Innstilling fra samferdselskomiteen om lov om endringar i lov 24. juni 1994 nr. 45 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap og om oppheving av lov 24. juni 1994 nr. 44 om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar etter lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn ved overgang til selskap utskild frå Televerket.

Til Odelstinget.

Sammendrag

I samband med omdanninga av forvaltningsbedrifta Televerket til statsaksjeselskap frå 1. november 1994, jf. St.prp. nr. 43 (1993-94) og Innst. S. nr. 163 (1993-94), blei det vedteke to lover:

  • Lov 24. juni 1994 nr. 45 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap (Innst. O. nr. 58 (1993-94), jf. Ot.prp. nr. 61 (1993-94)).

  • Lov 24. juni 1994 nr. 44 om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar etter lov av 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn ved overgang til selskap utskild frå Televerket (Innst. O. nr. 57 (1993-94), jf. Ot.prp. nr. 74 (1993-94)).

Regjeringa har i St.prp. nr. 58 (1998-99) bedt Stortinget samtykke i at verksemdene til Telenor AS og Telia AB blir slegne saman til eit nytt selskap i samsvar med avtalar som er framforhandla med den svenske staten. Det blir òg bedt om samtykke til å skyte inn staten sine aksjar i Telenor AS som den norske staten sin del av aksjekapitalen i det samanslegne selskapet, svarande til 40 pst. av aksjane i det nye selskapet, og til at det kan selgjast aksjar frå denne aksjeposten slik at den norske staten sin eigardel blir minka.

Med grunnlag i framlegget om eigedomsretten til aksjane i Telenor AS er det naudsynt å leggja fram forslag til endringar i lov 24. juni 1994 nr. 45 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap. Etter § 3 i lova skal staten eige alle aksjar i selskapet.

Som ein konsekvens av framlegga i St.prp. nr. 58 (1998-99) blir det i Ot.prp. nr. 49 (1998-99) gjort framlegg om at føresegna om at staten skal eige alle aksjane i Telenor AS blir oppheva. På same bakgrunnen blir det òg gjort framlegg om å oppheve § 6 i lova. § 6 omhandlar ymse personalspørsmål særleg knytta til mellombels førerett til anna statsstilling og overgang til den statlege ordninga med venteløn. Bakgrunnen for lova var krav om lovheimel for at dei aktuelle tilsette som etter overgangen ikkje lenger var offentlege tenestemenn skulle bli sikra visse rettar som fastsett av Stortinget i samband med handsaminga av St.meld. nr. 67 (1991-92) om omorganisering av Televerket, jf. Innst. S. nr. 25 (1991-92).

Ved lov 24. juni 1994 nr. 44 om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar etter lov 4. mars 1983 om statens tjenestemenn ved overgang til selskap utskild frå Telenor, blei visse tilsette i Televerket sikra førerett til anna statsstilling og rett til venteløn i eit avgrensa tidsrom. Opphaveleg var tidsrommet tre år, men blei utvida av Samferdselsdepartementet (jf. Innst. O. nr. 58 (1993-94), jf. Ot.prp. nr. 61 (1993-94)) til 31. oktober 1998. Når dei tidsavgrensa rettane som lova handlar om no har opphøyrt å gjelda, har ein sett det som tenleg å gjere framlegg om å oppheve lova. Ei oppheving vil ikkje få noko å seie for dei som allereie har fått utløyst rettane.

Når det gjeld dei økonomiske og administrative konsekvensane som framlegget fører med seg, blir det vist til St.prp. nr. 58 (1998-99).

Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, viser til at konsekvensen av forslaget om sammenslåing av Telenor AS og Telia AB i St.prp. nr. 58 (1998-99) gjør det nødvendig å oppheve § 3 i lov av 24. juni 1994 nr. 45 om at staten skal eie alle aksjer i Telenor AS.

Videre er det nødvendig å oppheve § 6 i loven som ga tidligere ansatte i Televerket visse rettigheter ved omdannelsen til Telenor AS.

Flertallet har videre merket seg at rettigheter som de tilsatte fikk beholde ved lov av 24. juni 1994 nr. 44, jf. Innst. O. nr. 58 (1993-94), og Ot.prp. nr. 61 (1993-94) opphørte pr. 31. oktober 1998.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at partiet i behandling av St.prp. nr. 58 (1998-99) gikk mot foreslåtte sammenslåing mellom Telenor AS og Telia AB.

Dette medlem viser til at det er flertall i Innst. S. nr. 197 (1998-99) for fusjon og delprivatisering. Dersom flertallsinnstillingen får flertall i stortingsbehandlingen, tar dette medlem det til etterretning med de konsekvenser det får for nødvendige endringer og oppheving av lover omtalt i Ot.prp. nr. 49 (1998-99).

Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i lov 24. juni 1994 nr. 45 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap og om oppheving av lov 24. juni 1994 nr. 44 om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar etter lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn ved overgang til selskap utskild frå Televerket.

I.

I lov 24. juni 1994 nr. 45 om omdanning av forvaltningsbedrifta Televerket til aksjeselskap blir det gjort desse endringane:

§§ 3 og 6 blir oppheva.

II.

Lov 24. juni 1994 nr. 44 om at tilsette i Televerket mellombels skal behalde visse rettar etter lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn ved overgang til selskap utskild frå Televerket blir oppheva.

III.

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 27. mai 1999.

Oddvard Nilsen,leder. Ellen Gjerpe Hansen,ordfører. Thorbjørn Merkesdal,sekretær.