3. Generelt om lovforslaget

3.1 Kva for omsyn bør aksjelovgjevinga ta seg av

       Aksjeutvalget har ikkje på prinsipielt grunnlag trekt opp kva for omsyn aksjelovgjevinga bør ta seg av, men nokre høyringsinstansar tek opp dette spørsmålet. Det vert m.a. synt til at lova er viktig for ein stor del av næringslivet, og at ein bør leggje opp til minst mogleg byråkrati. Vidare bør det stillast klåre krav til styret og dagleg leiar, og det er viktig å verne om aksjonærane. Det vert vidare framheva at aksjelova skal vere eit næringspolitisk instrument og eit viktig rammevilkår for nyskaping. Utdrag av høyringsuttalene er attgjeve i proposisjonen.

       Departementet syner til at det som i første rekkje skil eit aksjeselskap frå andre former for verksemd, er at deltakarane har eit avgrensa ansvar for selskapa sine skyldnader. Omsynet til selskapet sine kreditorar er difor eitt av dei grunnleggjande omsyna aksjelova bør ta seg av. Ein må vidare gjere ei avveging mellom omsynet til kreditorane og ønsket om å leggje tilhøva til rette for nyetableringar og eit konkurransedyktig næringsliv.

Merknader frå komiteen

       Komiteen ser på aksjeselskapslovgivinga som ei svært viktig lov for næringslivet. Sjølv om det å drive næringsverksemd ikkje er synonymt med å drive aksjeselskap, er aksjeselskapsforma ei praktisk og regulert form å drive næringsverksemd i. Komiteen meiner difor at aksjeselskapslovgivinga bør tilretteleggjast slik at dei som skal drive næringsverksemd finn det tenleg å velje aksjeselskapsforma. Aksjelovene skal vere eit næringspolitisk instrument for alle typer verksemder og skal stimulere til nyskaping og utvikling av næringslivet slik at det skjer auka sysselsetjing og vekst. Statistikk frå Sysselsetjingskommisjonen frå 1992 viser at det er dei små og mellomstore føretaka som vil stå for auken i sysselsetjinga i Noreg i åra framover og det er difor viktig at desse føretaka får eit tilpassa lovverk. Aksjelovene skal også ta i vare interessene til ulike aktørar i næringslivet, t.d. aksjonærane, kreditorane, leiinga i verksemdene og dei tilsette. Når så mange interesser skal takast i vare vil det bli mange avvegingar mellom ulike interesser, og konsekvensen vil bli at ikkje alle interesser kan ivaretakast maksimalt i alle tilfelle.

3.2 Skiljet mellom dei to selskapsformene

       Utvalet har lagt til grunn at skiljet mellom dei to selskapstypane i hovudsak er fastlagt i gjeldande lov gjennom Stortinget sin handsaming av Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) og Ot.prp. nr. 4 (1995-1996) . Den eine lova skal omfatta selskap som har vesentleg aksjespreiing og som skal ha rett til å hente inn kapital frå ålmenta. Dette vil vere selskap med aksjar som er gjenstand for fri omsetnad i marknaden og som ofte vil vere kursnoterte på børsen. Denne gruppa er berre ein liten del av det samla talet på norske aksjeselskap. I selskap med få aksjeeigarar med langvarig og nær tilknytnad til selskapet, er aksjane lite eigna for vanleg omsetnad. Desse selskapa skal ikkje ha rett til å henta inn kapital frå ålmenta gjennom aksjeteikning i marknaden.

       To av høyringsinstansane stør klårt dette skiljet, medan enkelte meiner at aksjeselskapa bør kunne hente inn kapital frå ålmenta, eller at heile skiljet bør vurderast på nytt. Det vert hevda at det er ei ulempe for dei små selskapa at dei ikkje kan innhente kapital frå ålmenta, og at mange vil kunne etablere allmennaksjeselskap for å framstå som meir seriøse. Ei mellomløysing kan vere å gje eit AS rett til å hente inn kapital frå marknaden, og at dei deretter kan gå over til å vere ASA. Andre meiner at ein ved grensedraginga i staden bør sjå på eit skilje mellom små og store foretak som Rekneskapslovutvalet har gått inn for i NOU 1995:30 Ny rekneskapslov. Nokre av høyringsinstansane stiller spørsmål ved om det ikkje hadde vore betre å utarbeide ei lov som berre dekka behova for små selskap.

