1. Hovudinnhaldet i proposisjonen

       I Ot.prp.nr.23 (1996-1997) vert det lagt fram forslag til ny lov om aksjeselskap og ny lov om allmennaksjeselskap.

       Ved ei lovendring i desember 1995 vart det innført to former for selskap med avgrensa ansvar i norsk rett, kalla private aksjeselskap og allmenne aksjeselskap. Proposisjonen fører vidare dette skiljet, og dei to selskapsformene er gitt namna aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA). Det er opp til selskapa å velje kva for selskapsform dei skal drive i. Selskap som ønskjer å rette teikningsinnbyding til ålmenta, må drive som allmennaksjeselskap. Aksjeselskap skal etter framlegget ha ein aksjekapital på minst 150.000 kroner, medan allmennaksjeselskap skal ha ein aksjekapital på minst 1 mill. kroner.

       I kap. 2 om stifting er det foreslått at simultanstifting blir den einaste måten å starte eit selskap på, dvs. at opprettinga av stiftingsdokument og aksjeteikning finn stad på meir eller mindre same tid. Selskapa skal ved stiftinga ha ein eigenkapital som minst svarar til selskapet sin aksjekapital, og det vert m.a. innført strengare reglar om kontroll av tingsinnskot. Det vert vidare foreslått ein generell regel om at selskapa skal ha ein forsvarleg eigenkapital, og selskapa vert pålagde ei handleplikt ved vesentleg tap av eigenkapitalen. Reglane om reservefond vert oppheva og erstatta med andre reglar som skal sikre eigenkapitalen.

       For aksjeselskap med færre enn 20 eigarar foreslår departementet ein rett for generalforsamlinga til å treffe vedtak utanfor møtet. Allmennaksjeselskap skal ha eit styre på minst tre medlemer. Det same gjeld aksjeselskap med ein aksjekapital på 3 mill. kroner eller meir. Andre aksjeselskap kan ha eit styre på eitt eller to medlemer. Tilsvarande reglar er gitt om plikta til å ha dagleg leiar. Det vert vidare foreslått ein rett for styret til å treffe vedtak utanfor møtet. Reglane i gjeldande aksjelov om representantskap vert oppheva.

       Departementet foreslår ei utviding av retten til å eige aksjar utan stemmerett eller med avgrensa stemmevekt. Reglane om aksjebrev vert oppheva, og det skal ikkje lenger vere knytta legitimasjonsverknader til dette dokumentet, men i staden til innføringa i aksjeeigarboka. Allmennaksjeselskap skal vere registrert i Verdipapirsentralen.

       Hovudregelen i båe lovforslaga er at aksjane er fritt omsettelege. Ein kan likevel fastsetje omsetjingsavgrensingar i vedtektene, og denne retten vert noko utvida. Reglane om rett for eit selskap til å erverve sine eigne aksjar vert liberaliserte. For aksjeselskapa foreslår departementet at ein aksjeeigar i nokre høve kan krevje at selskapet innløyser aksjane hans. Det vert òg foreslått ein heimel for selskapet i særlege høve til å utløyse ein aksjeeigar. For allmennaksjeselskap vert det foreslått at departementet på visse vilkår kan gi løyve til ei tvungen overtaking av svært små aksjepostar. For allmennaksjeselskapa vert det og innført somme nye finansielle instrument, såkalla teikningsrettsaksjar og frittståande teikningsrettar.

       I båe lovforslaga vert det foreslått ei lovregulering av fisjon (deling). Selskap som er vedteke oppløyst ved dom eller i skifteretten skal avviklast etter reglane i konkurslova. Det er vidare gjort omfattande redaksjonelle endringar i høve til gjeldande lov med sikte på å gjere lovstoffet lettare tilgjengeleg.

       I Ot.prp.nr.39 (1996-1997) vert det gjort framlegg om nokre endringar i lovforslaga som vert fremma i Ot.prp.nr.23 (1996-1997). Forslaga gjeld først og fremst endringar i anna lovgjeving, og er i hovudsak tekniske tilpassingar som følgje av dei nye lovene. Dessutan er det gjort framlegg om ei retting i forsikringsavtalelova.

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Olav Akselsen, Vidar Brynsplass, Håvard Wennevold Osflaten og Anne Helen Rui, fra Senterpartiet, Tor Nymo og Jorunn Ringstad, fra Høyre, Arild Hiim og Anders C Sjaastad, fra Sosialistisk Venstreparti, lederen Lisbeth Holand, fra Kristelig Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og fra Fremskrittspartiet, Jan Simonsen, registrerer at Ot.prp.nr.23 (1996-1997) vidarefører to former for selskap med avgrensa ansvar slik det vart innført ved lovendring i desember 1995. Komiteen har ikkje innvendingar til at dei to selskapsformene er gitt namna aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA). Komiteen stør og at dei selskapa som ynskjer å rette teikningsinnbyding til ålmenta, må drive som allmennaksjeselskap. Komiteen meiner at aksjekapital for aksjeselskap bør setjast til minst 100.000 kroner, og ikkje 150.000 kroner som Regjeringa foreslår, men komiteen stør at allmennaksjeselskapa skal ha ein aksjekapital på minst 1 mill. kroner.

       Komiteen er samd i at simultanstifting skal vere den einaste måten å starte eit selskap på, slik at oppretting av stiftingsdokument og aksjeteikning finn stad på meir eller mindre same tid. Komiteen stør og at det vert innført klåre reglar for tinginnskot. Vidare gir komiteen si støtte til at det vert innført reglar om handleplikt ved vesentleg tap av eigenkapitalen, men komiteen viser til merknadene i pkt. 5.10 i kva tilfeller denne handleplikta skal iverksetjast.

       Komiteen stør og ei viss oppmjuking i retten til å gjere vedtak utanom møte, både når det gjeld styre og generalforsamling.

       Komiteen har elles ingen merknader til dei endringane som vert foreslått i Ot.prp.nr.39 (1996-1997).

       Komiteen viser til at lovendringane er omfattande både innhaldsmessig og i høve til redigering av lovteksten. Komiteen finn det difor naturleg at lova vert evaluert etter ei tid, og ber Regjeringa gjere ei slik evaluering nå det er gått 5 år sida lova vart sett iverk.