Vedlegg

Brev fra Sosial- og helsedepartementet v/statråd Magnhild Meltveit Kleppa, til familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, datert 25. mars 1998.

Oppfølging av Velferdsmeldinga - fleksible pensjonsordningar og besteårsregelen

       Eg viser til brev datert 23. mars 1998 til Barne- og familiedepartementet v/statsråd Valgerd Svarstad Haugland om oppfølging av pensjonsspørsmål i Velferdsmeldinga. Brevet er sendt over til Sosial- og helsedepartementet for handsaming.

       Spørsmålet om fleksible pensjonsordningar og besteårsregelen er utgreidd av ei interdepartemental arbeidsgruppe. Gruppa vart nedsett i september 1996, og avslutta arbeidet sitt i desember 1997.

       Det ligg føre eit rapportutkast. Etter planen skal arbeidet publiserast i ein rapport frå Sosial- og helsedepartementet i løpet av våren 1998. Denne vil bli sendt på høyring. Rapporten saman med høyringsuttalar vil bli vurdert i samband med førtidspensjonsutvalet si innstilling. Det utvalet er leia av Øystein Olsen, og innstillinga er venta framlagt 1. november 1998.