1. Skatte- og folkeregistreringsmessig bustad for stortingsrepresentantar m.m

Samandrag

       Det er etter departementet sin meining naudsynt å klargjere skatte- og folkeregistreringsmessig bustad for stortingsrepresentantar m.m. Det same gjeld for desse personar sine ektemakar og eventuelle barn. Reglane om folkeregistrering for stortingsrepresentantar er som nemnt gitt i forskrift. Departementet ser det slik at reglar om dette bør vere fastsette av Stortinget og kome til uttrykk i folkeregisterlova.

       Som ein hovudregel må folkeregistreringsmessig bustad byggje på at personar som vert stortingsrepresentantar mm for kortare eller lengre tid, skal være registrert i folkeregisteret på den staden dei budde før tiltredinga. Det bør såleis ikkje leggjast vekt på at ein representant etablerer seg i Oslo-området dersom tilknytinga til den tidlegare bustaden står ved lag.

       Det blir då naudsynt å klargjere kva for endringar som medfører eit brot med den opphavlege bustaden, og såleis gir grunn for ein ny bustad. Endringar som måtte skje i Oslo-området, til dømes stifting av familie, arbeidsoppdrag eller anna verksemd, bør ikkje medføre brot. Departementet sin meining er at ny bustad i høve til folkeregisteret bare bør vere aktuelt i tilfelle der det skjer eit brot i tilknytinga til den opphavelege bustaden. Det avgjerande bør vere at den tidlegare bustaden eller ein del av denne er disponibel under opphald. Dette heng saman med at folkeregistrering kviler på ein konkret bustadadresse.

       Etter dette vil brot på tilknytinga til den tidlegare bustaden, som kan gi grunn for ny bustad i høve til folkeregisteret, bli avgrensa til situasjonar der representanten varig ikkje lenger disponerer nokon del av ein bustad til eige bruk under opphald i distriktet.

       Representanten sin ektemake og barn i sams heim bør som hovudregel vere registrert i folkeregisteret på same staden som representanten sjølv er registrert. Det bør likevel gjerest unntak i situasjonar der ektemaken og barna sin tilknyting til representanten sin tidlegare bustad er særs svak.

       Ein syner til framlegg til ny § 18 i folkeregisterlova.

       Reglane om skattemessig bustad bør være så like som mogleg reglane om folkeregistrering. Det kan likevel vere grunnlag for å ha ei særordning for tilfelle der representanten og ektemaken blir ført inn i folkeregisteret i kvar sin kommune. Reglane om sams likning av ektemakar og foreldre og barn byggjer på sams skattekommune etter bustad. Om likninga av ektemakane skulle gjennomførast i ulike kommunar, måtte til dømes representanten og ektemaken bli likna kvar for seg. Dette kan passe dårleg ved likninga fordi unytta frådrag hos den eine ikkje kan nyttast av den andre. Vidare kan formueslikninga gi to sett fribeløp og progresjonsskalaer ved likning kvar for seg. Regelen bør derfor vere sams skattekommune etter bustad når representanten blir likna saman med ektemake eller med barn. Dette bør òg gjelde om ektemake eller barn er ført inn i folkeregisteret i ein annan kommune som fylgje av særs svak tilknyting til den kommunen der representanten er ført inn i folkeregisteret.

       Ein syner til framlegg til endring i skattelova § 24 andre ledd bokstav b. Departementet foreslår at båe endringane skal gjelde frå og med 1997.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til ny § 18 i folkeregisterloven og endring i skatteloven § 24 andre ledd bokstav b. Komiteen er enig i at endringene iverksettes fra og med inntektsåret 1997.