       Departementet går inn for det skiljet som gjeldande lov byggjer på, og som er foreslått av utvalet. Departementet meiner det er eit hensiktsmessig skilje og kan vanskeleg sjå at andre kriteria gjev ei betre løysing. Tilsvarande skilje er kjent frå andre land. Tek ein bort skilnaden som ligg i retten til å hente inn kapital frå ålmenta, vil det vere mindre meiningsfylt å operere med to lover. Ein viser vidare til at omgrepet små aksjeselskap ikkje er eintydig.

Merknader frå komiteen

       Komiteen har merka seg at det store fleirtalet av høyringsinstansar er positive til å skilje mellom to typer aksjeselskap og å utarbeide separate lover for dei to selskapstypene. Komiteen har tidlegare, både i Innst.O.nr.45 (1994-1995) (aksjelova) og Innst.O.nr.23 (1995-1996) (EØS-tilpassing av aksjelova), uttala seg om skiljet mellom dei to typene aksjeselskap.

       Fleirtalet i justiskomiteen uttala i Innst.O.nr.45 (1994-1995) at ein ikkje hadde vesentlege innvendingar mot at spreiinga av aksjane skulle vere avgjerande for skiljet mellom dei to aksjeselskapsformene. Komiteen held fast ved dette og meiner at eit hovudskilje mellom aksjeselskapsformene skal vere spreiinga av aksjane slik at den eine selskapsforma, allmennaksjeselskap, er for dei som har stor spreiing og som kan hente kapital frå ålmenta, og den andre selskapsforma, aksjeselskap, er for dei selskapa som har få aksjeeigarar som oftast har ein nær tilknytning til selskapa. Denne siste typen aksjeselskap vil derfor omfatte det store fleirtalet av aksjeselskap. Dette vil vere ei gruppe selskap som vil vere svært ulike, både når det gjeld tal på aksjeeigarar, tal på tilsette og omsetnad.

       Departementet strekar i proposisjonen under at det er aksjeselskapslova som skal vere den alminnelege forma for selskap med avgrensa ansvar. Allmennaksjeselskap blir ei slags undergruppe av selskap med avgrensa ansvar. Dersom skiljet er uklårt, kan det føre til at verksemder vel allmennaksjeselskapsforma sjølv om dette ikkje er den naturlege forma ut frå intensjonane med to lover.

       Eitt av hovudargumenta for komitéfleirtalet som i Innst.O.nr.45 (1994-1995) ba om to separate lover, var å få ei lov som tok utgangspunkt i situasjonen for dei små og mellomstore verksemdene. Komiteen meiner at framlegget til aksjeselskapslov, AS-lova, som no ligg føre, er betre tilpassa dei små og mellomstore bedriftene enn forslaget komiteen hadde til handsaming i Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) .

3.3 Namnespørsmål

       Utvalet foreslår at omgrepet aksjeselskap (AS) skal vere namnet på det store fleirtalet av selskap, medan dei andre selskapa skal kallast allmennaksjeselskap (ASA). Få av høyringsinstansane har uttalt seg om namnespørsmålet, men det vert mellom anna peika på at det er behov for eit samleomgrep for alle selskap som har aksjar, enten det dreier seg om aksjeselskap eller allmennaksjeselskap. Departementet viser m.a. til at ei innvending til omgrepet allmennaksjeselskap er at det kan gje inntrykk av at denne selskapsforma er den mest alminnelege. Ei innvending mot å bruke omgrepet aksjeselskap om dei såkalla små eller lukka selskapa, er at dette vil vere i strid med internasjonal terminologi. Fordelen er at størstedelen av selskapa slepp å skifte namn. Departementet viser som utvalet til at omgrepet allmenne aksjeselskap vart innført ved lovendringa i 1995, og at det er lite aktuelt å innføre noko nytt omgrep for desse selskapa etter så kort tid. Uttrykket aksjeselskap kan etter dette ikkje nyttast som et fellesomgrep for dei to selskapsformene.

