4. Stifting

       Stifting av aksjeselskap er regulert i aksjelova kapittel 2. Reglane i gjeldande lov byggjer på eit skilje mellom simultanstifting og suksessivstifting. Ved suksessivstifting er det et opphald i tid mellom dei ulike trinna i stiftingsprosessen.

       Det første trinnet i stiftingsprosessen er oppretting av eit stiftingsdokument. Det neste trinnet er aksjeteikninga. Selskapet vert stifta på den konstituerande generalforsamlinga. Ved simultantstifting vert denne halden straks etter aksjeteikninga. Lova har fleire særreglar som berre har verknad ved suksessivstifting.

       Aksjelovutvalget foreslår at ordninga med suksessivstifting ikkje vert vidareført. Dette er i samsvar med framlegget i Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) . Utvalet peiker på at omsynet bak denne ordninga kan ivaretakast på anna vis, og at endringa vil gje ei vesentleg regelforenkling. I høyringsrunden til Aksjelovgruppa sitt utkast i NOU 1992:29 var eit fleirtal av høyringsinstansane einige i at ein skulle sløyfe reglane om suksessivstifting. Etter endringa vil stiftinga bli samla regulert i eit stiftingsdokument som òg viser aksjeteikningane. Regelverket om stiftarar og teiknarar er vesentleg enklare i og med at desse blir ei og same gruppe. Det blir ikkje naudsynt å vidareføre noko krav om å halde ein konstituerande generalforsamling.

       Elles viser utvalet til at stiftarane skal utarbeide ein opningsbalanse før stifting. I aksjeselskap skal ein revisor gje ein erklæring om at balansen er gjort opp i samsvar med gjeldande rekneskapsreglar. I allmennaksjeselskap skal balansen utarbeidast av uavhengige sakkunnige. Utvalet foreslår i tillegg å innføre krav om at opningsbalansen tidlegast skal vere datert fire veker før stiftinga. Vidare foreslår utvalet at selskapet skal meldast til Foretaksregisteret innan tre månader etter at stiftingsdokumenta er underteikna. Gjeldande frist er seks månader. Alle høyringsinstansar som kommenterer framlegga stør desse.

       Departementet vidarefører utvalet sitt framlegg i lovutkasta kap. 2. Departementet vil i samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet og Brønnøysundregistra sørgje for at nye formular til bruk ved stifting vert utarbeidd.

Merknader frå komiteen

       Komiteen stør forslaget om at reglane om suksessivstifting ikkje bør førast vidare i dei nye lovene. Simultanstifting blir etter dette den einaste måten å stifte selskap på. Komiteen gir og si tilslutning til at fristen for å melde selskapet til Foretaksregisteret skal vere tre månader etter at stiftingsdokumenta er underteikna. Komiteen har merka seg at Justisdepartementet i samarbeid med Nærings- og handelspartementet og Brønnøysundregistra vil utarbeide informasjonsmateriale og formular som vil gjere det lettare å etablere aksjeselskap. Komiteen meiner dette bør gjennomførast snarast.