14. Straffeansvar

       Straffereglane, som går fram av kap. 19, er i samsvar med Aksjelovutvalget si innstilling. § 19-1 erstattar gjeldande § 17-1 med visse endringar. Strafferamma for brot på lova vert auka frå 3 månader til 1 år under skjerpande tilhøve. Krinsen av personar som kan straffast vert utvida til å omfatte leiande tilsette som har sjølvstendig vedtaksrett. Foreldingsfristen vert utvida frå to til fem år.

       I § 19-2 er det gitt ein ny regel som fastset straffeansvar for personar i selskapsleiinga eller leiande tilsette som har utvist grov uforstand i tenesta. Regelen fyller ut § 19-1 ved at det vert opna for straffeansvar sjølv om det ikkje kan påvisast at vedkomande har handla direkte i strid med konkrete reglar i lova.

       Spørsmål om tilsvarande straffeansvar for andre selskapsformer bør eventuelt vurderast av Straffelovkommisjonen.

Merknader frå komiteen

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, stør departementet sitt framlegg.

       Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Fremskrittspartiet vil gå imot den foreslåtte utvidelse av straffeansvaret. Det er en lang rekke straffebestemmelser i straffeloven og i særlovgivningen ellers, bl.a. de som er videreført i denne loven, som til sammen er mer enn nok til å straffe de som forgår seg mot de lovbestemmelser som denne loven fastlegger.

       Det er en tendens til at man etablerer nye straffebestemmelser for sikkerhets skyld, og at man derigjennom utvider straffbarhetsområdet uten å ha vurdert behovet skikkelig. Disse medlemmer vil derfor gå imot denne utvidelsen, og vil stemme imot § 19-2 i begge lovene.