Merknader frå komiteen

       Komiteen registrerer at Ot.prp.nr.23 (1996-1997) i hovudsak følgjer opp namneforslaga frå fleirtalet i Innst.O.nr.45 (1994-1995), og komiteen stør forslaget om å kalle dei to aksjeselskapsformene for aksjeselskap og allmennaksjeselskap.

3.4 Lovtekniske spørsmål

       Aksjelovutvalget har utarbeidd to lover for dei to typane av aksjeselskap. Det er lagt vesentleg vekt på å gjere lovverket enklare ved ein annen systematikk.

       Eit fleirtal av høyringsinstansane stør at det skal vere to lover. Oppbygginga av dei to lovutkasta synest i hovudsak godt motteke, men nokre har innvendingar m.a. til at utvalet har tatt inn nokre generelle aksjerettslege prinsipp i eit innleiande kapittel, medan dei konkrete reglane er spreidd utover i andre kapittel.

       Departementet fremmer forslag til to ulike lover og sluttar seg til den hovudtanken som ligg bak utvalet sin systematikk. Departementet har likevel gjort nokre endringar i kapittelinndelinga, og har under mykje tvil valt ikkje å vidareføre utvalet sitt framlegg om eit eige konsernkapittel. For allmennaksjeselskap, som ofte er ein del av eit konsern, kan det vere ein fordel om særreglane for konsern vert plasserte saman med dei reglane som dei heng saman med. Departementet har heller ikkje fylgt opp framlegget om eit eige kapittel om bedriftsforsamling. Desse reglane har nær samanhang med dei andre reglane om selskapet si leiing. Departementet meiner den beste lovtekniske løysinga for aksjeselskap vil vere å vise til reglane om bedriftsforsamling i allmennaksjelova.

       Når det gjeld dei aksjerettslege prinsippa utvalet foreslår å ta inn framme i lova, er desse av svært ulik karakter. Etter departementet sitt syn bør ein her leggje avgjerande vekt på behovet til dei som skal nytte loven i praksis, og desse reglane er difor med eit unnatak plasserte i kapitla der dei elles høyrer heime.

Merknader frå komiteen

       Komiteen viser til at eit argument for to separate lover også var at dette ville gjere det lettare for brukarar utan juridisk skolering. Svært mange brukarar av aksjelova vil vere slike brukarar, og for dei vil ei lov som er best mogeleg tilpassa deira bruk, og som er bygd opp slik at dei reglane som dei har eller kan ha bruk for i sitt daglege virke er plassert i kapitlar framme i lova, og reglar som berre vil gjelde for spesielle selskap eller i spesielle situasjonar er plasserte bak i lova. Inndeling av lova og bruk av overskrifter vil og lette bruken av lova. Komiteen finn å kunne støtte departementet sine vurderingar om systematikk og også om kva område som bør vere med som eige kapittel.

       Departementet har valt å ikkje nummerere dei enkelte ledda i paragrafane ved hjelp av eit tal i ein parentes slik aksjelovutvalet foreslo. Komiteen meiner aksjelovutvalet sitt forslag om nummerering av ledda ved hjelp av eit tal kan vere fornuftig og praktisk, og meiner dette bør gjennomførast.

