9. Økonomisk oppgjer etter grenseendringar

9.1 Samandrag

Økonomisk oppgjer mellom kommunar kan vere aktuelt ved grensejustering og deling. Ved samanslåing trengst det ikkje reglar om økonomisk oppgjer.

Kapittel 9 i proposisjonen omhandlar reglane om økonomisk oppgjer mellom dei aktuelle kommunar etter grensejustering og deling. Departementet legg til grunn at hovudmodellen framleis bør vere at kommunane sjølve blir samde om løysingar om slikt oppgjer med utgangspunkt i nokre lovfesta kriterium. Desse kriteria er i samsvar med innhaldet i gjeldande lov. Ein føreslår også å lovfeste at kommunane kan be Fylkesmannen om hjelp i slike forhandlingar, noko som er i samsvar med den praksisen som har utvikla seg etter gjeldande lov. Dersom kommunane/fylkeskommunane ikkje kjem fram til ein avtale om det økonomiske oppgjeret, føreslår departementet ei vidareføring av gjeldande system med at ei særskild skjønnsnemnd skal fastsetje det økonomiske oppgjeret. Det blir fremja forslag til visse endringar og klargjeringar med omsyn til oppnemning og verksemda i skjønnsnemnda/overskjønnsnemnda. Det viktigaste er at ein foreslår at nemndene blir nemnde opp for ein fireårsperiode med faste medlemmer.

Sjå §§ 18, 19, 20, 21, 22, 23 og 24 med nærmare omtale i kap. 12.

9.2 Merknader frå komiteen

Komiteen har ingen merknader.