønn for bortfallsåret. Det blir teke sikte på at lovendringa skal gjelde frå og med inntektsåret 1996 og at endringa også skal få verknad for opsjonsavtalar som er inngått før 1996, men som fell bort i 1996 eller seinare.

10.2 Komiteens merknader

       Komiteen viser til at departementet har fremmet de konkrete lovendringene i Ot.prp. nr. 26 (1995-1996) og vil komme tilbake til sine synspunkter ved behandlingen av denne.