Skatteloven § 18-2 første ledd fastsett
at skattytar som eiger kraftverk, eller som har rett til uttak av kraft,
skal svare naturressursskatt til dei kommunane og fylkeskommunane
som blir tilordna kraftanleggsformuen. Naturressursskatten blei
innført for å sikre kommunar og fylkeskommunar
stabile skatteinntekter, og ikkje for å auke skattebøra
for kraftforetaka. Av denne grunnen blei det innført rett
til å trekkje frå naturressursskatten «i
utlignet fellesskatt til staten», jf. skatteloven § 18-2
fjerde ledd.
Frå og med inntektsåret 1998 er aksjeselskap
og andre etterskotspliktige skattytarar berre skattepliktige til
staten, og skal ikkje lenger betale fellesskatt. Dette går
fram av ny § 3-3 i Stortinget sitt skattevedtak for inntektsåret
1999 som fastsett at etterskotsskattepliktige selskap og innretningar
skal svare skatt til staten med 28 pst.
Som følgje av dette foreslår departementet
tilføyingar i skatteloven § 18-2 fjerde
ledd, slik at bestemmelsen blir tilpassa dei endringane som skjedde
ved omlegginga til rein statsskatt for etterskotsskattepliktige.
Naturressursskatten vil etter dette komme til frådrag i
utlikna inntektsskatt til staten. For forskotsskattepliktige skattytarar
med plikt til å svare naturressursskatt vil den opphavlege
bestemmelsen framleis gjelde.
Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks,
og med verknad frå og med inntektsåret 2000. For
inntektsåret 1999 legg ein ikkje fram noko forslag om lovendring,
då skatteloven av 18. august 1911 nr. 8 blei oppheva ved
siste årsskifte.
Departementet legg til grunn at også skatteloven av
1911 § 19 A-2 nr. 4 må forståast
slik at for etterskotsskattepliktige skal naturressursskatten komme
til frådrag i utlikna inntektsskatt til staten for inntektsåret 1999,
jf. Stortinget sitt skattevedtak § 3-3.
Departementet viser til forslag til endring av skatteloven § 18-2
fjerde ledd.
Komiteen sluttar seg til Regjeringa
sitt forslag.