2. Bakgrunnen for forslaga i proposisjonen

       Justisdepartementet fremma i 1994 Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) Om lov om aksjeselskaper (aksjeloven). Under handsaminga av proposisjonen trefte Stortinget i mai 1995 vedtak om å sende proposisjonen attende og be Regjeringa leggje fram forslag til to nye lover om aksjeselskap innan utgangen av 1996. Etter dette vart det oppnemnt eit offentleg utval, kalla Aksjelovutvalget, som skulle greie ut dei aksjerettslege spørsmåla i samsvar med Stortinget sine retningsliner. I NOU 1996:3 Ny aksjelovgivning, legg utvalet fram forslag til to nye aksjelover. Hovudpunkta i utvalet sitt forslag er attgjeve i proposisjonen pkt. 2.1. Endringar i aksjeloven som var naudsynt av omsyn til EØS-avtala vart vedteke i desember 1995.

       Aksjelovutvalget si utgreiing har vore sendt på høyring til ei rekkje høyringsinstansar.

Merknader frå komiteen

       Komiteen registrerer at Ot.prp.nr.23 (1996-1997) er ei oppfylgjing av pkt. III i Stortinget sitt vedtak av 9. mai 1995, jf. Innst.O.nr.45 (1994-1995), der Stortinget gjorde vedtak om å be Regjeringa leggje fram forslag til to nye lover om aksjeselskap innan utgangen av 1996.