4. Komiteens tilråding

       Komiteen viser til proposisjonen og merknadene ovenfor og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak til lov
om endringer i lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen m.m.

I.

       I lov av 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen blir det gjort følgende endringer:

Ny § 42d skal lyde:

       Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. klassetrinn.

       Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og hjemmearbeid med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.

       Skolefritidsordninga skal ha vedtekter om:

a. eigarforhold
b. kven som er opptaksmyndigheit
c. opptakskriterium
d. opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen
e. foreldrebetaling
f. leike- og opphaldsareal
g. dagleg opphaldstid og årleg opningstid
h. bemanning og leiing.

       Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor til vanleg vere administrativ og fagleg leiar. Statens utdanningskontor gjer unntak frå kravet.

       Tilbodet skal finansierast gjennom statleg og kommunalt tilskott og eigenbetaling frå foreldra.

       Statens utdanningskontor fører tilsyn med skolefritidsordninga. Regelen i § 34 nr. 1 gjeld tilsvarande.

       Kommunen godkjenner og fører tilsyn med private skolefritidsordningar som får statstilskott.

       Departementet gir nærmare forskrifter om skolefritidsordninga.

II.

       Denne lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i kirke-, utdannings- og forskningskomiteen, den 2. juni 1998.

Grete Knudsen, Marit Tingelstad, Rune E Kristiansen,
leder. ordfører. sekretær.