3.5 Dei viktigaste skilnadene mellom dei to selskapsformene

       Lovutkasta byggjer på den føresetnaden at det er opp til selskapa sjølve å velje selskapsform. Dei to lovforslaga er nokså like. Av konkrete skilnader nemner ein t.d. at berre allmennaksjeselskap skal ha rett til teikningsinnbyding mot ålmenta, og ulike aksjekapitalkrav. Det er ikkje foreslått avgrensingar i aksjeselskapa sin rett til å ha aksjar med avgrensa stemmevekt eller utan stemmerett, slik det gjort for allmennaksjeselskapa. Skiftingsreglane er stort sett like, men er noko strengare for allmennaksjeselskapa. For aksjeselskap er det foreslått at ein aksjeeigar kan krevje innløysing og at selskapet kan krevje utløysing i særlege tilfelle. Aksjeselskap med færre enn 20 aksjeeigarar kan halde generalforsamling utan møtehandsaming medan allmennaksjeselskap ikkje har nokon slik rett. Reglane om innkalling til generalforsamling er òg noko meir formaliserte for allmennaksjeselskapa. Vidare får allmennaksjeselskap rett til å ta i bruk nokre nye finansielle instrument. Reglane om fusjon og fisjon er gjort noko enklare for aksjeselskap enn for allmennaksjeselskap.

Merknader frå komiteen

       Komiteen er samd med departementet i at det er aksjeselskapsforma som skal vere den vanlege forma for selskap med avgrensa ansvar. Komiteen meiner difor at det er viktig at aksjelovene og skiljet mellom dei to typene selskap er slik at selskapa vel selskapsform i høve til aktiviteten dei driv. Viktige skilje mellom dei to aksjeselskapsformene er at kravet til aksjekapital for allmennaksjeselskap blir sett til 1 million NOK og at berre allmennaksjeselskap kan hente inn kapital frå ålmenta. Komiteen meiner og at før eit aksjeselskap kan omdannast til eit allmennaksjeselskap må det vere gjort vedtak om at kapital skal hentast inn frå ålmenta. Innbyding til slik kapitalinnhenting kan likevel skje på eit seinare tidspunkt. Komiteen ser det som ein føresetnad at eit aksjeselskap som gjer vedtak om å gå over til ASA gjer dette etter grundige vurderingar i selskapet sine organ og fordi det er eit reelt ynskje om, eller trong for, å spreie aksjekapitalen på ålmenta.

       Komiteen foreslår etter dette ei endring av aksjelova § 15-1 slik at dette vilkåret kjem med i lova, og fremmer følgjande forslag:

« I lov om aksjeselskap skal § 15-1 første ledd første punktum lyde:

       Et aksjeselskap kan omdannes til et allmennaksjeselskap med flertall som for vedtektsendring dersom generalforsamlingen i samme beslutning treffer vedtak om at selskapet etter at det er omdannet til allmennaksjeselskap, skal innby andre enn aksjeeierne eller bestemte navngitte personer til å tegne nye aksjer i selskapet. »

3.6 Tilhøvet til andre lover - samordning

       Utvalet peiker på at fleire lover som heng saman med aksjelova for tida er oppe til revisjon.

       Nokre høyringsinstansar framhevar sterkt at det er behov for ei nærare samordning med anna lovarbeid og særleg med forslag til ny rekneskapslov. Departementet peikar på at det er særleg ny verdipapirhandellov, revisjons- og revisorlovgjevinga og rekneskapslova som gjev behov for ei samordning. Ein har i proposisjonen lagt til grunn at fleire av dei løysingane som er skisserte av Regnskapslovutvalget i NOU 1995:30 Ny regnskapslov vert fylgt opp. Dette gjeld mellom anna terminologien der departementet har fylgt opp utvalet sitt framlegg om at årsoppgjer skal erstattast med årsrekneskap og årsberetning.

Merknader frå komiteen

       Komiteen meiner det er viktig å samordne aksjelovene med anna lovarbeid. Dette vil særleg gjelde ny rekneskapslov, men også verdipapirhandellova og lovgjevinga om revisjon og revisorar. Komiteen deler departementet sitt syn på at dette delvis kan skje i det vidare arbeidet med dei nemnde lovene, men at det også t.d. i proposisjonen om ny rekneskapslov på enkelte punkt kan vere behov for utfyllande merknader når det gjeld tilhøvet mellom aksjelova og rekneskapslova.