12. Administrative og økonomiske konsekvensar

Stillingstrongen i den nye domstoladministrasjonen på om lag 65 personer vil bli dekt inn ved overføring av stillingar frå Justisdepartementet og RIFT.

Justisdepartementet reknar med at omstillingskostnadene vil kunne utgjere om lag kr 23 000 000. Under etableringsfasen er det vidare trong for omkring kr 6 000 000 til dekning av eingongsinvesteringar. Dei årlege driftskostnadene vert om lag kr 40 000 000. Av dette vil om lag kr 35 000 000 kunne overførast frå kap. 400 Justisdepartementet og kap. 410 Herads- og byrettane. Det vert foreslått at den nye domstoladministrasjonen vert etablert så raskt som mogleg, men det synest tidlegast å kunne skje i løpet av andre halvår 2002.

Den samla meirutgifta i samband med innføringa av ny handsamingsmåte for sakene om dommarutnemningar er sett til kr 500 000 pr. år.

Endringar knytt til dommarfullmektigar, ekstraordinære lagdommarar og tilkalla dommarar reknar ein med vil utgjere ein årleg meirutgift på 10-15 mill. kroner.

Domstoladministrasjonen sitt årlege arbeid med registrering og godkjenning av sidegjeremål er rekna å koste ca. kr 100 000. I tillegg kjem utviklingskostnader på kr 230 000.

Samla årleg kostnad til klage- og disiplinærordninga blir ca. kr 250 000.