3. Komiteen si tilråding

       Komiteen viser til proposisjonen og til det som står framanfor og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov:
om endringar i lov av 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v. og i visse andre lover

I.

I lov av 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v. skal det gjerast følgjande endringar:

§ 10 nytt fjerde ledd skal lyde:

       Departementet kan gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.

§ 14 skal lyde:

       Kongen kan påleggje tilverkarar og importørar ei avgift på plantevernmiddel til dekkjing av utgifter med godkjenning og kontroll av plantevernmiddel og såvarer beisa med slike middel. Kongen kan òg påleggja tilverkarar og importørar ei miljøavgift på plantevernmiddel. Likeins kan Kongen gje nærmare føresegner om innkrevjing av avgiftene og om at det skal svarast rente av avgift som ikkje er innbetalt i rett tid. Avgiftene er tvangsgrunnlag for utlegg.

II.

I lov av 14. mars 1964 nr. 1 om tiltak mot plantesjukdommar og skadedyr på planter (plantesjukdomslova) skal det gjerast følgjande endringar:

§ 2 første ledd ny bokstav g. skal lyde:

g. gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.

§ 9 første ledd skal lyde:

       Til å dekkje utgifter med kontroll med innførsel og utførsel av planter etter denne lova kan Kongen påleggje vedkommande importør eller eksportør å betale avgift. Kongen kan òg påleggje slik avgift ved import av brukte landbruksmaskinar. Avgifta kan fastsetjast på grunnlag av mengd, vekt eller verdi av dei varer som blir innførde eller utførde. For utferding av sertifikat kan fastsetjast ei avgift som vert å betale av eks-portøren. Vedkommande departement gjev nærmare reglar om utrekning av avgiftene og om oppkrevjing og innbetaling og om at det skal svarast rente av avgift som ikkje er innbetalt i rett tid.

III.

I lov av 4. desember 1970 nr. 82 om såvarer skal det gjerast følgjande endringar:

§ 2 andre ledd ny bokstav m) skal lyde:

m) Gi forskrifter om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at bestemmelser gitt i eller i medhold av denne lov overholdes.

§ 6 andre ledd skal lyde:

       Departementet kan gi nærmere bestemmelse om avgiftens beregning, oppkreving og innbetaling og om kontrollen hermed samt om plikt til å betale renter av avgiftsbeløp som ikke betales i rett tid. Departementet kan videre bestemme at avgift som er pålagt produsent, kan kreves opp hos handlende eller andre som kjøper varen fra produsent eller mottar den for salg, lagring o.l., eller som på vegne av produsenten tar imot oppgjør for leverte varer.

IV.

I lov av 4. desember 1970 nr. 83 om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler m.v. skal det gjerast følgjande endringar:

§ 3 andre ledd ny bokstav f) skal lyde:

f) Gi forskrifter om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at bestemmelser gitt i eller i medhold av denne lov overholdes.

V.

I lov av 23. mars 1973 nr. 18 om tilsyn med fôrvarer (fôrvarelova) skal det gjerast følgjande endringar:

§ 1 første ledd skal lyde:

       Kva lova gjeld.

       Denne lova gjeld

a) tilverking
b) innførsle og
c) omsetning

       av fôrvare (jf. § 2) som vert utgjeven for å vera brukeleg til dyrefôr.

§ 6 nytt fjerde ledd skal lyde:

       Departementet kan gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.

VI.

       Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i næringskomiteen, den 20. mars 1997.

Svein Ludvigsen Syver Berge William Engseth
leiar. ordførar. sekretær.