3. Skattefridom for statens banksikringsfond og statens bankinvesteringsfond

3.1 Samandrag

       Den skatterettslege statusen for Statens Banksikringsfond og Statens Bankinvesteringsfond er noko usikker. Dette gjeld både det prinsipale spørsmålet om fonda er skattepliktige og - i høve skatteplikt - kva for tapsfrådrag m.v. som kunne gjerast i årlege skattepliktige renteinntekter m.v. og korleis ein skulle rekne ut skattemessig gevinst eller tap ved aksjesal o.l.

       Desse spørsmåla har ikkje kome opp før, av di korkje fonda sjølve eller likningsmaktene har rekna med skatteplikt. Soleis har fonda ikkje vore skattlagde sidan starten deira i 1991. Departementet har forståing for dette, men det er ønskjeleg med ei rettsleg avklåring.

       Departementet meiner at dei to statlege bankfonda bør vere skattefrie. Dei administrerar staten sitt økonomiske engasjement i det private banksystemet i Noreg. Skattlegging ville i praksis innebere ei tilfeldig skatteinntekt for hovudkontorkommunen (Oslo). Denne skattekostnaden for fonda måtte finansierast ved aukte løyvingar frå Stortinget dersom ein skal nå målsettinga ved verksemda til fondet. Statens Bankinvesteringsfond skal gradvis ta over aksjar i Den norske Bank frå Statens Banksikringsfond, med sikte på ein eigarandel på noko over 50 %, jf. Ot.prp. nr. 33 (1994-1995) side 2. Skattlegginga av fonda kan innebere at løyvingane til Statens Bankinvesteringsfond blir større for slikt kjøp. Ei slik skattlegging er derfor ikkje ønskjeleg.

       Etter dette bør skattelova innehalde ein uttrykkeleg regel om skattefridom for Statens Banksikringsfond og Statens Bankinvesteringsfond. Departementet gjer framlegg om at dette gjerast ved å endre skattelova § 26 første ledd e.

       Av formelle omsyn bør regelen regulere skattetilhøva for dei to fonda ikkje berre framover, men òg for tida bakover sidan starten i 1991. Den faktiske ikkje-skattleggjinga for desse åra vil då ha eit trygt lovmessig grunnlag. Dei vanlege argument om å unngå tilbakeverkande ikrafttreden gjeld ikkje her. Etter departementet sitt framlegg blir difor skattefridomen gjeldande frå og med inntektsåret 1991. Framlegget har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

       Det visast til utkast til endring av skattelova § 26 første ledd e.

3.2 Komiteens merknader

       Komiteen er enig i at Statens Banksikringsfond og Statens Bankinvesteringsfond bør være skattefrie. Komiteen slutter seg på denne bakgrunn til Regjeringens forslag til endring av skatteloven § 26 første ledd e.