Innstilling frå næringskomiteen om lov om endringar i lov av 28. mai 1959 nr. 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a.

Dette dokument

1. Samandrag

       Fiskeridepartementet legg fram forslag om endringar i lov av 28. mai 1959 nr. 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer. Det blir foreslått endringar i § 1 og § 6 i lova. Forslaga er i all hovudsak ei oppfølging av EØS-avtalen. Endringane i § 1 gjeld verkeområdet for lova, og det blir gjort framlegg om at verkeområdet blir harmonisert med verkeområdet for Rådsdirektiv 91/493/EØF . Endringa i § 6 skal heimle utanlandske inspektørar sin rett til å delta i inspeksjonar m.v. når dette er føresett i internasjonale bindande avtaler som Noreg har slutta seg til.

       Utkast til lov om endringar i lov om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a. har vore ute til høyring hos dei sentrale næringsorganisasjonar og dei viktigaste tilsynsmyndigheitene.

       Bortsett frå Landbruksdepartementet hadde ingen av høyringsinstansane vesentlege merknader til forslaga.

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Jan Otto Fredagsvik, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, fra Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, fra Høyre, lederen Svein Ludvigsen, Kristin Krohn Devold og Snøfrid Skaare, fra Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, fra Kristelig Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm, viser til den framlagte proposisjonen.

       Komiteen er enig i de endringsforslag som fremmes i proposisjonen. Komiteen vil særlig understreke behovet for å følge opp de internasjonale avtaler som Norge har sluttet seg til når det gjelder internasjonale inspektørers rett til å delta i inspeksjoner i Norge.

       Komiteen har ellers merket seg at det ikke er framkommet vesentlige merknader til endringsforslagene fra de ulike høringsinstansene.

3. Komiteen si tilråding

       Komiteen har for øvrig ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov:
om endringar i lov av 28. mai 1959 nr. 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a.

I.

       I lov av 28. mai 1959 nr. 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a. blir det gjort følgjande endringar:

§ 1 første ledd skal lyde:

       Med fisk er i denne loven meint alle saltvass- og ferskvassdyr, og delar av desse, som vert brukt til konsum eller fôr. Unntatt er akvatiske pattedyr, krypdyr og amfibiar. Med fiskevarer er meint produkt der fisk er det einaste eller ein stor del av råstoffet. Loven gjeld òg fisk og fiskevarer med utanlandsk opphav.

§ 6 skal lyde:

       Den som tilverkar fiskevarer som er under kontroll med heimel i denne loven, har plikt til å gje dei opplysningar Fiskeridirektøren krev for å kunne utføre dei oppdrag denne loven legg på han. Dette gjeld òg opplysningar om tilverking, lager, flytting og reklamasjonar på kvaliteten av fisk og fiskevarer.

       Den som har kontrollrett etter denne loven kan kreve å få kontrollere fiskefarty eller anna transportmidel som vert nytta til fangst eller transport av fisk eller fiskevarer. Dette gjeld òg anlegg, husrom o.a. som vert nytta til tilverking, oppbevaring, lagring eller omsetning av fisk og fiskevarer eller emballasje for slike varer. Han kan uten vederlag ta ut prøver til gransking. Den som er leiar av eller er tilsett i verksemd som kan kontrollerast etter denne loven har plikt til å gje kontrollmakta den hjelp og dei opplysningar ho treng til gjeremåla sine etter denne loven.

       Utanlandske inspektørar kan delta i inspeksjonar m.v. når dette er føresett i internasjonale bindande avtaler som Noreg har slutta seg til. Som ledd i slike avtaler kan kontrollorganet gje opplysningar som det er teieplikt for til utanlandske styresmakter som er underlagt reglar om teieplikt tilsvarande norske styresmakter.

       Den det er kravt opplysningar av etter første eller andre leden, kan kreve at melding om løynde tekniske innretningar eller framgangsmåtar berre skal gjevast til Fiskeridirektøren personleg eller til den han nemner opp serskilt til å ta imot meldinga.

II.

       Lova trer i kraft straks.

Oslo, i næringskomiteen, den 14. mai 1997.

Svein Ludvigsen, Gunnar Halvorsen, William Engseth,
leder. ordfører. sekretær.