Innstilling frå utanrikskomiteen om lov om gjennomføring av Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar.

Dette dokument

Til Odelstinget.

Samandrag

Regjeringa kjem i proposisjonen med framlegg til ny lov om korleis ein skal gjennomføre Traktat av 10. september 1996 om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar (Prøvestansavtalen).

Det vert i proposisjonen synt til at spørsmålet om samtykke til ratifikasjon av traktaten er lagt fram for Stortinget som eiga sak, jf. St.prp. nr. 41 (1998-99) og Innst. S. nr. 150 (1998-99). Traktaten trer i kraft 180 dagar etter den dagen 44 namngjevne land, som blant anna står på Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) si liste over land med kjernefysiske anlegg, og som formelt har delteke i forhandlingane om traktaten, har ratifisert denne. Traktaten var pr. 15. april 1999 ratifisert av til saman 32 land, av dei 16 av dei namngjevne landa. Det er avgjerande at atommaktene Frankrike, Kina, Russland, Storbritannia og USA har slutta seg til traktaten. Av desse hadde pr. 15. april 1999 Storbritannia og Frankrike ratifisert traktaten.

Det vert i proposisjonen synt til at Noreg sine plikter etter traktaten i dei aller fleste høve reknast å følgje av allereie eksisterande lover. Regjeringa har likevel funne det klargjerande og ryddig med ei eiga gjennomføringslov for traktaten, slik ein har for ein del andre internasjonale konvensjonar, for å sikre gjennomføring av det inspeksjonssystemet som traktaten set opp, og dessutan pliktene til å forby alle handlingar som er i strid med traktaten, samt pliktene til å setje i verk dei tiltaka som er naudsynte for å nå måla i traktaten.

I kap. 2. i proposisjonen vert det gjort nærare greie for tilhøvet til gjeldande rett.

I kap. 3 om administrative og økonomiske konsekvensar av lovutkastet vert det m.a. halde fram at konsekvensane truleg vert svært avgrensa.

I kap. 4 som inneheld kommentarar til lovutkastet, vart det m.a. synt til at Justisdepartementet i sitt høyringsbrev har gjeve uttrykk for at det kan vere føremålstenleg å utarbeide ei samla lov om prøvestansavtalen, kjemivåpenkonvensjonen, landminekonvensjonen og eventuelt òg CFE-avtalen. Dersom dette ikkje vert gjort i samband med prøvestansavtalen, føreset Justisdepartementet at det vert vurdert og om mogleg føreslege ved neste gjennomføring i norsk rett av ein tilsvarande konvensjon.

Komiteen sine merknader og tilråding

Komiteen har ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om gjennomføring av Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar.

§ 1

Det er forbode å gjennomføre prøvesprenging av kjernevåpen eller anna kjernefysisk sprenging i strid med Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar av 10. september 1996.

Kongen får fullmakt til å gje nærare føresegner og einskildvedtak for å oppfylle Noreg sine plikter etter traktaten.

§ 2

Dei personane som etter traktaten skal ha immunitet og privilegier, får utan hinder av norsk lov immunitet og privilegier i samsvar med føresegnene i denne traktaten.

Kongen kan gje nærare reglar for korleis føresegnene om immunitet og privilegier skal gjennomførast.

§ 3

Det kan setjast i verk inspeksjonar ovafor private, i samsvar med føresegnene i traktaten, herunder gjennomførast boring i grunnen.

Kongen kan leggje på grunneigaren eller andre rettshavarar slike plikter som trengst for at ein inspeksjon skal kunne gjennomførast.

§ 4

Denne lova gjeld også for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda.

§ 5

Den som forsettleg bryt denne lova eller føresegner eller påbod som er gjeve med heimel i lova, vert straffa med bøter eller fengsel i opptil fem år. Aktlause handlingar vert straffa med bøter eller fengsel i opptil to år. Medverknad blir straffa på same måten.

§ 6

Lova trer i kraft på det tidspunkt som traktaten trer i kraft.

§ 7

Frå den tid denne lova tek til å gjelde, vert det gjort følgjande endringar i Almindelig borgerlig Straffelov av 22. mai 1902 nr. 10:

§ 12 fyrste ledd nr. 3 bokstav f, g og h skal lyde:

f) skal være straffbar i henhold til FNs Havrettskonvensjon 10. desember 1982 artikkel 113 (skade på undersjøiske kabler og rørledninger),

g) er straffbar etter lov 17. juli 1998 nr. 54 om gjennomføring av Konvensjonen om forbud mot bruk, lagring og produksjon og overføring av antipersonellminer og om ødeleggelse av slike miner § 5, eller

h) er straffbar etter lov nr. XX 1999 om gjennomføring av Traktat om totalforbud mot kjernefysiske prøvesprengninger § 5;

Oslo, i utanrikskomiteen, den 19. mai 1999.

Haakon Blankenborg,leiar. Kjell Engebretsen,ordførar. Einar Steensnæs,sekretær.